Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre. Foto: Carina Johansen / NTB.

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek slår seg saman med Nasjonalbiblioteket

Publisert: 27. januar 2023 kl 14.40
Oppdatert: 27. januar 2023 kl 14.40

– Målet er eit enda betre tilbod til målgruppa. Nasjonalbiblioteket skal vere eit nasjonalbibliotek for alle, også for dei av oss som har vanskar med å lese vanleg tekst, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

NLB og Nasjonalbiblioteket har sidan 2005 vore samlokalisert på Solli plass i Oslo, og har i fleire år hatt eit utstrekt administrativt samarbeid. NLB sjølv tok initiativ til samanslåinga og Kultur- og likestillingsdepartementet har slutta seg til forslaget. No startar omstillingsprosessen fram mot samanslåinga som etter planen skal skje 1. juli.

– Kontinuerleg utvikling er nødvendig for å kunne gje eit tilbod som er tilpassa målgruppas behov og som er i takt med samfunnet. Det er lettare å sikre som del av ein større og sterkare organisasjon. Vi er difor glade for at Kultur- og likestillingsdepartementet no gjer NLB til ein del av Nasjonalbiblioteket, seier direktør i NLB, Øyvind Engh.

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek vart etablert av Norges Blindeforbund, men blei i 1989 ei statleg verksemd. NLB produserer og låner ut lydbøker, e-bøker og bøker i punktskrift. Målgruppa er menneske med funksjonsnedsettingar som gjer det vanskeleg å lese visuell tekst og vanlege bøker. Dei treng på lik linje med andre tilgang til litteratur for å kunne delta i samfunnet, ha lik rett til utdanning og eit likeverdig kulturtilbod.

Samanslåinga inneber ikkje noko endring for NLB verken når det gjeld innhaldet i oppdraget eller talet på tilsette.

– Det er mange gode grunnar til at NLB og Nasjonalbiblioteket no blir ei og same verksemd. Vi på Nasjonalbiblioteket har ansvar for utviklinga av bibliotektilbodet til folk i Norge, det ansvaret bør sjølvsagt óg inkludere dei som har behov for tilrettelagd litteratur. I tillegg er det ein stadig større overlapp mellom det Nasjonalbiblioteket gjer og det NLB gjer, praktisk, teknisk og som tilbod til folk, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre.