Illustrasjonsbilde: REUTERS / Victor Fraile / VF / WS.

Utsleppa går opp sjølv om vitskapen og politikarane veit dei må ned

Publisert: 10. mars 2023 kl 14.36
Oppdatert: 13. mars 2023 kl 11.55

Jon Naustdalslid er statsviter og fagbokforfatter. Han har arbeidet innen akademia og har blant annet vært leder for Norsk Institutt for by- og regionforskning. Han har gitt ut boka «Klimatrusselen – krise for demokratiet?»

 

«Listen to the science!» («Lytt til vitskapen!») appellerer den svenske klimaaktivisten Greta Thunberg til politikarane. Problemet er berre det at det har faktisk politikarane gjort. Dei har nettopp lytta til klimavitskapen og teke klimaproblemet på høgste alvor. Det finst knapt noko anna globalt problem der vitskapen i så stor grad har fått setje rammene for politikken.

Allereie i 2001 kunne den amerikanske geografen David Demeritt med undring slå fast at klimavitskapen på rekordtid hadde kome til å forme politikken:

The speed with which scientific knowledge of climate change has been translated into international diplomatic consensus is remarkable, if not unpresedented. It is testimony to the authority of science to provide legitimacy of political action. (Demeritt, 2001, s. 307)

Den samfunnsvitskaplege klimalitteraturen er òg nokså samstemt i at klimavitskapen har lykkast godt med å setje klimaproblemet på den globale politiske agendaen (Grundmann & Rödder, 2019, s. 3884). l meir enn tretti år har dei fleste politikarar (rett nok med nokre tunge unntak) akseptert klimavitskapens bodskap om at verda står overfor ein menneskeskapt trussel om global oppvarming som vil kunne endre vilkåra for livet på jorda dramatisk dersom ikkje utsleppa av klimagassar kjem under kontroll. Ikkje noko anna globalt problem har fått tilnærma same politiske merksemd. I meir enn 50 år, sidan FN si store miljøkonferanse i Stockholm i 1972, har klimaproblemet stått på den globale agendaen.

I 1988 etablerte Den internasjonale meteorologiorganisasjonen og FNs miljøorganisasjon FNs klimapanel (IPCC). Den første IPCC-rapporten kom i 1990. Miljøtoppmøtet i Rio i 1992 etablerte FNs klimakonvensjon (UNFCCC) som i sin tur la grunnlaget for dagens globale klimapolitikk med Kyoto-protokollen i 1997. Framimot 200 land har slutta seg til Klimakonvensjonen. Sidan har leiarar frå desse landa kome saman kvart år for å følgje opp avtalen i dei såkalla COP-møta (Conferences Of the Parties). Etter det mislykka forsøket på å fornye Kyotoprotekollen i København i 2009, lykkast det til slutt å få semje om ein ny avtale i Paris i 2015.

IPCC har så langt produsert seks omfattande rapportar om klodens klimatilstand basert på ein global forskingsinnsats som saknar sidestykke. Den siste delrapporten om vilkår og tiltak for reduserte utslepp kom i april i 2022. Og kvar gong verdas leiarar samlast, er dei først og fremst samde på eitt punkt: Situasjonen er meir alvorleg enn nokon gong. Ambisjonane må hevast! Vi må sette oss høgare og meir ambisiøse mål for kutt i utsleppa!

Mykje har rett nok vore gjort for å snu utviklinga. Vi veit ikkje kvar vi hadde vore i dag utan innsatsen for å bygge ut fornybar energi, legge om til utsleppsfri transport, stimulere til energisparing, og andre tiltak. Men etterspørselen etter energi har auka raskare enn det klimatiltaka har kunne kompensere for, og bruken av karbonbasert energi har auka raskare enn utbygginga av utsleppsfrie energikjelder. Frå 1990 til 2021 auka det samla energikonsumet i verda frå i overkant av 90 000 TWh til ca. 165 000 TWh. Utsleppsfri energi (inkludert kjernekraft) er rett nok meir enn dobla frå ca. 13 000 TWh til meir enn 28 000 TWh. Men mens karbonbasert energi stod for ca 70 000 TWh i 1990, var det tilsvarande talet over 136 000 TWh i 2021.[i]

Den globale strategien for å kontrollere og styre utsleppa har med andre ord langt frå nådd dei måla som verdas politikarar har sett seg. Utsleppa har ikkje gått ned. Tvert om. Utsleppa har gått dramatisk opp. l 1990 var dei globale utsleppa i underkant av 23 milliardar tonn per år. Med unntak for to knekk i kurva, for finanskrisa i 2008/09 og korona-pandemien 2020/21, har kurva over utslepp jamt og sikkert peika oppover år for år. l løpet av dei sju åra etter at Parisavtalen blei vedtatt i 2015 har utsleppa, trass i korona-avbrekket, auka med 5 prosent, og er ved utgangen av 2022 på ca. 37,5 milliardar tonn.[ii] Ved utgangen av året låg 2022 an til å blir det året i historia med mest CO2-utslepp frå kol.

l denne artikkelen drøftar eg  kvifor den globale klimapolitikken har mislykkast. Kvifor har utsleppa berre halde fram med å gå opp, jamt og trutt, trass i at verdas politikarar heilt sidan tidleg på 1990-talet har lytta til klimavitskapen og vore samde om at den globale oppvarminga er den størst trusselen mot livet på kloden og at utsleppa må ned?

