Artist og låtskrivar Ingebjørg Bratland debuterer som forfattar med juleboka «Klokkene kallar, Tekst, dikt og songar til jul».
Foto

Astrid Waller, Cappelen Damm

Ingebjørg Bratland – om jul og kontrastar

Publisert: 22. desember 2020 kl 08.45
Oppdatert: 22. desember 2020 kl 12.12

Ingebjørg Bratland, artisten med den klokkeklåre stemma som trillar melodiane så leikande lett fram, har laga julebok. Der har ho samla songar og forteljingar som ho trur me vil ha glede av å lesa når nettene blir lange og det passar å krype opp i sofaen under eit pledd. For nett i denne tida, då mange likar å synke inn i sine faste tradisjonar, kan det vera fint å lesa om andre, svært ulike måtar å feire jul på.

Frå folkemusikk til pop

Song har alltid vore viktig for Ingebjørg Bratland. Alt då ho var fem år gamal byrja ho å få undervisning i kveding, og ho blei tidleg «Nordisk meister i folkemusikk» og ein gjengangar på sigerspallane under Landskappleiken. Kjend for heile landet blei ho då ho song på Slottsplassen for Kong Harald på 70-årsdagen hans. Etter kvart er repertoaret utvida og no er ho heime i poplandskapet òg.

Stemma mi og måten eg syng på ber preg av at eg oppvaksen i det jordsmonnet eg har

– Mange ser på det som ein stor kontrast. Korleis ser du på det?

– For meg er det ikkje nokon motsetnad mellom å syngje folkemusikk og pop. Eg syng pop på same viset som eg alltid har sunge. Brukar den same ornamentikken, eller trillene, og syng mykje på konsonantar slik det er typisk for folkemusikk. For eg er fortsatt veldig oppteken av tekst, slik ein er i folkemusikken. Det lærte eg av Sondre (Bratland, som er syskenbarn av far hennar. Red. anm.). Når du skal syngje ei ballade med 25 vers, må du klare å formidle teksten, hvis ikkje, sovnar folk i tredje verset. Denne vekta på tekst hev eg med meg i min eigen musikk. Eg merkar at dei songane folk set mest pris på, er dei som har ein tekst med bodskap, som Fordi eg elskar deg eller Ingen som du, som handlar om å vera bra nok. Eg kan ikkje stå og synge I love you o-a-o-a! Eg er uppteken av at eg er heimanfrå. Stemma mi og måten eg syng på ber preg av at eg oppvaksen i det jordsmonnet eg har. Hvis eg hadde kutta ut det, trur eg ikkje det hadde gått så bra. Ikkje for meg personleg, fordi eg ville følt at eg var uekte, og eg trur ikkje eg hadde hatt noko særleg publikum heller. For det er noko med det å ha eit særpreg. Det finst så mange gode songarar. Stadig er det nye talentprogram på TV. Her er heilt vilt mange stemmer, men mange manglar særpreg. Det høyrest heilt likt ut.

Foto

– Det var utruleg godt å halde boka mi då ho endeleg kom, seier Ingebjørg Bratland, som har arbeidd på «Klokkene kallar» sidan før påske. Foto:Astrid Waller, Cappelen Damm

Julebok og juleturné

Men særpreg har Ingebjørg Bratland til fulle. Og ho er så medviten om kva ho vil, at ho kasta fire ferdig innspela album fordi ho ikkje tykte ho kunne stå for dei. Det blei dyrt, for då måtte ho betale plateselskapet attende utgiftene dei hadde hatt, men ho gjorde det likevel. Ho såg på det som studielån ho berre måtte ta. No er ho solid etablert som artist. Og no attpåtil med eiga julebok.

– Gler du deg til jul?

– Jah! Eg skal heim.

Svaret kjem kontant og fort. Me sit i stova hennar i Oslo, tidleg i november. Lauvet heng framleis på mange tre, men ho er klår. Ho har tenkt på jul sidan påske, då ho nytta korona-nedstenginga til å lese seg gjennom bunkevis av bøker med tanke på utvalet i hennar eiga julebok. I år skal ho jamvel på juleturné for fyrste gong og ho har skrive tre nye julesongar. Men når det nærmar seg jul, går ferda til heimbygda Edland i Telemark, der alt skal vera slik det alltid har vore. Ikkje slik som i fjor, då ho feira jul i Frankrike. Ho ler når ho tenkjer på det.

Ikkje som i fjor

– Eg pakka kufferten med rakfisken frå far, gravlaks, røykelaks, brunost frå ein gard heime, som me må ha til jol, tyttebær frå gomo, sylte, rull og pepparkaker! Og så måtte eg ha med nokre av nissane mine. Eg var så tunglasta – det stakk nisseskjegg ut av kufferten, hahaha. Og så tenkte eg, hjelp – enn om det gjeng hol på den vakuumpakka rakfisken til far! Det hadde vore krise, slik som det luktar. Heldigvis heldt han tett, men eg følte meg som charter-Ingebjørg på tur. Likevel – det er noko med den maten ein er vand med i jula, ein må liksom ha den …

– Men fungerte det i Frankrike då?

