Foto: Terje Pedersen / NTB.

Olaug Nilssen er redaktør for diktantologien «Eg vil vere her. Dikt til trøyst»

Publisert: 9. februar 2023 kl 09.55
Oppdatert: 9. februar 2023 kl 09.56

­Iblant tek livet vendingar som gjer at ein står der rådlaus og leiter etter ord. Då kan det bety mykje å finne dikt der andre har sett ord på det vanskelege, for gjenkjenning og eit nytt og uventa blikk – eller som ei slags trøyst, fordi dikta fortel om ei livsrøynsle og ei innsikt som ein kanskje ikkje sjølv kan artikulere – anten dikta viser ein høgare himmel eller berre at andre har opplevd dette før.

Ei krise kan også lære eit menneske at ikkje berre treng ein at andre er der, ein vil også gi det tilbake - å vere der for andre.