Av svik kom mistru sigande

Publisert: 18. september 2022 kl 15.18
Oppdatert: 18. september 2022 kl 15.18

­

Det var like før jul då han ringde meg. Eg fekk ikkje med meg namnet med det same, men han sa han var den nye redaktøren for tidsskriftet Samtiden, og no ville han drøfte vinklinga av eit temanummer om det rurale. – Det er kanskje ikkje det temaet Samtiden har handsama mest oppgjennom åra, sa han, og det var som om han kunne lese tankane mine over smarttelefonen sin.

Men samstundes er det kanskje tidstypisk at nettopp Samtiden – denne ultimate identitetsmarkøren for den urbane middelklasseeliten – no brått skulle starte å bry seg med dei som har blitt att i grendene, dei som aldri reiste til byen. Eg meiner, me har då registrert det. Me har då sett alle desse kommentatorane, amanuensisane og professorane som har figurert i avisspaltene. Me har høyrt dei i dei langdryge debattprogramma i radioen der dei har snakka om eit distriktsopprør og trekt opp parallellar til både brexit, Trump og det som verre er. For kvar kommentar som har vorte skriven frå hovudstadens kulturelle og politiske elite, har det teikna det seg eit jamt tydlegare bilete av nokre innfule bygdetaparar som sit på verandaene sine ikledd brunspetta flanelltrøyer med jaktrifla i fanget. Den overordna bodskapen i kommentatorane sine spalter er at me har med ein hop tullingar å gjere, tullingar som ikkje veit sitt eige beste.

Sjølv har eg reist kringom i det meste av Bygde-Norge dei nær tjue åra eg har arbeidd som bygdeforskar, og det biletet kommentatorane teiknar, er eit bilete eg absolutt ikkje kjenner att. Men eg er samd i at noko skjer ute i bygdene, men kva er det for noko? Kva er dette bygdestyret? Kva er det som uroar bygdefolket?

DET TRENGST POLITIKK

Det var i 2004 at eg vandra kring om på eit lite øyvær med utsikt over Vestfjorden. Eg hadde ei utsett intervjuavtale med ein reiselivsentreprenør, så no gjekk eg berre rundt og drog ut tida i ein bitande kald motvind langs ein molo. Eg hadde vore her før, i ungdomen ein gong, på perm frå det militære. Då kom eg her for å oppleve det eg trudde var siste rest av norsk kvalfangst. Men no kan det sjå ut som at det eg opplevde då, var siste rest av eit lokalsamfunn.

– Ja, det har endra seg mykje sidan den gong. Den godt vaksne mannen stogga opp og såg beint på meg. Det var som han ville seie noko meir, men at han tok seg i å tvile på meg. – Kva var det du sa du gjorde her? spurte han. – Eg er her i samband med eit forskingsprosjekt om reiseliv, sa eg og såg på reaksjonen hans at det svaret berre styrkte tvilen som nett hadde råka han. – Ja, det er visst det alt skal handle om no – turistar og fritid, sa han med ei mine som oste av mistru til ei næring som alt då var løfta fram som den store lovnaden.

For meg var samtala med den pensjonerte kvalfangaren ei oppvakning. Sidan eg starta som bygdeforskar i 1999, var dette den fyrste djupe samtala om det eg der og då tenkte var ei opplevd skuggeside av reiselivet, men som eg seinare forstod var ein kritikk av «den nye distriktspolitikken».

Han fortalde meg om eit døyande lokalsamfunn som berre tjue år før hadde krydd av liv. Sist eg var her, på 80-talet, budde det over 400 folk her. Sjarkane låg tre i breidda framom kaia, og du kunne høyre høglydt bannskap og lått frå mottak og ekspedisjon. Det lét slik det gjer når folk er i arbeid, og det lukta stramt av fisk, diesel og salt sjø. Men i 2004 var det lite att av det som ein gong var, 180 menneske, og mange frykta at det som enno ikkje hadde forsvunne av næring, møteplassar, sørvisfunksjonar og velferdstenester, var venta å gjere det i nær framtid.

