Ragnar Hovland er kan hende mest kjend for teksten til «Grisen står og hyler» som Odd Nordstoga syng. Og, ja, han har ei lyslenke med grisar i.

Foto

Marianne Lystrup

Ragnar Hovland

Romantikk, takk

Publisert: 5. mars 2020 kl 08.59
Oppdatert: 5. mars 2020 kl 09.05

Han har nett omsett kjærleiksromanen til Emily Jane Brontë, «Wuthering Heights», til nynorsk.

Poeten som er best kjend for songen til Odd Nordstoga om at «Grisen står og hyler….» har omsett klassikaren «Stormfulle høgder» – «Wuthering Heights» – som Emily Jane Brontë skreiv i 1847 saman med Øystein Vidnes.

For omlag halvveges ut i boka fekk Hovland skrivesperre – eller kan hende gjekk han seg vill i det tåketunge engelske landskapet.

Forgangen romantikk

Det ligg eit romantisk skjær over denne tida, ikkje minst lyssett av svulmande TV-seriar frå digre gods med stor skilnad på herskap og tenarar, der kvinnene sveipar knitrande ikring med fotside, omfangsrike kjolar og vekslar blyge blikk med galante herremenn i løynd. Men kan ein eigentleg nytta våre førestillingar om romantikk om denne forgangne tida?

Foto

Forfattar, dramatikar og omsetjar Ragnar Hovland har omsett klassikaren «Wuthering Heights» til nynorsk. (Foto: Marianne Lystrup)

Kva er eigentleg skilnaden på romantikk før og no? Kan ein stø seg på Sigrid Undset sin vel kjende påstand om at «Menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager» og skrinleggja heile hypotesen om at romantikk då var noko heilt anna enn romantikken i vår Tindertid, der vi sveipar på ein heilt annan måte enn våre formødrar i krinoliner?

Fargerikt nynorsk

Eg opnar boka som nett er komen frå Skald forlag, omsett til eit fargerikt nynorsk, og kjenner meg raskt teken inn i det forblåste og tåketunge landskapet på den engelske 1800-tals-landsbygda. Skrøpelege kjerrevegar som blir til gjørme i regnveret går mellom grannegodsa. Og der inne er det berre sparsomt brukte talgljos som gjer at ein kan ta seg fram og skjelne folka som bur der.

Dei lever under harde kår. Romantikk er ikkje det første ein tenkjer på når ein blir dregen med inn i dette, men sanneleg, det skal syne seg at under dei harde livsvilkåra og dei strenge reglane for skikk og stand spirer kjærleik og romantikk – med alt det fører med seg av forviklingar og elende.

For å seie det med Kate Bush, som i ein av sine mest kjende songar om nett «Wuthering Heights» syng: It gets dark.

Romantikar og kynikar

– Er du ein romantikar, Ragnar Hovland?

– Eg har i alle fall eit snev av romantikar i meg. Men eg er òg realist og kynikar.

– Kva tenkjer du om den romantikken som ein finn i «Stormfulle høgder»?

– Ein må skilje mellom romantikken som kunstnarleg periode og det me ofte tenkjer på når me seier romantikk. Systrene mine brukte å kjøpe eit blad med det namnet, der dei las meir og mindre dramatiske kjæleikshistoriar om folk som stort sett fekk einannan til slutt. Men romantikken som litterær og kulturell periode inneheld så mykje meir – ikkje berre kjærleik, men òg til dømes romanen «Frankenstein» av Mary Shelley med desse gotiske elementa av sterke kjensler i dystre slott på fjelltoppar. Slikt er noko som kjenneteiknar romantikken og du finn det i rik mon i «Stormfulle høgder», seier Ragnar Hovland.

Foto

Ragnar Hovland har ei eiga skrivehole, men der er så rotete, seier han, at me slepp ikkje inn. Men stova er full av kunst og gode minne, og her arbeider Ragnar Hovland godt. (Foto: Marianne Lystrup)

Han legg ut – utan å spoile for mykje – at det handlar om ein destruktiv kjærleik som varer inn i døden, ja lenger òg. Kjærleiken mellom Catherine og Heathcliff øydelegg både for dei sjølve og andre som er rundt dei. Det er ei destruktiv, nær sagt demonisk kraft som driv dei, og jamvel om det endar godt på eit vis, er det ikkje hovudpersonane si forteneste. Slike voldsomme krefter er det mykje av i romantikkens litteratur. Jamvel om dei kanskje er eit hakk sterkare i «Stormfulle høgder» enn til dømes i bøkene som systera til Emily, Charlotte, skreiv.

– Eg trur dei to systrene hadde ulike gemytt. Det kan ein mellom anna forstå ut frå at Charlotte redigerte og gav ut ei ny utgåve av «Stormfulle høgder» etter at Emily var død. Der freistar ho å dempe litt av galskapen, forklarar Hovland.

Demonisk kjærleik

– Er det noko med at sjølve livsgrunnlaget for romantisk kjærleik hadde dårlege kår i den typen samfunn vi talar om her?

– Dette har kan hende forfattaren Jane Austen skildra spesielt grundig. Ho var litt før Brontésystrene, så ho var truleg ei inspirasjonskjelde for dei. Vi veit at det var store klasseforskjellar, og i tillegg er det tydeleg at Heathcliff – som er ein lausunge som blir teken til garden, har eit framandt opphav, kanskje er han sigøynar. Han blei i alle fall ikkje akseptert av dei som var skikkelege folk. Men ved å reise ut og tene seg rik på mystisk vis fekk han teke hemn over dei som hadde hundsa han då han vaks opp.