Klimastrategien: om å tale sanning til makta

La oss starte med å sjå på sjølve strategien. Etter mønster av andre globale miljøproblem, som sur nedbør og uttynninga av ozonlaget, blei klimaproblemet definert som eit utsleppsproblem. Utfordringa, slik klimaforskarane såg det, var difor å få ned utsleppa. Det er dette politikarane har lytta til. Klimaproblemet som vitskapleg problem blei eit spørsmål om å dokumentere og synleggjere utsleppet av klimagassar og den dystre klimaframtida dersom utsleppa fekk fortsette, slik at politikarane og samfunnet skulle innsjå alvoret og gjere det som var naudsynt for å få ned utsleppa. Berre kunnskapen var tilstrekkeleg eintydig, så ville politikarar og folk flest forstå alvoret i problemet og gjere det som var naudsynt for å løyse det, var tanken (Hulme, 2015b).

Dette blir gjerne referert til som det lineære synet på forholdet mellom kunnskap og handling. Kunnskap fører til handling (Grundmann, 2009; Storch et al., 2011). Vitskapens rolle er å skaffe fram objektiv, valid og eintydig kunnskap. Kunnskapen dannar grunnlaget for politikken ved at politikarane omset kunnskapen til handling. Den vitskaplege sanninga inneheld «det gode». Det er eit spørsmål om å tale sanning til makta (speak truth to power), slik dei amerikanske kvekarane formulerte det i den kjende frasen frå midt i 1950-åra. Modellen forutset at det eksisterer ei direkte kopling mellom vitskaplege fakta og korrekt politikk. Oppgåva til politikarane er å formulere og gjennomføre den optimale vitskapsbaserete politikken (van der Sluijs et al., 2010).

IPCC har allereie frå den første rapporten i 1990 bygd på eit slikt lineært syn på forholdet mellom kunnskap og handling. Ein av forfattarane bak den første IPCC-rapporten i 1990, Sir John Houghton, sa då han presenterte rapporten, at han kjende seg trygg på at den ville utgjere det naudsynte, solide, vitskaplege grunnlaget for at dei forhandlingane som var under vegs for å møte klimaendringane ville vere tilpassa dei problema ein stod overfor.[iii]

Heilt sidan denne første IPCC-rapporten har det lineære perspektivet prega måten samfunnet har angripe klimaproblemet på. Samtidig er det ikkje så merkeleg at spørsmålet om kunnskap har komme til å stå sentralt i klimadebatten. Dei første åra var det opplagt viktig å bygge opp kunnskapen om at vi faktisk står overfor eit globalt oppvarmingsproblem. Til liks med andre «moderne miljøproblem», er ikkje klimaproblemet synleg utan hjelp av vitskapen (Naustdalslid, 2011, s. 244). Klimaproblemet er «konstruert» av klimavitskapen i den forstand at utan den vitskaplege kunnskapen om samanhengen mellom menneskeskapte  utslepp av CO2, andre klimagassar, ville vi ikkje visst om den globale oppvarminga og klimaendringane, eller kopla den til vår menneskelege aktivitet. Vi kan ikkje sjå den globale oppvarminga eller klimaendringane. Vi opplever berre vêret. Utan klimavitskapen hadde vi ikkje visst at når vi er utsette for ekstreme hauststormar, flaum, ras eller ekstrem varme og tørke, er det (høgst truleg) utslag av menneskeskapte endringar av atmosfæren, og at risikoen er stor for at problema vil bli enda større i framtida. Dette er det klimavitskapen som fortel oss.

Klimaproblemet som forureiningsproblem

Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen, med oppfølginga i Paris, fell inn i eit mønster av internasjonale avtalar i 1980- og 1990-åra for å handtere presserande forureiningsproblem, og der vitskapleg kunnskap har vore avgjerande for å dokumentere problema (Prins & Rayner, 2007, s. v). For å få bukt med svovelutsleppa og den sure nedbøren vedtok FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE) Konvensjonen for langtransportert luftforureining (Convention on Long-range Transboundary Air Pollution (LRTAP) i 1979. Ein liknande avtale for reduksjon av utsleppa av nitrogenoksid (NOx), er Sofia-protokollen frå 1988.

Den viktigaste modellen for Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen, og den det oftast blir vist til, er likevel Wienkonvensjonen frå 1985 og Montrealprotokollen frå 1987. Aukande utslepp av klorfluorkarbon-gassar (KFK-gassar), først og fremst frå industriar som produserer kjøleutstyr som kjøleskap, djupfrysarar, klimaanlegg og som drivgass i sprayboksar, tæra opp ozonlaget i atmosfæren som beskyttar oss mot ultrafiolett stråling. Klimaproblemet og ozonproblemet blei på mange vis oppfatta som liknande typar problem. l båe tilfelle er det tale om utslepp som fører til skadelege endringar i den atmosfæren som beskyttar oss. l båe tilfelle er det òg tale om grenseoverskridande problem. Problema måtte handterast på tvers av landegrenser. Ikkje noko enkelt land kunne «løyse» dei, og den som eventuelt prøvde på det, ville bli møtt av «svarteper-mekanismen»: Han ville påføre seg sjølv kostnader og ulemper utan at problemet ville blitt løyst, fordi alle dei andre ville kunne halde fram som før.

