Rådgjevar
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer deg som vil arbeide med frivilligheitspolitikk og kultur- og idrettspolitikk for barn og unge.
Du vil arbeide med oppgåver knytt til den rolla avdelinga har som forvaltar av sektorpolitikk og som sekretariat for den politiske leiinga i departementet. Oppgåvene vil vere varierte og omfattar mellom anna tilskotsforvalting, utarbeiding av vedtaksgrunnlag til politisk leiing, tilrettelegging av dialog med frivillig sektor og anna saksbehandling.
Du vil særleg arbeide med oppfølginga av tiltak i Frivilligheitsmeldinga og avdelinga sitt arbeid med barne- og ungdomskultur. Dette er prioriterte oppgåver i avdelinga, og dei fleste medarbeidarane i seksjonen er involverte i arbeidet.
Avdelinga har ansvar for to komande stortingsmeldingar: ei melding om barne- og ungdomskultur og ei melding om idrettspolitikken. Det kan bli aktuelt å delta i desse arbeida.
Du må vere budd på å stille kompetansen din til disposisjon for andre seksjonar og avdelingar i departementet. Stillinga vil innebere samarbeid med andre departement og etatar.
Kvalifikasjonar
Du må ha
- fullført utdanning på masternivå eller høgare(relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning)
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Vi legg vekt på personlege eigenskapar og søkjer deg som er
- analytisk og samfunnsorientert
- fleksibel og effektiv
- raus, og som bidrar til god samarbeidskultur
Vi tilbyr
Kulturdepartementet har eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø. Vi tilbyr utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. I Kulturdepartementet får du brukt kunnskapane dine i samarbeid med andre, og gjennom oppgåveløysing har du høve til å halde deg fagleg oppdatert.
Stillinga er plassert som 1436 rådgjevar og er lønt frå kr 464 000 til kr 563 700 i året.
For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vere aktuelt.
Vi held til i hyggjelege lokale midt i Oslo sentrum. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til trening i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Det er derfor eit personalpolitisk mål å få til ein balansert samansetning på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og dei som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukt til registerformål. Vi vil leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Offentleg søkjarliste og kontakt
Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med seniorrådgjevar Therese Koppang, telefon 22 24 80 49 / 992 27 235 eller avdelingsdirektør Heidi Karlsen, telefon 22 24 78 38 / 480 26 077.
Kulturdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri. Departementet har om lag 160 tilsette, for tida fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.
Avdeling for sivilsamfunn og idrett har ansvar for den statlege idrettspolitikken, kulturpolitikken for barn og unge og eit overordna ansvar for koordinering og samordning av den statlege frivilligheitspolitikken. Dette inneber mellom anna forvalting av overskotet frå Norsk Tipping til idrettsføremål, kulturføremål (til samfunnsnyttige- og humanitære organisasjonar, grasrot og Frifond).
Stillinga er plassert i seksjon SI2. Seksjonen har hovudansvaret for sivilsamfunnsområdet, kulturpolitikken for barn og unge og arbeidet med rammevilkår for frivilligheita. I dette ligg oppfølging av Frivilligheitserklæringa, etatsstyring av Kulturtanken, tilskotsforvalting til mellom anna Frifond, ulike ordningar for det frivillige kulturlivet, inkludering i idrettslag og lokale aktivitetsmidlar til idretten. Seksjonen har hovudansvaret for oppfølging av Meld. St. 10 (2018–2019) "Frivilligheita – sterk, sjølvstendig, mangfaldig. Den statlege frivilligheitspolitikken".