– Dette bøter ikkje reiselivet på aleine, sa den pensjonerte fiskaren. – Til det trengst det politikk, me treng distriktspolitikk og ein fiskeri­ politikk som sikrar at verdiskapinga frå fiskeriet kjem lokalsamfunnet til gode.

EI GJENKJENNING

Eg kjente att mykje av tankane til mannen på moloen, eg kjente dei att frå den tida då eg framleis budde heime på Flø. Frå 80-talet og dei åra då eg gjekk som skipselektrikar på eit av verfta i Ulsteinvik. Her som truleg på dei fleste arbeidsplassar vart det diskutert politikk, og sjølv om dei fleste av oss høyrde til om lag same klasse og stand, var me likevel langt frå samde frå sak til sak. Men på eit overordna plan var me nokså samstemte, for me såg alle ut til å bere på ei slags mistru til den politiske eliten. Me såg ut til å sakne ein særskild type politikarar, slike som hadde «føtene planta på jorda». Nokre som snakka om det som vedkom oss, nokre som kunne trekke opp referansar som me kjente oss att i. Men i staden var det i all hovudsak andre politikartypar som vaks fram då mot slutten av 80og fyrst på 90-talet, slike som hadde lært seg sjangeren. Slike som hadde gått gradene på heilt andre stiar enn dei politikarane før dei hadde gått. På reinare og rettare stiar, dei hadde vore aktive i ungdomspartia og studert statsvitskap og kanskje også økonomi på høgskular og universitet, dei hadde lært politikarfaget frå skulebenken snarare enn frå dreiebenken før dei vart tatt med inn i moderpartiet og vidareutvikla som fagpolitikarar.

Det var ikkje tvil om at dei kunne politikk, men dei kunne det på ein annan måte. Av og til kom dei på besøk, mest for å halde ei tale. Dei kom, snakka og gjekk, men dei trefte oss dårleg med det dei sa. Av og til kom dei som bar den gamle ånda i seg, dei som kjente koden, språket, og visste korleis dei skulle nå oss. Me kunne kjenne at me vart løfta, me kunne kjenne at dei trefte noko i oss. Eg hugsar sjølv opplevinga av å høyre Norsk jern og metall-kjempa Lars Skytøen frå talarstolen, sveisaren frå Kaldnes i Tønsberg, det var som song for ein ung industriarbeidar, og det gav meg tru. Nokre år seinare fortalde andre meg at dei kunne få same kjensle av å høyre Carl I. Hagen, i alle fall sa dei det. Sjølv om få av oss trudde han nokon gong hadde halde i eit sveiseapparat, så snakka han i alle fall makta midt imot. Og kanskje var det det som appellerte så sterkt, kanskje var det motstanden han ytte, som var det som gav slik gjenklang kringom i landet, og kanskje særleg på Sunnmøre.

EIT SKIFTE I POLITIKKEN

Eg tenkjer det skjedde eit skifte i politikken som vart synleg på 80-talet ein gong. Eg er ikkje historikar nok til å eigentleg vite kva det skiftet var, og heller ikkje nøyaktig når det inntrefte. Men eg er gamal nok til å vite at det var då eg fyrste gong tenkte at noko var i ferd med å skje.