Svaret på klimaproblemet er langt på veg ein blåkopi av svaret på ozonproblemet. Klimakonvensjonen frå miljøtoppmøtet i Rio 1992 følgjer også mønsteret frå Wienkonvensjonen sju år tidlegare. Den formulerer mål og ambisjonar om reduksjon av utslepp. Nettopp som i Montrealprotokollen, konkretiserte så Kyotoprotokollen målsettingane frå rammekonvensjonen og fordelte oppgåver og plikter på dei landa som sluttar seg til avtalen. Mønsteret er også umiskjenneleg samanlikna med dei andre internasjonale avtalane frå same perioden. Alle desse avtalane hadde det til felles at dei var internasjonale avtaler mellom statar, dei set mål for reduksjon av utslepp, og institusjonaliserte overvakingssystem som skulle følgje opp og kontrollere at det enkelte land levde opp til pliktene sine. Innafor desse rammene er det så den enkelte stats oppgåve å ta i bruk dei nasjonale politiske verkemidla som skal til for å oppfylle avtalen.

Bortsett frå Kyotoavtalen har desse internasjonale avtalane vore relativt vellykka. Dei har verka til å få ned dei utsleppa dei har tatt sikte på å redusere. Etter 30 år med 27 internasjonale rundar for oppfølging, og etter to nye globale toppmøte i København i 2009 og i Paris i 2015 for å revidere avtalen, er derimot verda ikkje berre like langt, men endå fjernare frå å realisere målet om å kontrollere og redusere utsleppa av klimagassar, og i å stanse den globale oppvarminga.

Klimaproblemet er eit vondarta problem

Det store spørsmålet, men det som sjeldan blir stilt, er kvifor det er slik. Kvifor ser dei andre internasjonale avtalane - dei som på mange vis var mønster for klimapolitikken - ut til lykkast rimeleg bra, mens klimapolitikken har vore ein fiasko? Den har blitt ein fiasko til dei grader at dei mest bekymra målar opp for oss eit globalt Armageddon som inneber at kloden vil bli ubebueleg for våre etterkommarar - ja, kan hende til og med for dei som er relativt unge i dag. (Hallam, 2019; Hickman, 2010; Wallace-Wells, 2019; Welzer, 2017). Den britiske klimaaktivisten, og ein av grunnleggarane av Extinction Rebellion, Roger Hallam, hevda i 2019 at mellom seks og sju milliardar menneske vil kunne komme til å miste livet på grunn av klimaendringane i løpet av dette hundreåret (Hallam, 2019, s. 13). No er rett nok ikkje dette «spådommar» med grunnlag i noko som liknar vitskap. Det skaper likevel grunnlag for ein ekstremistisk aktivisme som ikkje berre undergrev seriøse forsøk på å handtere klimaproblemet, men som i sin ytste konsekvens kan vere med å undergrave demokratiet (Naustdalslid, 2022).

Den ekstremismen vi ser gradvis vekse fram med tilvising til at klimaendringane ser ut til å vere ustoppelege, har rett nok ikkje noko svar på kva styresmaktene burde gjere, bortsett frå at dei må gjere «det som er naudsynt». «Demokratiet må gjerast til et reiskap for å verkeleggjere dei naudsynte endringane» (i klimapolitikken), skriv filosofen Arne Johan Vetlesen (Vetlesen, 2022, s. 107). I forkant av klimatoppmøtet i Paris i 2015 publiserte ei gruppe på 17 leiande akademikarar og miljøforskarar eit opprop gjennom Earth League over ting som politikarane «måtte gjere» («Earth Statement», 2015). Den utviklinga vi ser, og mangelen på framgang med omsyn til å få ned utsleppa, burde likevel fått dei styrande (men også seriøse miljø- og klimaorganisasjonar), både i Norge og i den globale klimapolitikken, til å spørje seg om den strategien verda har følgt i tretti år burde tenkast gjennom på nytt. Men det skjer ikkje. Verda held fram i det same sporet. Montrealprotokollens suksess vert halden fram som eit bevis for at det er mogleg å «løyse» problemet berre den politiske viljen er sterk nok.

Den 21. oktober 2019 hadde til dømes avisa Klassekampen ein kronikk, signert i fellesskap av representantar frå Naturvernforbundet, Natur og Ungdom, Greenpeace og Besteforeldrenes klimaaksjon, med tittelen Norges klimabombe. Kronikken innleier med følgjande ingress: «Da verden forsto at KFK-gassene ødela ozonlaget, faset vi ut produksjonen. Hva gjør vi med oljen vår?» Samanlikninga sviktar på så godt som alle punkt, men er ein glimrande illustrasjon på korleis klimaproblemet er ein heilt anna type problem enn ozonproblemet, sur nedbør, NOx-problemet og ei rekke andre utsleppsproblem. Det illustrerer også kvifor den strategien som har fungert rimeleg bra for desse utsleppsproblema ikkje fungerer for klimaproblemet.

