Vil dele Olav H. Hauges tankar og sitat om hans uro for naturen
Kvifor har du skreve denne boka?
– Gjennom arbeid med tekstar om Olav H. Hauge, fann eg at han stadig var uroa for naturen. Ville dela hans tankar og sitat. Eg hadde også behov for å læra meir og setja oss sjølve inn i samanhengen med det pågåande klimaproblemet.
Kva er de viktigaste poenga i boka?
– At vi står i ein samanheng med resten av verda og at klimaproblematikken krev deltaking. Vi er opplærte til å tru at naturen verkar uavhengig av oss menneske. Det er ikkje slik. Samspel med naturen gjev meining, glede og ansvar.
Kva nye synspunkt eller teoriar presenterast?
– At nærkontakt med naturen skaper auka forståing. Sigurd Hverven og Arne Næss med flere sine tankar er nytta i tillegg til Olav H. Hauge.
Kva utfordringar møtte du under arbeidet med bokprosjektet?
– Eg har skrive eit essay. Teksten er derfor personleg og engasjert. Det kan vera ei utfordring i møte med lesarane.
Kva vil du oppnå med boka?
– Eg håpar at teksten opnar for å sjå heilskapleg på klimaproblemet. Vår plass i den store samanhengen betyr ansvar og handling heile tida. Det kan ikkje isolerast til dato på oljestans eller motstand mot vindmøller. Sjølv om det også er viktige engasjement.
Kva vil du at lesaren skal sitje igjen med etter å ha lest boka?
– Eg håpar at lesaren har kjent seg att og føler engasjement i staden for å bli resignert. Eg håpar også at lesaren har hatt glede av Olav H. Hauge sine presise og poetiske observasjonar. Tekstane hans er ofte vakre og fleire dikt er siterte av både han og andre. Eg håpar også at glede, poesi og kjærleik til naturen skal vera ei kjensle ein sit att med.
Kan du nemna éin person du håpar les boka – og kvifor?
– Bror min, Gunnar, som delte opplevingane i barndommen som er skildra i boka.
Finst det ei bok du vil anbefale andre å lesa – og kvifor?
– Sigurd Hverven, Naturfilosofi. Ei aktuell og god innføring om klima/ kontakt med naturen.
Kva forfattar har betydd mykje for deg – og kvifor?
– Dag Solstad. Bøkene hans har ofte hatt eit kritisk blikk inn på kulturen.
Kvar hentar du informasjonen om nye bøker frå?
– Aviser
Kva er det viktigaste du har lært under koronapandemien?
– Det er eit vanskeleg spørsmål då krisa ikkje er over. Eg håpar at vi har lært å sjå krisa i ein større samanheng. Vi bør ikkje gløyma krisa, men læra av ho. " Meir kortreist og lokal. Mindre langreist og global" er det nærliggjande å tenkja.
Om du måtte velge?
Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård
Espresso – Filterkaffe
Musikk – Podkast
Avis på papir – Avis på nett
Skavlan – Lindmo
Dagens Næringsliv – Klassekampen
Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen
Lese bok – Høyre bok
Sakprosa – Skjønnlitteratur
Film på kino – Film heime
Ved sjøen – På fjellet
- Yrke: Forfattar
- Utdanning: Litteraturvitskap, Samfunnsfag, Psykologi og pedagogikk
- Bustad: Sunde i Sunnhordland
- Aktuell med: «Olav H. Hauge og trea. Om å sjå naturen og klimakrisa no»
- Forlag: Efrem Forlag
- Sidetal: 143