Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad. Foto: Gudrun Kristine Semons.

Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad gjev ut ny singel

Publisert: 20. januar 2023 kl 12.39
Oppdatert: 20. januar 2023 kl 12.39

­På singelen «Tom Duley» demonstrerer Nordstoga og Reistad evna si til å gjera personlege og eigenarta versjonar av kjende og kjære viser, med Nordstogas dempa, men like fullt kjensleladde framføring og Reistads særeigne fingerspisskjensle for instrument. Denne gongen trakterer Reistad alt frå kontrabass, mandola og gitar, til banjo og trekkspel.

– Den norske versjonen ble kjent for mange nordmenn gjennom Lillebjørn Nilsens gitarbok, som for øvrig er en av de mest brukte lærebøkene vi har i Norge for gitar. Visa er en av de første i boka, og fordrer kun to grep av den unge utøver, noe som gjør at selv en ganske så fersk gitarist vil klare å spille den. Men den gir også mye rom for kreativ utfoldelse for den mer erfarne gitarist, forklarar Åsmund Reistad.

Kort fortalt handlar den gamle amerikanske folkevisa om ein mann som blei hengd som straff for drapet på ei han hadde forelska seg i. Det blir sagt at han sjølv dikta visa medan han vart frakta til rettarstaden i lag med si eiga kiste. Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad framfører visa på ein måte som får fram dramaet i soga. Utan sterke verkemiddel og dramatiske løysingar held duoen ein nøktern tone. Teksten blir formidla på ein inderleg måte som gjer at ein kan kjenne gjerningsmannens sorg, anger og resignasjon.

– Me har inntrykk av at det er mange som har sungi og spela denne visa i barndomen UTAN å forstå den dramatiske historia som ligg bak. Me ynskjer å dra fram angeren, fortvilinga og galskapen som gøymer seg bak den enkle teksten. Eg prøvar sjølvsagt å illustrere dette i songen, men det vert ytterlegare understreka av Reistads instrumentalparti, fortel Aasmund Nordstoga.

– Vi synes rett og slett «Tom Duley» er en knallbra folkevise som vi ønsket å sette litt ekstra fokus på, og valgte derfor å slippe den som en egen singel. Det har vært veldig spennende å sette vårt eget preg på denne legendariske låta som faktisk er basert på en sann historie, avslutter Åsmund Reistad.