I ettertid, etter at eg sjølv har gått mine år på universitetet, veit eg at Berge Furre omtalar 80-talet og inngangen til 90-talet som «marknadens år». Og han dreg opp klare kontrastar til dei fyrste par–tre tiåra etter siste verdskrig og perioden han omtalar som «den sosialdemokratiske orden». Typisk var den perioden prega av blandingsøkonomisk kompromiss og sterk tru på infrastruktur og regulering. Og det distriktspolitiske medvitet, med anar langt attende til den tidlege industrialiseringa i kjølvatnet av striden kring konsesjonslovene, var framleis levande hjå politikarane våre. Sameleis som den legendariske «georgianisten» Johan Castberg skreiv dette:

Man skal til det ydterste utnytte anledningen til at søke at styrke disse mer afsidesliggende og karrig utstyrte distrikter ved at la dem få en rundelig andel i de værdier som skapes indenfor deres grænser (...) Man tar værdierne ut av distrikterne og fører dem på tråd ned til industrcentrerne og byerne, tømmer bygderne, tømmer landdistrikterne, særlig fjeldbygderne, får deres værdier uten vederlag og det er absolut urigtig.

(Stortingsdebatten om konsesjonslovene av 1917 sitert i NOU 2012: 9, s. 70 ).

Så låg det også ei sterkt moralpolitisk forankra omsut for distrikta og distriktsbefolkninga bak avgjerda fyrst på 70-talet om å bygge opp ein fastlands oljeindustri for å bøte på situasjonen for den kriseråka Stavanger-regionen og den mekaniske industrien på Vestlandet.

Men frå sist på 80-talet og framover på 90-talet kan det synast som distriktsomsuta vart skyvd meir og meir i bakgrunnen for næringspolitikken. Og sjølv om Furre vegrar seg for å gi epoken som han såg teikne seg, eit ordensnamn på linje med epoken før (den sosialdemokratiske orden), tillèt eg meg å døype denne epoken for «den nyliberalistiske orden». Og den nyliberalistiske orden er seig, den lever enno den dag i dag og er prega av naive dogme som laissez-fair økonomi, privatisering, skattelette, deregulering, frihandel og reduksjon i offentlege utgifter.

EIN NY DISTRIKTSPOLITIKK

I 1992 vedtok Stortinget å slå saman Distriktenes utbyggingsfond, Industrifondet og Småbedriftsfondet til Statens næringsog distriktsutviklingsfond (SND). Og stortingsmeldinga med den historiske tittelen «By og land hand i hand»St. meld. nr 33. 1992–93. By og land hand i hand. Om regional utvikling, Kommunalog regionaldepartementet., vert av Håvard Teigen halden fram som ei melding «av stor historisk interesse fordi den særnorske distriktspolitikken blir avvikla med denne meldinga» (Teigen 1999, s. 199).

Mot slutten på 90-talet og framover på 2000 talet vart mykje av næringspolitikken inngjerda av EØS-avtala, og moglegheita til å ta i bruk klassiske næringspolitiske verkemiddel som billig kreditt, rimeleg kraft, rentefrie lån og andre støtteformer i krisetider var mykje godt fjerna. Det me gjerne omtalar som globaliseringa, gjorde seg med andre ord stadig meir gjeldande for store delar av næringslivet, også i distrikta. Ein jamt tettare økonomisk, politisk og kulturell integrasjon med Europa og til dels også resten av verda avgrensa rommet for tradisjonell næringspolitikk, og etter kvart vart også bygdene innhenta av jamt meir nyliberale strøymingar som starta å prege lokalsamfunna.

Sjølv i ein periode då det gjekk så det grein i AS Noreg, altså dei siste tre–fire åra før finanskrisa i 2008, mista dei minst sentrale kommunane meir enn 6000 innbyggarar. Det trass i at me hadde ei sjølverklært distriktsvennleg raudgrøn regjering. 210 av landets då 430 kommunar krympa betydeleg i denne perioden. Og frå at dei hadde husa meir enn halvparten av den norske befolkninga sist på 80-talet, budde no nær seks av ti nordmenn i, eller rundt, dei største byane våre ved inngangen til 2008.SSB Statistikkbanken. Enkelte regionar og lokalsamfunn merka endringane tydeleg framover på 2000-talet. Der nokre – mellom anna skipsverfta heime i Ulstein – har klart seg bra som følgje av at eigarane har insistert på å utvikle verksemdene sine lokalt, har andre lokalsamfunn formeleg blitt slakta. Og det som tidlegare var av produksjon, er flytt til delar av verda der kostnadane og kanskje også skattane er lågare.

