Alf Helleviks mediemålpris for 2022 går til Vidar Eidhammer.

Foto

Samlaget

Alf Helleviks mediemålpris 2022 til Vidar Eidhammer

Publisert: 5. mai 2023 kl 13.21
Oppdatert: 5. mai 2023 kl 13.22

­Juryen seier mellom anna følgande om Eidhammer:

«Prisvinnaren har nærast blitt eit nynorsk varemerke, ein dagleg nynorsk-garantist i NRK sine nyheitssendingar på radio. Vidar Eidhammer er eit viktig symbol for at det nynorske normaltalemålet skal leva i det offentlege rommet (...) Prisvinnaren må til dagen jobba intenst med å gjera vanskelege saker forståelege i den aller kortaste, munnlege journalistiske sjangeren – bulletengen. Det er ein krevjande jobb. (...) Vidar Eidhammer meistrar denne oppgåva på ein framifrå måte. Bodskapen som kjem frå Eidhammers munn er alltid råd å forstå. Med si rolege og dynamiske røyst når innhaldet fram til publikum utan støy og utanomsnakk.» 

Vidar Eidhammer vart fast tilsett i Nyheitsdivisjonen i NRK 1. september 2014. Han gjekk ut av Nynorsk mediesenter i Førde i februar 2007 og etter det har han stort sett jobba i radionyheitene. 

Alf Helleviks mediemålpris skal gå til yngre faste nynorskbrukarar i radio og TV som legg vekt på å dyrke eit normalisert, nynorsk talemål. Prisen har blitt delt ut sidan 1998. Prisen er på 25.000 kroner.

I juryen: Magni Hjertenes Flyum, Sølve Rydland, Geirmund Henjum.