Foto

Samlaget

Ny roman for ungdom frå Nordisk råds-nominerte Peter F. Strassegger

Publisert: 20. januar 2023 kl 09.33
Oppdatert: 20. januar 2023 kl 09.33

­Kan ein forstå utagerande åtferd hos ungdom på ein annan måte enn gjennom fordømming?

I årets roman, «Kvil i fred», møter vi Per og kameraten Oskar. Dei går i tiande klasse og stel øl, taggar og slåst. Heime slit Per og faren med sorga etter at mora døydde. Kvifor klarar dei ikkje å snakka om det som har skjedd? Og kvifor er Per sint på faren? Per og Oskar røyker hasj og køyrer bil ulovleg. Så ein dag blir dei tekne av politiet, som ber dei om å ta eit oppgjer med det livet dei har levd til no. Men Per er ikkje klar for å leggja alt bak seg enno. Han må ta eit anna oppgjer først. Eit oppgjer som han kanskje vil angra på. Men han må. Noko driv han, han får ikkje fred. Kven er det som ikkje kviler i fred?

«Kvil i fred» er bok nummer to i ein planlagt trilogi om dei mørke og antisosiale sidene ved det å vere ungdom, og som opnar for refleksjon om kvifor nokre gutar tyr til vald.

Om forfatteren

Peter F. Strassegger (f.1984) er fødd i Graz, Austerrike og bur på Bryne, der han jobbar som psykolog. I 2012 blei han tildelt Tarjei Vesaas ́ debutantpris for romanen Stasia. For ungdomsromanen Aleksander den store blei han nominert til Nordisk råds litteraturpris og Uprisen.