Foto

Det Norske Teatret

Kulturjobb

INSPISIENT

av: Kulturjobb
Publisert: 27. november 2020 kl 09.00
Oppdatert: 11. desember 2020 kl 01.00

Ansvarsområde

Hovudoppgåva til inspisienten er å vere administrativ leiar av prøver og framsyningar. Inspisienten er bindeleddet mellom administrasjonen og teknisk/kunstnarleg personale på dei produksjonane som han eller ho blir tildelt, og skal og sørge for at praktisk framdrift i produksjonen blir halde.

 

Du må kunne utarbeide praktiske løysingar innanfor gitte rammer i eit hektisk miljø, og ha evne til å takle raske omstillingar.

Utdanning

Du må ha relevant utdanning og røynsle som teaterinspisient på større produksjonar, og generelt god datakunnskap. 

Kvalifikasjonar

Vi søkjer ein ansvarsbevisst, innovativ og  løysingsorientert person med gode samarbeidsevner.  Du må kunne utarbeide praktiske løysingar innanfor gitte rammer i eit hektisk miljø, og ha evne til å takle raske omstillingar.

Spørsmål om stillinga

Hedda Rønneberg, Fagavdelingsleiar,hedda.ronneberg@detnorsketeatret.no
Telefon:
22473937,98610220

Søknadsfrist:

10.12.2020
Om Det Norske Teatret
søn 20.02.2022 23:47

Det Norske Teatret er landets største teater. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå. Nynorsk språk er teateret sitt viktigaste særmerke, og Det Norske Teatret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Denne tradisjonen skal vi halde i hevd.