– Nei, det blei heilt rart! Eg skjønar ikkje kvifor eg tok med meg alt det der. Kunne like gjerne berre hatt ei fransk jul. Det ville bli rart uansett. Det var fyrste gong eg feira jul i varmare strok, med palmer og sol, og så er det alt det andre: Pynten og alt det der. Heilt forferdeleg. Plast og glorete grusomhetar som sto i rundkøyringane rundt omkring.

Heim til jul

Nei, det kan ikkje vera nokon tvil om at Ingebjørg Bratland har ei heilt anna oppfatning av kva som er ei god jul – i alle fall for henne. Men så er ho òg oppvaksen i ei lita fjellbygd i Telemark, der dompapen nappar i kornbandet og borna spenner på seg ski utanfor husveggen og lagar seg eigne spor i nysnøen på jordet. Det er rett før englar dalar ned i skjulet, der vinterveden ligg i rikelege favnar.

Eg pakka kufferten med rakfisken frå far, gravlaks, røykelaks, brunost frå ein gard heime, tyttebær frå gomo, sylte, rull og pepparkaker!

– Korleis er den jula som du gler deg til no?

– Mest mogleg slik som det alltid har vore heime hjå oss. Eg vaks opp i ein stor familie, med fire søsken og fars store slekt. På svartjoleftan, eller lillejulaften som det heiter her i byen, åt me julegraut saman med alle syskenborna til far. Den som fekk mandelen vann marsipangrisen, men vann òg oppgåva med å lage grisen året etter. Det var mest alltid ein i vår familie som fekk mandelen, så derfor blei det marsipanverkstad kvelden før kvelden omtrent kvart år.

Det er som regel små born heime hjå oss på julekvelden

Kvelden før kvelden

Akkurat den tradisjonen har ebba ut, men det er rikeleg att:

– På svartjoleftan medan mor laga fløtekaramellar slik ho alltid gjer, gjekk me ungane ut saman med andre ungar i nabolaget og song julesongar for folk. Me stiltra oss fram til husveggen så me ikkje skulle bli oppdaga før me stemde i med Det lyser i stille grender, På låven sitter nissen eller Joleklokkur yver jordi. Det var veldig artig. Dei fyrste gongane me gjorde det, blei folk forvirra for dei ikkje skjøna kvar lyden kom ifrå.

– Var det berre for å syngje, ikkje eit tokt for å tigge godteri?

– Neinei, det var ikkje som å gå julebukk. Det var berre for å syngje. Me lærte skikken av ein praktikant frå England som mor og far hadde då me var små. Dei køyrde ambulanse og måtte ha nokon til stades for å passe oss ungane når walkitalkien plutseleg peip og dei måtte stryke på dør, fortel Ingebjørg.

Kvelden før kvelden sluttar med at mor i huset pyntar juletreet medan far køyrer rundt i bygda med julehelsingar til slekt og venner. Som regel er det rakfisk han har raka sjølv, sjølvplukka molter eller aure som han har fiska.

Jolevers og beredskap

Sjølve julekvelden vaknar alle tidleg til ein roleg og lang morgon, med julesokk til kvar einskild, som mor har laga til. Den tradisjonelle julematen er enkel, så det er lite stress. Fiskesuppe med brau (flatbrød) og rundstykke, og aure med kling (søt lefse) etterpå.

– Eg har skjøna at mange strevar fælt med ribbe og svor, men hjå oss er det veldig roleg. Me set oss til bords i fem-seks-tida. Då les mor juleevangeliet og så syng me det såkalla Joleverset: Et lidet barn så lystelig. Det er eit kort, lite vers og me syng det berre ein gong, ikkje tre som tradisjonen var frå gamalt. Det er eg og mor og syster mi som syng høgast. Karane mumlar. Far kan ikkje synge, og dei hine føler seg ikkje heilt trygge på det. Og så er det mat. Men det er veldig viktig med denne måten å starte måltidet på. Høgtida skal skilja det frå andre måltid, seier Ingebjørg Bratland.

Etter fiskematen har familien ein mest rituell diskusjon om når dei skal eta dessert, som er sjølvplukka molter. Ungane er som regel meir ivrige på å opne pakker enn å eta dessert.

– Det er som regel små born heime hjå oss på julekvelden. Veslebror min er 11 år yngre enn meg, og då han byrja bli stor, blei mor og far såkalla beredskapsheim. Det betyr at dei blir kontakta og kan måtta rykke ut på kort varsel for å hente born som treng ein ny stad å vera. Sume blir buande hjå mor og far i fleire månader, sjølvsagt òg ofte i jula, fortel ho.