Ozonproblemet og dei andre utsleppsproblema er meir eller mindre handterbare problem i den forstand at dei har ei løysing. Dei har identifiserbare årsaker og det finst verkemiddel og teknologi som kan fjerne problema. Dei er det Rittel og Webber ville kalla «tamme problem» (Rittel & Webber, 1973). Klimaproblemet, derimot, er kanskje det mest vondarta («wicked») problem som verda nokon gang har måtte gje seg i kast med. «Wicked», eller vondarta, problem har samansette og innvikla forklaringar og årsaker. Dei heng saman med mange andre problem i samfunnet. Dersom ein tar tak i ein del av problemet, fører det gjerne til problem og «kriser» i andre delar av samfunnet. Følgeleg har slike problem heller inga klar løysing. «Løysinga» må gjerne vere eit kompromiss mellom mange  og kryssande interesser (Naustdalslid, 2022a). Klimaproblemet er eit slikt problem.

Ozonproblemet, derimot, er eit «tamt» problem. Det er eit forureiningsproblem som kjem av utsleppet av ein bestemt type gassar. Problemet kunne lokaliserast tilbake til nokre få industriar i eit avgrensa tal (stort sett) utvikla industriland. Dei kjemikaliane som skaper ozonproblemet kunne relativt enkelt skiftast ut med andre stoff. Produksjonen av kjøleskap og fryseanlegg har kunne halde fram som før. Det blei ikkje lagt ekstra avgifter på kjøleskap og klimaanlegg. Folk måtte ikkje gje avkall på fryseboksane sine eller slutte å kjøpe sprayboksar for «å redde kloden». Det blei ikkje lagt avgift på av sprayboksar  eller klimaanlegg med KFK-gass for å gjere dei så dyre at produsentane måtte sjå seg om etter andre kjemikaliar i produksjonen.

CO2 er ikkje ei forureinande miljøgift slik som KFK-gassane. CO2 blir produsert gjennom naturens eige kretsløp og er avgjerande for alt liv på jorda. Utan CO2 ville jordkloden vore ubebueleg for menneske. Problemet er at vi menneske, gjennom vår bruk av karbonbasert energi og på andre måtar, produserer «for mykje» CO2 og dermed forstyrrar dette kretsløpet. Dei menneskeskapte utsleppa av CO2 kan tilbakeførst til så godt som all aktivitet i alle samfunn, industri, hushald, transport, matproduksjon - i praksis alt. James Lovelocks kommentar til Mario Molina, nobelprisvinnaren som først peika på farane ved KFK-utsleppa, er med andre ord «to the point»: «How unfortunate that there are not just six large companies making CO2 as there were with the CFCs.» (Lovelock, 2015, s. 3). Bortsett eventuelt frå dei få menneska på jorda som framleis lever som samlarar og jegerar, er kvart einaste menneske på heile kloden med på å bidra til utsleppa av CO2. Men også samlarane og jegerane slepper i alle fall ut minst eit kg CO2 kvar dag berre ved å puste, og talet på menneske aukar enn så lenge med om lag 80 millionar, eller om lag ein prosent, kvart år.

Montrealprotokollen er ein avtale for å få slutt på bruken av KFK-gassar i produksjonen. Parisavtalen rettar seg ikkje mot å regulere og redusere den karbonbaserte energien som ligg bak utsleppa av CO2. Det er ikkje ein avtale for å byte ut karbonbasert med utsleppsfri energi. Det er ein avtale som forsøker å regulere utsleppa frå bruken av karbonbasert energi. Avtalen handterer klimaproblemet som om CO2 hadde vore ein giftig gass som forureinar atmosfæren. Strategien bygger på at vi, ved at vi set kvoter for utslepp, skal tvinge fram ei omlegging av energiproduksjonen til utsleppsfrie energikjelder. Dersom vi verkeleg skulle samanlikne klimapolitikken med politikken for å få ned ozonutsleppa, måtte vi med andre ord ha angripe energiproblemet meir direkte, ikkje berre utsleppsproblemet. Klimaproblemet er med andre ord i grunn og botn eit energiproblem. Med dagens globale klimapolitiske strategi kjem ikkje Norge nærmare klimamåla sine ved å slutte å produsere olje og gass. Det blir ikkje regulert gjennom Parisavtalen. Men vi kjem nærmare klimamåla ved å elektrifisere produksjonen, og dermed berre sende utsleppa frå olje- og gassproduksjonen ut av landet.

Korleis eit problem blir definert, bestemmer langt på veg korleis det blir handtert. Det faktum at klimaproblemet heilt frå det blei sett på den globale politiske dagsordenen har blitt forstått og handtert som tradisjonelt - men veldig stort - miljø- og forureiningsproblem, er ein viktig grunn til at det har vist seg så umogleg å få ned CO2-utsleppa. Verdas leiarar har med andre ord mislykkast i å omsette det naturvitskaplege klimaproblemet til eit handterbart samfunnsproblem. Når dei gjennom det internasjonale avtaleverket har forsøkt å handtere dette utsleppsproblemet gjennom fordeling av kvoter og mål for utsleppsreduksjonar basert på modellproduserte «budsjett» for kor mykje CO2 som kan sleppast ut framover, har dei også tydd til eit populært politisk verkemiddel frå slutten av førre hundreåret, nemleg mål- og resultatstyring og New Public Management.