Men dei lokale eigarane har sine utfordringar. For knapt nokon vil arbeide i industrien lenger, i dag drøymer ungdomen om å «bli noko innan kultur og media», og den som skulle ha interesse av å lære seg til fagarbeidar i industrien, vert mesta diagnostisert som viljelaus av skulerettleiarar og andre som stiller seg i kø for å råde ungdom frå å gjere slike fatale val. Løysinga for dei stadeigne industrieigarane vert import av arbeidarar frå EØS-landa. Så «Jentan på fileen» som Berlevåg mannskor song om ein gong, har forlengst pakka saman og blitt erstatta av flyktige arbeidstakarar formidla av spesialiserte bemanningsbyrå. Også i min heimlege skipsindustri er det i dag jamt færre lokale arbeidarar att på golvet. På den måten vert dei produserande næringane våre distanserte frå lokalsamfunnet dei er ein del av, lokale ungdomar utdannar seg ut av bygdene så vel som Distrikts-Noreg. Og alt saman bidreg til å endre næringane våre likeleis som lokalsamfunna.

Store strukturendringar, særleg i fiskeriet, har hatt omfattande lokale ringverknadar som har gjort eit hopetal bygdefolk kringom i landet vel så uroa som mannen eg trefte på moloen mot Vestfjorden. Alle har dei uroa seg for det dei såg som ei utarming av lokalsamfunna sine. Felles for alle er at dei er fest til heimstaden og lokalsamfunnet dei er ein del av, og alle har dei ei grunnleggande stadeigen interesse for å framleis vere ein del av det. Og i takt med at «den store distriktspolitikken» – som har vore berebjelken i norsk bygdepolitikk i fleire tiår – er i ferd med å rakne, er det no «den vesle distriktspolitikken» bygdene lyt sette sin lit til. No skal bygdene byggast med prosjektpengar.

Overalt framover på 2000-talet kunne me lese reportasjar og portrettintervju med unge nytilsette prosjektleiarar som arbeidde med å gjere bygdene attraktive for tilbakeflyttarar og kontraurbane nyutdanna småbarnsfamiliar. Den politiske motkulturen som prega den kontraurbane bygdetilflyttaren på 70-talet, var no erstatta av det Anne Viken (2009) kallar «glatt medkultur, puddersnø og snøbrett» i sin bitande kritikk av Sogn og Fjordane si satsing på tilog tilbakeflyttarar. Den ibuande bodskapen åt dei mange tilbakeflyttarprosjekta kringom i landet var: Er du ressurssterk og har overskot, flytt til distriktet. På linje med middelmåtige reiselivsbedrifter prøvde BygdeNoreg å selje seg ved hjelp av Innovasjon Noreg-finansierte reklamepakkar som spelte på lett underhaldning linka til friluftsliv og avslapping.

Bakgrunnen var ein politikk der naturså vel som kulturverdiane vart vektlagt som jamt meir viktige innsatsfaktorar for nye næringar. Det var ein politikk tufta på eit ønske om å legge til rette for kreative verksemder over heile landet og med det skape lokalsamfunn som vart opplevde som meir attraktive, særleg for dei unge. Stikkorda var opplevingar, identitet og distingverande symbol. Eller som ho sa, dåverande kommunalog regionalminister Åslaug Haga, då ho presenterte regjeringa sin handlingsplan for kultur og næring i juni 2007: «Ved å satse på næringsutvikling som også er basert på kultur, opplevelser og fritid så vil dette være med å gi identitet og attraktivitet til et sted. Kultur og opplevelser betyr mye for folk, uansett hvor i landet en bor.»Handlingsplan Kultur og næring (2007), Næringsog handelsdepartementet, Kommunalog regionaldepartementet, Kulturog kirkedepartementet, Oslo. Haga hadde også varm støtte frå både næringsminister Dag Terje Andersen og kulturminister Trond Giske, som båe hadde arbeidd saman med Haga om å utforme handlingsplanen.

