Spelemidla 2023: Målretta innsats og nær ein milliard kroner for å få fleire med i kulturlivet
– Vi ønskjer eit mangfaldig og inkluderande kulturliv der folk bur. Vi må sikre oss mot at fellesskapa i kulturlivet raknar fordi kostnadsnivået er for høgt. Med denne fordelinga gir vi meir til barn og unge slik at fleire kan delta i aktivitet, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.
Den kulturelle skulesekken sørger for kulturopplevingar for barn og unge i heile landet, dei får 20 millionar kroner ekstra til å spreie kunst og kultur på barnehagar og skular.
– Den kulturelle skulesekken er ei unik ordning som gir alle barn og unge lik tilgang til å oppleve kunst og kultur av høg kvalitet heilt gratis. Det er ei uvurderleg demokratisk og utjamnande ordning, seier kultur- og likestillingsministeren.
Regjeringa har nyleg lagt fram «Rom for deltakelse – regjeringens kulturfrivillighetsstrategi 2023-2025», og jobbar med ein strategi for leselyst.
Strategiane vert mellom anna følgt opp med ekstra pengar til leselyst, kulturlokale, korps, kor og orkester. Regjeringa styrker fleire tilskotsordningar, som til dømes ordningane for dei nasjonale musikkorganisasjonane, for desentraliserte kulturbygg, for amatørteater og for teknisk utstyr og lokale (Kulturrom).
– Kulturfrivilligheita er kjempeviktig for å skape liv og samhold i lokalsamfunna våre, for å utvikle oss kreativt og for å vidareføre viktige tradisjonar og læring, seier Trettebergstuen.
Nokre av satsingane:
- 20 millionar ekstra til DKS
- 30 millionar kroner meir til regionale kulturbygg – desentralisert ordning
- 15 millionar kroner til leselyst og litteratur
- 10 millionar kroner meir til Kulturrom
- 4 millionar kroner ekstra til Ungdom og Fritid
- 5 millionar kroner til andre tiltak i kulturfrivilligheitsstrategien, Rom for deltakelse – regjeringens kulturfrivillighetsstrategi (2023–2025)
Totalt går 6,6 milliardar frå overskotet til Norsk Tipping til idrett, kultur og frivilligheit.
I 2023 blir det fordelt 966 millionar kroner til kulturformål frå overskotet til Norsk Tipping. Dette er ein auke på 40 millionar kroner frå i fjor:
|