Målstyring av den globale temperaturen

Det er grunnprinsippa frå målstyring og New Public Management som har inspirert dagens klimapolitikk.[iv] Desse prinsippa seier at det er dei overordna politikarane - her politikarane på globalt nivå - som fastset mål og legg rammer for gjennomføring. Det globale målet blir så delt opp i delmål og fordelt nedover i systemet til dei einskilde land, som så igjen fordeler nasjonale delmål. Det kan til dømes vere mål for utsleppsreduksjonar i enkelte sektorar. Poenget er at desse måla, som i all målstyring, blir fastlagde politisk på toppen og fordelte, før det så vert opp til dei underordna ledda nedover i systemet å finne ut korleis dei i praksis skal realisere dei tildelte delmåla. Det andre grunnprinsippet, henta frå New Public Management, går ut på å ta i bruk marknadsmekanismen som styringsreiskap. Det kjem mest direkte til uttrykk i ordninga med kjøp og sal av klimakvotar.[v] 

Sjølv om dette er eit forenkla bilde, vil eg  påstå at nettopp New Public Management­ideologien er det skjelettet som den globale klimapolitikken bygger på. Det grunnleggande problemet er at verdas politikarar gjennom klimatoppmøta i Kyoto, København og Paris, og i dei årlege COP-møta, har mislykkast med å kopla saman mål med mekanismar for å realisere dei. Det gjeld først og fremst fordeling av delmål nedover i systemet. For å nå 1,5 gradersmålet er det berekna at utsleppa må reduserast med minst 45% fram til 2030. Dei målsettingane verdas land rapporterte in til COP-møtet i november 2022, låg an til å kutte mindre enn ein prosent. (Reliefweb, u.å.; UNDP, 2022) Det er dersom landa faktisk oppnår dei måla dei har meldt inn. Erfaringane til nå er at landa heller ikkje maktar å realisere dei måla dei sjølve har sett seg.

Det direkte paradoksale er at når politikarane har vore ute av stand til å bli samde om mekanismane for gjennomføring, har dei i staden gjort det enda vanskelegare for seg ved å heve ambisjonane og flytta grensa for global temperaturauke. Når dei i Paris innsåg at det ville vere umogleg å bli samde om ei fordeling av utsleppskutt, la møtet så i staden opp til ei «frivillig» ordning for å realisere det overordna målet for utsleppsreduksjon på 40 prosent fram til 2030. Ser vi på vår heimlege klimapolitikk, står den langt på veg fram som ein konkurranse i å sette høge mål for utsleppsreduksjon. Det politiske partiet som set høgst mål for utsleppsreduksjon, vinn klimakampen.

La oss dra det heile ned på jorda og sjå kva den overordna ambisjonen i grunnen går ut på. Uttrykt i eit nøtteskal går den ut på, gjennom ei ambisiøs form for global målstyring, å regulere den globale temperaturen. Utsleppsreduksjonane, endringane i folks matvanar, utviklinga av vindkraft, og så vidare, er berre verkemiddel for å nå det store målet: kontrollere den globale temperaturen. Dette starta i Kyoto som eit «top-down»-prosjekt. Det blei følgt opp i Paris, men nå som eit «bottom-up»­ prosjekt, der føresetnaden er at dei enkelte land sjølve skal formulere sine mål slik at det heile summerer seg opp til at reduksjonen i utslepp blir tilstrekkeleg stor slik at temperaturauken kan haldast under 1,5 grader.

none

Uansett er det spørsmål om ikkje verdas politikarar her gjer seg skuldige i ei form for hybris. Er det i det heile tatt mogleg å «løyse» verdas største kollektive og «wicked» problem gjennom eit prosjekt for global målstyring?

Målstyring krev for det første klare og eintydige mål. Vi må vite kva vi styrer mot, og vi må kunne seie kor langt frå eller kor nær vi til ei kvar tid er å nå målet. 1,5 grader global oppvarming er ikkje eit slikt mål. Vi vil aldri vite om vi er innafor dette målet eller ikkje. Her er vi avhengige av modellprodusert kunnskap som kan vise seg å vere rett eller ikkje, men kor vidt den viser seg å vere rett eller feil, får vi berre greie på etter at det eventuelt er for seint.[vi] Den globale temperaturen endrar seg ujamt, også av naturlege grunnar. Utsleppa i dag vil bli verande i atmosfæren i hundrevis av år. Kunnskapen om «tipping points» er dårleg utvikla, og vi veit ikkje om vi alt i dag har sleppt ut klimagassar som kan utløyse uventa reaksjonar som modellane ikkje har tatt høgde for. Sjølv om den globale middeltemperaturen i 2050 eller 2100 skulle ligge under 1,5 grader oppvarming, veit vi med andre ord ikkje om målet er oppnådd. Dersom verda skulle hatt eit meir handterleg mål å styre etter, hadde det truleg vore meir fornuftig å bruke CO2-konsentrasjonen i atmosfæren (ppm) som mål, til dømes å halde konsentrasjonen under 500. Eit slikt mål er ikkje avhengig av globale temperatursvingingar som skjer heilt uavhengig av menneskeleg påverknad.

For det andre krev målstyring kontroll over verkemiddel. Den rådande klimastrategien er, som vi har sett, retta inn mot å kontrollere utsleppa. l målstyringstermer betyr det at strategien i realiteten rettar seg mot å påverke åtferda til kvart einaste individ av dei nå åtte milliardane menneske på kloden. Dette er rett nok ein påverknad som skjer via «mellomledd» som statar, kommunar, organisasjonar, bedrifter og så vidare. Så lenge strategien rettar seg mot utsleppa, mot global oppvarming som eit «forureiningsproblem», der kvar einskild av oss i grunnen står for vår del av «forureininga», endar det likevel til sjuande og sist opp med eit krav til kvar einskild av oss til å endre vår åtferd: Vi skal reise mindre, legge om kosthaldet, akseptere dyrare drivstoffprisar og fleire bomstasjonar, bu trongare og generelt sett akseptere ein nedgang i levestandard, økonomisk vekst og velferdsnivå.

