Det Norske Teatret: Skeiv tematikk på dagsordenen
Martine Næss Johansen ønskjer med si vising Skeive skikkar/Stolte riter, basert på eigne tekstar, å rette fokus mot fråveret av overgangsriter og skikkar for dei som kjenner annleis enn majoritetskulturen.
Spire
To prosjektvisingar i løpet av ein kveld
VISINGAR 4. - 7. OKTOBER
PÅ ROMMEN SCENE
Ho vil også postulere nokre forslag til korleis dette kanskje kan vere.
Jae Nyamburah vil i «I K K J E E I T E M N E» ta utgangspunkt i både eigne og andres tekstar for å ta opp behovet for å sette merkelappar på folk. Hovudpersonen i visinga hennar ønskjer å vere den ho er - kle seg som ho vil og oppføre seg som ho vil - men utan å bli sett i bås.
LES MEIR: - Å kome inn i eit miljø du ikkje kjenner kan vere skremmande. Det som frå utsida verkar liberalt, tolerant og ope, kan vise seg å vere vanskeleg å navigere i, seier Jae Nyamburah.
Begge visiningane er del av Det Norske Teatret i Groruddalens prosjekt for å utvikle nye kvinnelege regitalent med minoritetsbakgrunn.
– Det er ingen løyndom at kvinnelege regissørar er mangelvare i teateret. Det er heller inga stor overrasking at kvinner med minoritetsbakgrunn faktisk omtrent ikkje eksisterer i norsk teaterhistorie. Gjennom regiprosjektet Spire ønskjer vi å gjere noko med dette, seier kunstnarleg leiar for Det Norske Teatret i Groruddalen, Belinda Braza.
Spire-visingane er ei vidareføring av Spire-prosjektet frå i vår, der Nyamburah og Næss Johansen prøvde seg som regissørar for første gong.