Foto

Ragnhild Utne

Lene Nagell Ylvisåker – «Annleislandet Svalbard. Små liv i storpolitikken»

Publisert: 13. april 2023 kl 10.29
Oppdatert: 13. april 2023 kl 10.29

­Svalbard er den einaste plassen i verda der menneske kan slå seg ned utan visum eller opphaldsløyve. Alle kan busetja seg der, men ein må ha jobb eller pengar nok til å brødfø seg, og ein stad å bu. Utan det blir ein send heim av politiet. Nagell Ylvisåker har hus og familie der, men ein gong må ho flytta derifrå. Det er ikkje lagt opp til at ein skal bu på øya heile livet, Svalbard har ikkje fastlegar eller sjukeheimar. Nagell Ylvisåker er norsk statsborgar og kan flytta til fastlandet når ho ønskjer, men ikkje alle har den moglegheita.

Svalbardtraktaten i 1925 gjorde øygruppa Svalbard til ein del av Noreg, men også heilt annleis. Det bur berre litt over 3000 menneske på heile øygruppa. Den norske busetnaden Longyearbyen er blitt ein smeltedigel av folk frå fleire enn 50 nasjonar. Delen ikkje-norske aukar raskt. Den nest største folkegruppa kjem frå Thailand. For dei finst det ikkje noko tryggleiksnett, berre ein brutal arktisk natur. Svalbard skal ikkje vera ei bakdør til Fastlands-Noreg. Asylsøkjaren Omid fekk ikkje opphald i Noreg, reiste til Longyearbyen og er ein fri fange i ishavet. Tenåringsjenta Varisa er norsk i språk og kultur, men har thailandsk pass og dermed ingen rettar i Fastlands-Noreg.

Berre 40 kilometer vest for Longyearbyen ligg den russiske busetnaden Barentsburg. Der har russarar og ukrainarar budd side om side sidan 1930-åra. Etter krigen i Ukraina er både arbeidarar og leiing skifta ut. Fleire av Putins motstandarar har flytta til Longyearbyen.

Line Nagell Ylvisåker (f. 1982) kjem frå Sogndal, men har budd i Longyearbyen sidan 2005. Ho er utdanna journalist og arbeider som redaktør i Svalbardposten. Ho har tidlegare gitt ut bøkene Verda mi smeltar. Å leve med klimaendringar på Svalbard (2020) og barneboka Foxi. Sledehunden ingen ville ha (2022).