Så lenge det er utsleppa som er i fokus, er det vanskeleg å komme utanom at «rekninga» til sist hamnar hos den einskilde borgar. Strategien inviterer til eit individuelt «svarteperspel»: Kvifor skal eg la vere å køyre bil til hytta, når den einaste som taper på det er eg sjølv, mens alle andre held fram som før og «klimagevinsten» er så godt som mikroskopisk. Idealistar finst, og det er på mage måtar dei som set den moralske agendaen, men effekten på klimautsleppa er i beste fall marginal.

l eit globalt perspektiv blir dette enda meir problematisk: Her er det ikkje så mykje tale om å gå ned i forbruk og levestandard, som det er å sette ein stoppar for vidare økonomisk vekst og utvikling som vil ta frå innbyggarane i fattige og middelinkomstland moglegheitene for vekst, utvikling og heva levestandard. Her ligg da også ein viktig nøkkel til at det har vore så vanskeleg å komme fram til global semje om fordeling av framtidige utsleppskutt. Dette er også nøkkelen til å forstå kvifor mange aktivistar, men også forskarar, hevdar at demokratiet er ueigna til å handtere klimaproblemet, og at vi er nøydde til å ty til meir autoritære styreformer for å «redde klimaet» (Naustdalslid, 2022).  

Klimavitskapen har ikkje løysinga på klimaproblemet

Det har altså ikkje nytta «å tale sanning til makta». «Makta» har ikkje vore i stand til å omsette «sanninga» til effektiv handling. Heilt sidan slutten av førre hundreåret har klimavitskapen vore tydeleg på at verda står overfor eit truande klimaproblem. Vi har hatt kunnskapen. Den blei rekna som tilstrekkeleg sikker for å mobilisere til handling alt på slutten av 1900-talet. Men når utsleppa likevel berre heldt fram med å gå opp, og det same gjorde den globale temperaturen, har svaret jamt vore at den vitskaplege kunnskapen må bli enda sikrare og gjerast enda tydelegare slik at vi alle, politikarar og folk flest, gjer det som må til for å få utsleppa ned. For kvar ny runde med IPCC-rapportar blir det understreka at kunnskapen nå er enda sikrare enn i den førre rapporten. Nå er det «kode raud» seier FNs generalsekretær (men rett nok ikkje klimapanelet) om den siste rapporten. Da den førre rapporten blei presentert, i 2014, sa dåverande leiar for Klimapanelet, R. K. Pachauri, , at «.... all we need is the will to change which we trust will be motivated by an understanding of the science of climate change».[vii]

Men sett vekk frå at kunnskapen blir påstått å bli sikrare og sikrare og konsekvensane meir og meir alvorlege, seier i grunnen ikkje kvar ny IPCC-rapport på mange tusen sider svært mykje meir enn det vitskapsverda var tydeleg om alt for meir enn 20 år sidan. Sjølve mønsteret i publiseringa av IPCC-rapportane reflekterer også det lineære synet på forholdet mellom vitskap og handling: Først kjem rapporten om det naturvitskaplege grunnlaget (Kunnskapen er enda sikrare). Så kjem rapporten om konsekvensar og verknader for samfunn og natur (Det ser enda mørkare ut ­ «kode raud»). Til slutt kjem rapporten om tiltak for å få ned utsleppa (Det må enda sterkare tiltak til).

Spørsmålet er om det kan det vere at politikarane faktisk har lytta meir til klimaforskarane enn til si eiga rolle som nettopp politikarar? Har dei abdisert som politikarar og overlate den politiske scenen til klimavitskapen? Det er rett nok ikkje tvil om at klimavitskapen har vist verda at vi står overfor eit alvorleg klimaproblem. Men klimavitskapen er ikkje ein vitskap om korleis dette problemet kan eller bør møtast. Ein slik vitskap finst da heller ikkje.

Klimaproblemet er i grunnen to (rett nok samanknytte) problem: Det er på den eine sida eit naturvitskapleg problem som går ut på å analysere og beskrive dei komplekse fysiske, kjemiske og andre naturvitskaplege samanhengane som formar klimaet, og der naturvitskapen gradvis, gjennom meir enn 200 år, har akkumulert ein kunnskap som gir oss tillit til å akseptere at det er ein samanheng mellom mengda CO2 (og andre klimagassar) i atmosfæren og global temperatur. Aksepterer vi dette, aksepterer vi også at samfunnets utslepp av klimagassar bidrar til den globale oppvarminga og klimaendringane.

