Anette Trettebergstuen
Foto

 Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen prioriterer fellesskapsløysinganene i kulturlivet i forslaget til budsjettet 2023. Foto: Terje Pedersen / NTB

Statsbudsjettet 2023

Fellesskapsløysingane blir prioritert i kultur- og likestillingsbudsjettet

Publisert: 6. oktober 2022 kl 11.15
Oppdatert: 6. oktober 2022 kl 11.15

­Regjeringa foreslår ei samla løyving over Kultur- og likestillingsdepartementets budsjett på 23,3 milliardar kroner. Det er ei auke på nær 1,4 milliardar kroner frå 2022, skriver representant fra Kultur- og likestillingsdepartementet i ei pressemelding. 

– Alle dei breie ordningane er skjerma for kutt og vi løftar nokre område, seier Trettebergstuen.

Kulturbudsjettet 2023 har følgjande hovudprioriteringar:

  • Regjeringa vil leggje til rette for full momskompensasjon for frivillige organisasjonar og foreslår ei auke i løyvingane på 125 millionar kroner. Det inneber ei samla løyving på over 2 milliardar kroner, og ei auke på 275 millionar kroner frå Solberg-regjeringas siste budsjettforslag. 
  • Regjeringa vil vidareføre straumstøtta til frivillige organisasjonar til og med juni 2023, med ei samla løyving på 770 millionar kroner. Målet er å halde oppe aktivitet, trass i høge straumprisar. 
  • Regjeringa foreslår å auke stønaden til LHBT+-organisasjonane med 15 millionar kroner. Det er nær ei dobling, og løyvinga skal mellom anna bidra til oppfølging frå organisasjonane etter angrepet i Oslo 25. juni. 
  • I film og dataspel vil regjeringa fremje mangfald og talentutvikling og foreslår å auke overføringane til Filmfondet med 20 millionar kroner. 5 millionar er øyremerkt satsing på dataspel og dataspelkultur. 
  • Regjeringa foreslår 15 millionar kroner til vidare utgreiing av rehabiliteringa av Nationaltheatret og 25 millionar kroner til naudsynt sikring av teaterbygget.
  • I statsbudsjettet for 2022 styrkte regjeringa stipendordningane for kunstnarar med 100 nye heimlar. Desse er foreslått vidareført saman med tilskota til dei profesjonelle kulturinstitusjonane.
  • Styrke satsinga på tiltak til litteratur og leselyst med 10,6 millionar kroner i 2023. I tillegg skal regjeringa kome med ein ny leselyststrategi, og auke prosjekt- og utviklingsmidlane til biblioteksektoren.