Foto

Gudrun Kristine Semons

Nordstoga og Reistad feirar venileum med duoalbum

Publisert: 14. februar 2023 kl 09.38
Oppdatert: 14. februar 2023 kl 09.38

­Fredag 17. februar vert fullengdaren «Tom Duley og andre viser» slept. Den byggjer på Hartvig Kirans nynorsk-omsetjingar av gamle amerikanske folkeviser, nokre av dei også kjende gjenom den legendariske gitarboka til Lillebjørn Nilssen.

PODKAST | Hør våre podkastintervjuer med Nordstoga og Reistad.

Nordstoga og Reistad byr på kvar sine eigenskapar. Aasmund Nordstoga er ein folkekjær visesongar i særklasse, og ihuga nynorskbrukar. Åsmund Reistad er på si side kjend som fornyar og vidareutviklar av folkemusikken. Han er dessutan i toppsjiktet av Norges gitaristar. Lyttaren får på dette albumet servert fantastiske instrumentale og vokale prestasjonar der visesong blir formidla med godt humør, formidlingsglede og låge skuldrar. Utgjevinga av duoalbumet og 30-årsvenileumet feirar dei med en liten Noregsturné .

På albumet «Tom Duley og andre viser» gjer Reistad og Nordstoga personlege og eigenarta versjonar av kjende og kjære viser. Songane på dette albumet er henta frå viseboka «Tom Duley og andre viser» som kom ut på Det Norske Samlaget i 1962. Her har Kiran omsett gamle amerikanske folkeviser til norsk.

– Versjoner på originalspråket har blitt gitt ut av flere artister, som Elvis Presley, The Kingston trio, Donnie Lonegan og Tennessee Ernie Ford. I Norge ble flere av visene tatt i bruk av artister under visebølgen på 1970-tallet. Kari Svendsen, Lillebjørn Nilsen, Lars Klevstrand og Hege Tunaal er av dem har gitt ut noen av visene. Men siden visebølgen dabbet av på slutten av 70-tallet så har dessverre ikke dette stoffet vært tatt brukt i noen særlig grad, fortel Åsmund Reistad.

Mange av songane kjem opphaveleg frå Europa og blei førde over Atlanteren med immigrantar. Nokre er svært gamle; sjørøvarvisa «Kaptein Kidd» har ein melodi som kan fylgjast attende til Skottland på 1500-tallet. Forutan sjørøveri og avrettingar er det stort sett (ulukkeleg) kjærleik og livet på prærien som blir skildra i songane. Visene er gode døme på korleis impulsar frå Europa har forma det me i dag kjenner som amerikansk populærkultur. No har dei kome attende over Atlanteren og til Noreg, der dei har fått eit nytt liv gjennom Nordstoga og Reistads personlege tolkingar.

– Me meiner at desse visene fortener å bli tekne fram att. For eksempel vart «Tom Duley» ein kjenning blandt landets komande gitaristar før i tida, som ein av dei fyrste visene i "Lillebjørns gitarbok". Berre to akkordar var nok! Me mistenkjer at mange konsentrerte seg sopass om gitarspelet, at den dramatiske historia i visa kom heilt i skuggen. Den handlar faktisk om ein mann som er dømd til døden for drapet på jenta han var forelska i. Derfor har me prøva å få fram fortvilinga, angeren og galskapen som ligg i teksten, forklarar Aasmund Nordstoga.

Aasmund og Åsmund er ein duo med masse særpreg, og stor vekt på formidling. Dei enkle visene blir framførde med liv og lyst, og arrangementa er krydra på ein slik måte at nye ting stig fram for lyttaren for kvar gjennomhøyring. I fylgje Åsmund har Aasmund ei av Noregs finaste stemmer, og i fylgje Aasmund er Åsmund ein av landets mest spennande gitaristar.

– Er det noe vi har, så er det klokkertro på vennskapet og det musikalske samarbeidet med hverandre! Vi får stadig høre at vi er folkemusikkens svar på Kings of Convenience, avslutter duoen med glimt i øyet.

Det musikalske uttrykket på albumet «Tom Duley og andre viser» som kjem ut fredag 17. februar har eit stort spenn. Her er dei innom det vare, lyriske, rytmiske, rå og spenstige. Saman utgjer dei ein uslåeleg duo med glimt i auget. Det slår rett og slett gneistar av det musikalske samarbeidet mellom Nordstoga og Reistad, noko det utan tvil også vil gjera på platesleppturneen.

Dobbeltslipp på Nordstoga

Som om ikkje det var nok, så er Aasmund Nordstoga aktuell med dobbeltslepp 17. februar!  Han er nemleg også med på Knut Buen og Sigmund Groven sitt album «Kjenslevev», som kjem ut på plateselskapet Heilo. Albumet inneheld dikt av Knut Buen, tonesett av Sigmund Groven og Buen sjølv. Til å framføre songane har dei fått med seg Aasmund Nordstoga og Anne Gravir Klykken, i tillegg til Kjetil Bjerkestrand på synthesizer. Tekstene på albumet er skrivne utifrå Knut Buens personlege røynsler og livsminne, samt ålmennmenneskelege livsopplevingar, som Buen seier: «det ein har lært og opplevd samlar seg til ein livsvev ein kjenner meining i». I tillegg spring det ut av eit omfattande, fleirårig musikalsk samarbeid og nyskapande verksemd innom visediktning.  

Turnedatoar

24.02: Sirdal Kulturhus, Sirdal
03.03: Plateslepp Josefine´s vertshus, Oslo
04.03: Gran Søndre, Sande
05.03: Festsalen Førdehuset ved Førdefestivalen, Førde
10.03: Huskonsertene, Rissa
11.03: Søberg Gård, Alvdal
11.05: Rudi Gard, Sør-Fron