For det andre er klimaproblemet eit komplekst samfunnsproblem. Og mens klimavitskapen er ein vitskap om samanhengen i klimaet, er han ikkje ein vitskap om korleis klimaproblemet kan og bør handterast av samfunnet. Det er her så vel vitskapen som politikken har svikta. Samfunnsvitskapane har langt på veg underordna seg klimavitskapen og definert seg som ei form for «hjelpevitskapar» for å implementere den naturvitskapleg gitte kunnskapen. Vi har fått ei form for «arbeidsdeling» det naturvitskapane fortel oss sanninga om klimaendringane og korleis klimaframtida vil sjå ut. Eller rettare: Korleis den kan kome til å sjå ut. Samfunnsvitskapane får i oppgåve å ta seg av den såkalla samfunnsmessige dimensjonen i klimaforskinga. Enklare og meir spissformulert enn det skribenten Magne Fagerbakke formulerer dette synet på forholdet mellom naturvitskap og samfunnsvitskap, skal ein leite lenge etter:

«Me er i dag i den heldige situasjon at me veit kva berekrafta til planeten er (.....)  Utopien ligg hos samfunnsvitskapen. Den må hjelpe oss med å by folk desse reformene på ein smakfull måte. Ikkje avvise dei som fundamentalisme og utopi berre fordi reknestykket kjem på realfagsnivå. For lett blir det ikkje.» (Fagerbakke, 2019)  

Den som kanskje kan konkurrere med Fagerbakke, måtte vere juristen Marius Gulbranson Nordby, som konkluderer si utgreiing om kvifor domstolane og rettsvesenet i større grad burde på ta hand om klimakonfliktar i samfunnet, med at klimaproblemet blir gjort altfor vanskeleg: «Global oppvarming er ikke så vanskelig. (....) Dette er ikke politikk. Det er matematikk og fysikk», proklamerte juristen. (Nordby Gulbranson, u.å.)   

Her tar Gulbranson Nordby feil. Klimaproblemet er nettopp politikk, og det er fylt av politiske motsetnader, konfliktar og vanskelege val. Det er eit vondarta politisk problem som det ikkje finst eitt bestemt middel mot, og der utfordringa ikkje berre er å «gjere meir». Klimavitskapen har ikkje svaret på korleis politikarar og planleggarar skal eller bør møte problemet, kva for tiltak som bør settast inn eller korleis ein bør prioritere mellom ulike verkemiddel. Korleis samfunnet handterer klimaproblemet har å gjere med makt og fordeling, kulturelle normer og verdiar, forventningar om framtida og korleis vi oppfattar forholdet mellom samfunn og natur. Valet mellom å bygge ut vindkraft, satse på energisparing, atomkraft, eller på redusert forbruk og reversere den økonomiske veksten, er alle aktuelle svar på korleis vi kan møte klimatrusselen. Men det finst ikkje noko vitskapleg svar på kva som er «rett», eller kva som er rett kombinasjon av tiltak. Dette er politiske problem, der svaret er like mykje avhengig av etiske og verdimessige vurderingar som av vitskaplege fakta (Hoffman, 2015). Fakta talar ikkje for seg sjølv, dei må omsettast til handling.

Reiner Grundmann og Simone Rödder har rekna opp tolv ulike svar på klimaproblemet som verserer i debatten: alt frå satsing på atomenergi til karbonfangst, klimatilpassing, klimafiksing, avvikling av kapitalismen og avskaffing av demokratiet, for å nemne nokre (Grundmann & Rödder, 2019). På liste deira manglar det dessutan ei «løysing» som blir halden fram stendig oftare, og særleg etter at konflikten mellom klimatiltak og tiltak for å verne det biologiske mangfaldet har blitt meir og meir tydeleg, nemleg å stanse den økonomiske veksten og helst gå mot nedvekst («degrowth») (Kallis, 2018; Ophuls, 2011; Aall & Næss, 2019). Mange av dei tiltaka som blir haldne fram som «løysinga» på klimaproblemet, kan heller ikkje gjennomførst innafor eit demokratisk samfunn (Naustdalslid, 2022).

Det er vitskapleg semje om at fortsette utslepp av CO2 vil auke den global oppvarminga, med store konsekvensar for natur og samfunn. Kor vidt det rette svaret på dette er å avgrense den globale temperaturauken til 2,0 eller 1,5 grader, er likevel meir ein politisk enn ein vitskapleg konklusjon. Det same gjeld spørsmålet om korleis samfunnet bør balansere mellom å sette inn ressursar på klimatiltak for å bremse global oppvarming, eller å satse på klimatilpassing for å møte eit endra og meir uføreseieleg klima.

Ei utfordring for samfunnsvitskapen

Det er sjølvsagt viktig å lytte til klimavitskapen, men det er ikkje nok. Det finst ingen vitskap om korleis vi bør handtere klimatrusselen. Verdas politikarar har ikkje lykkast med å møte klimaproblemet som samfunnsmessig  problem. Her har kan hende også samfunnsvitskapane svikta. Kanskje har dei altfor ukritisk gått inn i rolla som «hjelpevitskapar» for den naturvitskaplege klimavitskapen, heller enn å utvikle ein samfunnsvitskapleg klimavitskap for betre å forstå klimaproblemet som eit problem mellom samfunn og natur. Svært mykje av den samfunnsvitskaplege klimaforskinga har vore opptatt av å kartlegge og forstå barrierar for å gjennomføre den offisielle klimapolitikken. Problematisering av denne politikken ser vi lite av.  Vi har sakna ei kritisk samfunnsforsking som i større grad legg opp til å analysere klimaproblemet som samfunnsmessig problem, og i mindre grad ser det som si oppgåve å lette gjennomføringa av det globale klimapolitiske målstyringsprosjektet.

