«Samtiden skal kaste lys over ethvert spørsmål – uden hat»
Gerhard Gran, grunnlegger 1890
Bjørn Egil Flø er forsker ved NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi), divisjon for matproduksjon og samfunn. Du kan lese tekstene hans på bloggen Rurale refleksjonar: bjornflo.com.
Bygdene er i opprør, seiest det. I alle kanalar og i alle spalter ropar dei om at det er eit distriktsopprør på gang. Sjølv har eg sett det lenge, eg har høyrt misnøya kringom der bygdefolk møtest, og eg har prøvd å forstå kva som uroar bygdefolket så kraftig.