Dagen etter blir det feiring med besteforeldra, gomo og gofa, som kjem køyrande frå Gransherad med ribbe og det som høyrer til, og 2. juledag er det messe i kyrkja og feiring av fødselsdagen til far i huset.

Men etter det, er jula ferdig. Då ber det attende til byen.

none

Foto

Juleforteljinga om Marte Svennerud er med i boka. «Je tar alle sju», sa Svennerud, og tok til seg sju foreldrelause ungar. Ingebjørg Bratland har med forteljinga til ære for mor si, som òg hjelper barn i vanskar. Foto:Illustrasjon: Malin Gyllensvaan/ Cappelen Damm

Ikkje berre idyll

Men at ikkje alle har ei slik idyllisk, landsens jul kjem klårt fram i boka Ingebjørg Bratland har sett saman for Cappelen Damm i år. Der møter vi Putte og Oscar frå ei julenovelle av Lars Saabye Christensen, som får lære korleis det er å bli vaksne endå om dei er barn. Vi kan lese om den pakistanske innvandrarfamilien som freistar å strekkje seg etter å vera med på norsk jul, skildra av Gulraiz Sharif. Vi møter den rause Marte Svennerud («Je tar alle sju. Itte no’ knussel!») som Barbra Ring skreiv om. Den tok Bratland med til ære for mor si, som òg hjelper born i vanskar.

– Første gongen eg høyrde den forteljinga var då Åsmund Nordstoga las ho på ein julekonsert heime i Vinje. Marte Svennerud er ei brysk dame, skikkeleg storbonde, men likevel så utruleg raus. Eg lurte litt på om folk i dag kan greie å relatere seg til den forteljinga, men så tenkte eg på flyktningleiren i Moria og at her kan ein dra fleire parallellar. Vi kan vera litt rause. Eg håpar folk les ho og prøvar å flytte ho inn i dagens samfunn, så er ho framleis like aktuell, meiner Ingebjørg.

Eg tenkte på flyktningleiren i Moria. Vi kan vera litt rause

Åleine på julekvelden

Fleire songar med tekster, notar og besifring er det òg, mellom andre Hei desember, der Bratland prøvar å trøyste ein som sit ufrivillig åleine på julekvelden.

– Har du sjølv prøvd å vera åleine på julekvelden?

– Ja, det har eg faktisk. Det var rett nok frivillig, men det var likevel rart, veldig rart. Det blei slik fordi eg gjorde noko jobbegreier på dagtid julekvelden og så gjekk det ikkje nokon buss og så berre blei eg her. Det var litt trist – eller i alle fall vemodig. Då tenkte eg på dei som må gjera det år etter år, og som kanskje ikkje berre må vera åleine jolekvelden, men fyrste joledag og andre, og tredje. Så den songen er ein trøystesong til dei. Mange talar om det i desse dagar, at hvis du er einsam og åleine, blir det forsterka i høgtidene. Det skjønar eg godt. På sosiale medier er det fryd og gammen i bøtter og spann, så det blir vondt å samanlikne seg. Men akkurat då tenkjer eg at TV er ein god ting. Eg hadde i alle fall TV’n på den julekvelden eg sat åleine. NRK er gode på å lage koseleg TV i jula.

Langt heimanfrå

Ei anna rar julefeiring Ingebjørg Bratland har skrive song om er: Jula 2010. Då kjende ho seg ubeskriveleg langt heimanfrå.

– Det var den fyrste jula mi der eg ikkje var heime og det var veldig rart, men og veldig sunt. Han eg var saman med då hadde mor si i Sverige og me reiste dit. Ho hadde veldig dårleg råd og hadde ikkje fått førebudd noka feiring då me kom dit på svartjoleftan. For meg blei det òg litt vanskeleg at ho hadde fleire kattar, for eg er allergisk mot katt. Me sov på luftmadrass i den vesle stoga, mest innunder juletreet, og eg er litt allergisk mot gran òg, så eg låg med hovudet ut glaset for å få puste på nettene. Julekvelden var me berre eg og kjærasten og mor hans og gamlemor, som me henta i rullestol. Den bilen som skulle hente henne kom ikkje, så me trilla henne gjennom heile byen i snøver. Det blei ei inntrykksfull jul for meg. Det var rart å vera så få.