Den demoniske kjærleiken er interessant.

– Eit spark til integreringspolitikken i våre dagar dette?

– Det ville i så fall vera godt gjort om ho profeterte denne situasjonen. Men det går an å trekkje parallellar. Uansett er denne demoniske kjærleiken interessant. I det heile er det påfallande at ingen av personane i boka er sympatiske. Tvert om, dei er tvers igjennom usympatiske heile vegen. Og likevel får vi ein slags sympati for dei, for innimellom er det nokre gliper der ein ser at dei har noken gode sider trass alt. Det er akkurat nok til at ein håpar at det vil gå bra.

Tvisyn

At han har det vestlandske tvisynet intakt, skjønar ein når ein tenkjer på at Ragnar Hovland er frontfigur i gruppa Dei nye kapellanane, med røter i det ironiske 90-talet. I starten gjekk det mykje i å spela gamle norske slagerar som dei gjorde narr av, men det var ikkje stas i lengda, så no er det ei salig blanding av ironi, sentimentalitet, nostalgi og ekte kjensler. Til dømes gode, gamle «Dar kjem dampen», Ivar Medaas sitt glansnummer, framfører dei med heilt hjarte.

– Tyder det at romantikaren har sigra over kynikaren i deg?

– Det gjer vel det. Og det er eg godt nøgd med.

– Somme har kalla deg ein 80-tals-sentimentalist?

– Ja, det har eg funne på sjølv. På 80-talet var det ein del grupperingar i norsk litteratur som skulle markere at dei sto for noko – som ein motsetnad til 70-talsforfattarane. Pressa var så glad i slike omgrep. Då avgjorde eg at eg ville lage ei eiga gruppe: 80-tals-sentimentalistane.

– Fekk du mange med deg?

– Nei svært få, så eg kjenner meg litt einsam i mi vesle hole.

Romantisk minne

Men med åra har Ragnar Hovland blitt tryggare på at han kan vedkjenna seg alle sider av sitt indre, ikkje minst dei sentimentale, nostalgiske kjenslene. Han treng det som ei motvekt mot det ironiske og kyniske. Så 80-tals-sentimentalisten kan sikkert koma til å overleva bra som 20-tals-sentimentalist òg.

none

I våre dagar toler vi ikkje mange stormkast før vi pakkar saman og søkjer lukka med ein annan.

Eit barndomsminne han har bore med seg, ber i alle fall bod om at romantikaren Ragnar Hovland har vore der heile tida. Som presteson flytta han ein del omkring, og i tidleg pubertet budde han i Luster i Sogn. Familiebakgrunnen hans gjorde at han ikkje hang heilt med på kameratane si eksperimentering med gryande kjærleiksliv. Han tykte nok det verka spanande, men samstundes hefta det noko litt skittent ved det. Hans lengt sto mot noko meir opphøgd og reint. Dette er ein draum han hadde:

Han sit i ei kyrkje, kledd i kvit kappe. Litt lenger borte sit den utkåra, ho er kjempevakker, kvitkledd ho og. Musikk av Bach tonar i rommet. Og han tenkjer: Ho og eg resten av livet. Ein slik draum kunne han naturleg nok ikkje dele med nokon – korkje foreldre eller venner, så det blei eit eksklusivt indre bilete.

Kjærleikens kår

Vi fabulerer litt ikring kjærleikens kår no og den gong han var ein nyttig reiskap til å styrka eigedom, halde formue i familien eller oppretthalde ære. Hovland meiner ein kan sjå tyngda i dette på mange gamle brudebilete der brur og brudgom stirer dystert framfor seg. Ein kan tenkje at eit slikt ekteskap umogleg kan vare, men så veit vi jo at dei aller fleste heldt saman livet ut anten dei eigentleg ville eller ikkje.

Foto

(Foto: Marianne Lystrup)

I våre dagar toler vi ikkje mange stormkast før vi pakkar saman og søkjer lukka med ein annan. Truleg kunne vi hatt litt å lære av desse som hadde vilje til å halda ut og sjå om det gjekk an å bearbeida forholdet ein var i, men Hovland vil nødig seia noko som kan bli oppfatta som moralisme.

Ein ser jo dessutan framleis døme på at enkelte par held saman langt ut i dei grå hår, og det verkar som dei blir berre meir og meir glad i kvarandre. Men samstundes har du desse døma som havnar i rettsvesenet, der ein berre må lure på korleis i all verda dei har halde saman så lenge som dei har. Nei den kjærleiken, han har nok vore til både glede og sorg alltid, slik sett har kan hende Sigrid Undset rett.

Verdas beste

– Fekk du nokon aha-opplevingar om det menneskelege sinn medan du arbeidde med denne omsetjinga?

– Boka sto på pensumlista då eg tok engelsk mellomfag ved Universitetet i Bergen for nokre tiår sidan, så eg hadde sjølvsagt lese henne før. Men det var lenge sidan, og eg hadde faktisk gløymt kor brutale desse hovudpersonane er. Dei er jo både kjærlege og brutale. Eg tykkjer det er imponerande at forfattaren greide å skape slike mangefasetterte karakterar. At dei og hadde beint fram sadistiske sider, hugsa eg ikkje, men psykologisk sett skjønar eg at det kan vera slik. Det verkar sant. Somme meiner at «Stormfulle høgder» er verdas beste roman. Eg kan i alle fall anbefale boka på det varmaste. Det er eit eineståande litterært verk. Det inneheld alt – spenning, romantikk, kjærleik, hat, hevn – alt som er gøy å lesa om, seier Ragnar Hovland.