Jan Heggheim tilsett som administrerande direktør i Musea i Sogn og Fjordane
Etter at noverande administrerande direktør Kjartan Aa Berge sa opp si stilling i Musea i Sogn og Fjordane i vår, har stiftinga gjennomført ein grundig rekrutteringsprosess for å finne sin nye leiar, skriv stiftinga i ei melding.
Styret melder at prosessen er avslutta og Jan Heggheim blir ny leiar for stiftinga. Jan kjem frå fylkeskommunen, der han var i 11 år. Før det var arbeidde han i ulike bedrifter, både i reiseliv og industri.
Fram til 2020 var han fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune, og han har hatt fleire roller og verv innanfor både det offentlege og private.
Styreleiar Ivar Kvalen er særs nøgd med tilsettinga av Heggheim og er trygg på at han vil ta moglegheiter og utfordringar i Musea i Sogn og Fjordane på strak arm. Samstundes ønskjer han å takke Kjartan Aa Berge for jobben han har lagt ned som administrerande direktør for musea:
– Vi vil nytte høve til å takke Kjartan Aa Berge for den innsats og det engasjementet han har vist som leiar for Musea.
Heggheim gler seg også til å starte i jobben:
– Noko av det viktigaste vi kan gjere er å ta vare på og formidle historie og samtid, og gjere dette relevant og inspirerande for menneska omkring oss. Det er slik vi forstår oss sjølve, og det er slik utanforståande forstår oss. Dette er lagarbeid, og institusjonane og dei tilsette i Musea i Sogn og Fjordane er laget. Eg gler meg til å gjere min del av laginnsatsen, men har også djup respekt for oppgåva. Saman skal vi halde fram arbeidet med å gjere musea til ein samfunnsaktør som vert rekna med.
Heggheim tiltrer stillinga i september 2021.