– Det som òg var veldig rart for meg, var at dei serverte alkohol. Eg er van med kvit joleftan, altså at me ikkje drikk alkohol. Mor mi er oppteken av at det er mange heimar der det blir for mykje drikking og at det er trist for ungane. Så ho vil ikkje at det skal vera akevitt og øl til julemiddagen eller fyrste dag. Men det var det i Sverige. Nubbe, kalla dei det – deira akevitt. Ingen las joleevangeliet, slik mor jamt brukar gjera heime, ingen song, men TV’en sto på heile tida. Eg lengta litt heim utpå kvelden då ja. Eg var vel eit par og tjuge år og det var litt flaut å lengte heim, men det var bra at eg fekk sjå at ikkje alle har det like greit som eg hev hatt, med jolekaker i byttur og spann, mat nok og varmt nok, stort hus der alle hev eigne rom og senger … Då fekk eg kjenne litt på det, seier Ingebjørg Bratland.

Foto

«Mange talar om det i desse dagar, at hvis du er einsam og åleine, blir det forsterka i høgtidene. Det skjønar eg godt. På sosiale medier er det fryd og gammen i bøtter og spann, så det blir vondt å samanlikne seg» Foto:Astrid Waller, Cappelen Damm

Yndlingspresten

Heilt ukjend med at sume ikkje har det så greit er ho likevel ikkje, for ho har ofte brukt å gå i Tøyenkyrkja som Bymisjonen driv. Der har ho høyrt Kari Veiteberg forkynne, for ho var gateprest før ho blei biskop.

– Når det var ho som preika, visste eg at eg kom til å få med meg det som blei sagt. Det er ikkje alle prestar som er like gode på det der med å formidle, men der er Kari ein einer. Derfor visste eg at den andakten me tinga frå henne, ville funke godt i boka. Og så er det dette jola handlar om: Jesu fødsel. Det er mykje nissar og slikt elles, så eg tenkte at eg måtte ha med noko som gjekk til kjernen og. Derfor har eg òg med Joleklokkur yver jordi. Den julesalma til Anders Hovden, er mi favorittjolesalme. Det er det beste sporet på plata Jol i Vinje med Vinje Songlag. Den er det mange heime som må høyre på i jula.

Eg er glad for at mor og far held på sine tradisjonar om ei roleg jul

Nokon må stelle fjøset

Foto

Ingebjørg Bratland gler seg til jul. Ho bur i Oslo, men til jul skal ho reise heim – til fjellstroka i Telemark. Foto:Astrid Waller, Cappelen Damm

Eit anna tankevekkande bidrag Bratland har plukka ut til boka er ei forteljing av Alf Prøysen som han skreiv for snart 70 år sidan: Matja Madonna. Her møter vi ei anna side av jula på Hedmarken enn den som er kjend frå julekorta: med dombjøller og kanefart der festkledde folk sit i ulveskinnspels og susar gjennom snøkledd landskap. Den idyllen er ikkje for alle. Nokon må stelle for dyra i fjøset jamvel om det er jul, og det blir Matja.

– Korleis var det med dette klasseskillet i heimbygda di?

– Å det er stor forskjell! Det er ikkje slike storgardar med fiff og halv-adel i Vinje som på Hedmarken. Heime i Vinje er det karrig og bratt og steinut, så den skilnaden hev eg aldri høyrt om. Har du ti mjølkekyr heime, så er det bra, men det er ingenting på Hedmarken. Vinje er frykteleg stort i areal, men mykje er fjell og vidde. Det som er fiffen heime no, er dei som sel unna hyttetomter, haha.

«Det skøyre spelet»

Tarjei Vesaas var ein sambygding av Ingebjørg Bratland, og ei av dei historiane som er med i boka ber preg av ei julefeiring langt frå dagens stress og overflod. Vesaas fortel om ei lita jente og ein mørkebrun kakemann som ho har så usigeleg lyst på. Han skildrar «det skøyre spelet gjennom alle ting før festen. Stilla. Ventinga. Skuggane av tvil og skimta frå komande lys».

– Dette «skøyre spelet» er ikkje så lett å finna i dag?

– Nei det blir meir og meir glorete og amerikanisera. Å gå ned Bogstadveien ein laurdag i desember er frykteleg slitsamt. Eg er glad for at vår familie har stramma veldig inn på pakkestrevet. Heime er det berre dei små som får. Og så er eg glad for at mor og far held på sine tradisjonar om ei roleg jul. Det vil eg og ta med meg når eg skal lage eiga jul ein gong. Høgtid og ro og levande ljos.

Ingebjørg Bratland
søn 20.02.2022 23:47
  • Debuterer som forfattar med boka Klokkene kallar, Tekstar, dikt og songar til jul.
  • Artist, låtskrivar – og forfattar.
  • Byrja å få undervisning i kveding som femåring.
  • I 2009 vann ho vokal klasse A under NM i folkemusikk på Geilo og fekk same året Vinje kommunes kulturstipend.
  • Debuterte med albumet Heimafrå saman med Odd Nordstoga i 2013.
  • Har sidan gitt ut fire album til, det siste i vår: Papirfly.
  • Prisar: Fureprisen, Hilmarprisen, Wenche Foss’ ærespris (saman med Norsk fosterhjemsforening).