INDIVIDUALISERING AV ANSVARET FOR EIGEN SUKSESS

Dette vart den nye distriktspolitikken, og den må forståast som ein del av noko større. Den heng nært saman med det som vert kalla det kulturelle skiftet i samfunnsfaga, og gjennomsyra også tenkinga til akademikarane og det meste av kunnskapsleverandørane for dei distriktspolitiske aktørane.

Mot slutten på 90-talet kom altså den før så materielt orienterte distriktspolitiske debatten til å orientere seg meir og meir om sosiale representasjonar. Inspirert av postmoderne teori om det nye forbruket såg stadig fleire ei von i at den symbolkonsumerande middelklasseforbrukaren, med frie yrke og meir pengar og ferie enn kva godt var, skulle legge sin elsk på det rurale. Forskarar og rådgivarar meinte bønder, fiskarar og distriktsbefolkninga burde utnytte det dei såg som nisjar i marknaden, og starte å «fortelje dei gode historiene» og «pakke inn» produkta sine i stadeigne miljøvennlege symbol. Det rurale skulle seljast, rurale tradisjonar, aktivitetar og kultur skulle gjerast om til varer og seljast på den nye marknaden, og bygdefolk skulle lærast til å stimulere forbrukarane sin hunger etter distingverande symbolprodukt.

Heilt i tråd med tidsånda og det postmoderne «kulturelle skiftet» vart altså bygdene freista gentrifisert og omgjorde til attraktive destinasjonar med bunadskledde servitørar som baud gjestane på lokale smaksbomber. Det tydelegaste skiftet i den nyliberalistiske orden var ei individualisering av ansvaret for eigen suksess. Næringslivet vart fri frå det distriktspolitiske åket, og ute i bygdene fekk prosjektmakarane ansvaret for bygdeutviklinga.

DEI DØYR LANGSAMT

I løpet av dei godt og vel hundre siste åra i vår historie har me altså gått frå ein moralpolitisk forankra distriktspolitikk, via ein distriktspolitikk i partipolitisk spel prega av blandingsøkonomiske responsar på politiske og marknadsmessige utfordringar og inn i ein nyliberalistisk orden der staten, ja endåtil regionane, har arbeidd iherdig med å fråskrive seg ansvaret for bygdeutviklinga og overlate ein jamt større del av arbeidet til lokalsamfunna, dei enkelte lokale næringsaktørane og til bygdefolket sjølve. Med nedtona distriktspolitikk, profesjonaliserte politikarar og ei aktiv degradering av nasjonalstaten til fordel for internasjonale avtaler og globale aktørar kom sviket som fôra ei veksande mistru kringom i distrikta der folk vitna konsekvensane med eigne auge.

Og det er i denne konteksten at me lyt forstå «mannen på moloen» og ei heil rekkje andre bygdefolk eg har snakka med dei siste åra. Det vere seg ein mjølkebonde i Telemark, ein sauebonde i Nord-Østerdalen, ein frisør i Gudbrandsdalen eller ein industriarbeidar i Sogn og Fjordane, alle står dei med andletet retta mot si eiga bygd, sitt eige lokalsamfunn og dei kringliggande grendene, og dei ser at dei døyr langsamt. Dei har kjent skifta i distriktspolitikken på kroppen, lokale fiskemottak til liks med meieri, slakteri, båtbyggeri og «you name it», som det heiter i dag, forsvinn saman med butikkar, skular og helsestasjonar. Og det einaste dei vert tilbydde, er ei stortingsmelding som fortel at dei skal gjere kultur, opplevingar og fritid om til næring. Og dei opplever det altså som eit svik. Den hundre år gamle lovnaden om at bygdene og byane skulle vekse i lag, vart broten, og brotet har skapt ei mistru som det skal meir enn ei reiselivsmelding til for å vøle.

