Kulturjobb

Festivalsjef for Hilmarfestivalen

av: Kulturjobb
Publisert: 2. februar 2021 kl 23.23
Oppdatert: 24. februar 2021 kl 08.16

Vår noverande festivalsjef fortset som dagleg leiar og vil gå over til å arbeide meir med strategisk utvikling. Vi er i vekst og søker derfor etter ein festivalsjef i 100 % stilling for snarleg oppstart. Stillinga blir i første omgang lyst ut for ein treårsperiode med mulegheit for forlenging.

Du får ansvaret for å

  • Leie festivalorganisasjonen, med heile frivilligapparatet
  • Leie programrådets arbeid
  • Forhandle med artistar, management og arrangørstader; inngå kontraktar
  • Relasjonsutvikling overfor sponsorar og andre interessentar
  • Jobbe med omdømmebygging, marknadsføring, mediekontakt, PR og salg
  • Samarbeide med nasjonale og internasjonale miljø innanfor immateriell kulturarv og kunst
  • Arbeide året rundt saman med dei andre tilsette med arrangementsutvikling og prosjekt

Vi ønsker at du har:

  • Leiarerfaring, gjerne frå ein prosjektorganisasjon og frå arbeid med frivillige
  • Erfaring, utdanning og nettverk frå tradisjonskultur- og / eller musikksektoren
  • Erfaring med gjennomføring av festival, større event eller konsertar
  • Forhandlingserfaring
  • Erfaring med sponsorarbeid
  • Kjennskap til folkedans og / eller folkemusikk
  • God økonomiforståing og gode kommunikasjonsevner

 Om arbeidsgivaren

Hilmarfestivalen starta opp i 2003, og gjennom ca. 70 arrangement fordelt på ni dagar får mellom 10 000 – 12 000 publikummarar oppleve folkemusikk og beslekta musikkformer – samt møte dans, litteratur, forteljing, kunst og mat. Dette blir gjort muleg av ein stab på tre og over 100 frivillige. Vi er ein av dei store folkemusikkfestivalane i landet, og har også arrangement året gjennom.

Det er den allmennyttige Stiftinga Hilmar Alexandersen som vart starta opp i 2005 som står bak og eig festivalen. Stiftinga har 17 grunnfondsinnskytarar basert lokalt, regionalt og nasjonalt. Stiftinga har som formål å arbeide for immateriell kulturarv og kultur og næring, samt arrangere festivalen og andre arrangement året rundt. Stiftinga er også Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans (MSFF), vi driv Hilmarscena og HilmArt og er eigar av Hilmar AS: Norway Folk Management. Vi er koordinator for Fortellernettverket TALE med 20 organisasjonar. Her har vi fått finansiering av eit nytt prosjekt, og det er dette som gjer det muleg for oss å lyse ut denne stillinga.

Vi skal vere med og utvikle regionen og har ambisjonar om å visast betre som nasjonal aktør. I 2023 flyttar vi inn i det nye kulturhuset i Steinkjer saman med andre kulturinstitusjonar og vil få nye moderne fasilitetar å produsere i.

Om stillinga
søn 20.02.2022 23:47

Har du spørsmål, kan du kontakte dagleg leiar Johan Einar Bjerkem (92 84 05 53) eller styreleiar Turid Hofstad (480 41 342).

Stillinga er 100 %. Det kan vere aktuelt å dele stillinga i prosentstillingar. Lønn etter avtale.

Søknadsfrist: 15. februar. 

Send søknad med CV til johan.einar@hilmarfestivalen.no