Jon Naustdalslid er statsviter og fagbokforfatter. Han har arbeidet innen akademia og har blant annet vært leder for Norsk Institutt for by- og regionforskning. Han har gitt ut boka «Klimatrusselen – krise for demokratiet?»

Referansar

Demeritt, D. (2001). The Construction of Global Warming and the Politics of Science. Annals of the Association of American Geographers, 91(2), 307–337.

Earth Statement. (2015). The Global Challenges Foundation. https://globalchallenges.org/initiatives/partnerships/earth-statement/

Fagerbakke, K. M. (2019). Toget frå Paradis kan vere gått, men det har ein naudbrems. Harvest Magazine. https://www.harvestmagazine.no/pan/toget-fra-paradis-kan-vere-gatt-men-det-har-ein-naudbrems

Grundmann, R. (2009). The role of expertise in governance processes. Forest Policy and Economics, 11(5–6), 398–403. https://doi.org/10.1016/j.forpol.2008.09.005

Grundmann, R., & Rödder, S. (2019). Sociological Perspectives on Earth System Modeling. Journal of Advances in Modeling Earth Systems, 11(12), 3878–3892. https://doi.org/10.1029/2019MS001687

Hallam, R. (2019). Common Sense for the 21st Century. Wern Dolau/Goldden Grove.

Hastrup, K., & Skrydstrup, M. (Red.). (2012). The Social Life of Climate Change Models: Anticipating Nature (0 utg.). Routledge. https://doi.org/10.4324/9780203093870

Hickman, L. (2010, mars 29). James Lovelock: Humans are too stupid to prevent climate change. The Guardian. https://www.theguardian.com/science/2010/mar/29/james-lovelock-climate-change

Hoffman, A. J. (2015). How culture shapes the climate change debate. Stanford Briefs, an imprint of Stanford University Press.

Hulme, M. (2015a). Knowledge pluralism. I Research Handbook on Climate Governance. Edward Elgar Publishing Limited.

Hulme, M. (2015b). (Still) Disagreeing about Climate Change: Which Way Forward?; Annick de Witt, “Climate Change and the Clash of Worldviews: An Explo. Zygon®, 50(4), 893–905. https://doi.org/10.1111/zygo.12212

Kallis, G. (2018). Degrowth. Agenda Publishing.

Lovelock, J. (2015). A rough ride to the future. Penguin Books.

Martiniussen, E. (2013). Drivhuseffekten. Klimapolitikken som forsvant. Manifest.

Naustdalslid, J. (2011). Climate change – the challenge of translating scientific knowledge into action. International Journal of Sustainable Development & World Ecology, 18, 243–252. https://doi.org/10.1080/13504509.2011.572303

Naustdalslid, J. (2022). Klimatrusselen: Krise for demokratiet? Kolofon Forlag.

Naustdalslid, J. (2022a). Klima mot natur. Syn og Segn, 128(4), 50–57.

Nordby Gulbranson, M. (u.å.). Historier vi forteller om global oppvarming. Harvest Magazine. Henta 28. april 2022, frå https://www.harvestmagazine.no/artikkel/historier-vi-forteller-om-global-oppvarming

Ophuls, W. (2011). Plato’s revenge: Politics in the age of ecology. MIT Press.

Storch, H. von, von Storch, H., Bunde, A., & Stehr, N. (2011). The Physical Sciences and Climate Politics. I Oxford Handbooks Online. https://www.academia.edu/1496341/The_Physical_Sciences_and_Climate_Politics

van der Sluijs, J. P., van Est, R., & Riphagen, M. (2010). Beyond consensus: Reflections from a democratic perspective on the interaction between climate politics and science. Current Opinion in Environmental Sustainability, 2(5–6), 409–415. https://doi.org/10.1016/j.cosust.2010.10.003

Vetlesen, A. J. (2022). Etikk i klimakrisens tid (1. utgave, 1. opplag). Res Publica.

Wallace-Wells, D. (2019). Den ubeboelige planeten. En fortelling om fremtiden på jorden. J. M. Stenersens Forlag.

Welzer, H. (2017). Climate wars: Why people will be killed in the twenty-first century (P. Camiller, Oms.). Polity.

Aall, C., & Næss, P. (2019, juni 30). «Reell grønn vekst»: Noe nytt eller bare mer av… [Text/html]. Harvest Magazine. https://www.harvestmagazine.no/pan/reell-gronn-vekst-noe-nytt-eller-bare-mer-av-det-samme

 

Notar

[i] Kjelde: Our World in Data (https://ourworldindata.org/energy-mix)

[ii] Forskar Glenn Peters ved CICERO til NRK i oppslag på mk.no den 11. november 2022

[iii] Referert her etter (Hulme, 2015a, s. 560)

[iv] For ei grundigare drøfting, sjå (Naustdalslid, 2022, s. 70 ff)

[v] For eit innblikk i det internasjonale kvotesystemet med kjøp og sal av utslepplskvoter, og ein kritikk av dette, sjå (Martiniussen, 2013).

[vi] For ei grundig drøfting av problemet med å validere klimamodellar og å basere framtidige klimaspådomar på modellar, sjå (Hastrup & Skrydstrup, 2012, Kapittel 2) 

[vii] Her sitert etter (Hulme, 2015b, s. 896)