none

Men likevel bøyer dei ryggen og tek tak i det dei kan ta tak i. Dei satsar kapital og helse på å utvikle nye reiselivstilbod, dei investerer millionar i påkravd lausdriftsfjøs og kjøper torskekvote til ågerpris. Dei går i partnarskap med FoU-aktørar frå heile landet og dreg opp prosjekt for utvikling av innovativ sveiseteknologi og nye metodar for resirkulering av avfall frå bygg og anlegg. Alt dette og meir til er det eg ser når eg reiser kring i grendene, men på fjernsynet står dei debattvillige forståsegpåarane og snakkar om at bygdene må omstille seg.

Dei ber ikkje om råd om omstilling, dei ber berre om at me ser at det er nett det dei driv med. Kvar einaste dag driv dei omstilling, kvar einaste dag arbeider dei jamt og trutt med å skape verdiar, arbeidsplassar og velferd kringom i heile landet. Dei produserer materialitet – mat og varer for eksport ut av bygda. Og dei produserer plenty av kollektive gode – kulturlandskap, biologisk mangfald, matvaresikkerheit og levande bygder – som me byborgarar kan nyte på veg til millionhyttene våre som me har spreidd langsetter strandsonene og midt i seterdalanes beste sauebeite.

Men me vil ikkje sjå dei. Me avviser arbeidet dei gjer og uroa dei kjenner. Me underkjenner bidraget deira så vel som kjenslene som ugyldig og kallar det «nostalgisk føleri». Me skuldar dei for å vere bakstreverske og for å meine at all endring er eit tap.

ME LEVER RASKT

Sjølve hevdar me å vere fri for nostalgi, me ser på oss sjølve som egalitære og meritokratiske, slike som har fortent den makta me har gjennom vår eigen overlegne intelligens og fornuft. Derfor legg me ned lokalsjukehus og fødestuer, me legg ned lensmannskontor og kallar det «nærpolitireform» og avviser alle lokale folkerøystingar som går imot kommunesamanslåing, og hevdar folk ikkje veit sitt eige beste. Me pålegg bøndene, som har synt oss ein større produktivitetsvekst enn knapt noka anna næring, at dei må bli meir effektive. Og lite gler oss meir når me sit i SUV-ane våre gjennom Østerdalen ein iskald vinterdag, at kanskje kan me få eit glimt av ein ulv på veg over Glomma-isen. Og skulle nokon av oss slumpe til med eit klartenkt forslag om å flytte ein statleg arbeidsplass eller to til ein «bortgøymd småby i distrikta», så overdøyver gnålet frå sentrum alt anna som måtte skje av nyhende i vekevis framover.

Men me lever raskt og farleg, me rotlause urbane sosialliberalistar. For enno vert det berre snakka om eit distriktsopprør, enno er det langt att før eit eventuelt opprør materialiserer seg i noko meir enn einast prat. Men nettopp derfor er det kanskje tid for å slakke på tempoet, kanskje er det tid for at me startar å sjå oss omkring, tid for å lytte. Kanskje vil det hjelpe oss til å på ny oppdage den gjensidige nytten mellom by og land og innsjå at om ein løftar blikket opp frå dei kortsiktige økonomiske modellane, så har kanskje distrikta ein eigenverdi på lik linje med sentrum.

 

LITTERATURLISTE

NOU 2012:9 Energiutredningen – verdiskaping, forsyningssikkerhet og miljø, Oljeog energidepartementet. Statens forvaltningsteneste, Oslo. Håvard Teigen: Regional økonomi og politikk, Universitetsforlaget, 1999. Anne Viken: «Den store image-strabasen», Syn og Segn 2/2009: 40–48.