Respons: Krafta til å skapa kjem utan postnummer

Publisert: 18. september 2022 kl 15.20
Oppdatert: 18. september 2022 kl 15.20

­

Distrikta er nøkkelen til ei vellukka omstilling av norsk økonomi, ei omstilling vi står midt oppe i. Og krafta til å skapa noko nytt, som løyser utfordringar og gjev inntekt og nye arbeidsplassar, finst over heile landet.Vi treng auka kunnskap om kva som faktisk blir skapt og kan skapast, utan omsyn til kvar i landet det skjer. Eg kunne legge fram ei lang liste med gründerar, bedrifter med stort eksportpotensial, høgteknologiske bønder, innovative fiskarar og andre som verkeleg får det til.

I distrikta er jordbruk, fiskeri, havbruk og reiseliv viktige, berande næringar, og utviklinga har vore formidabel. Ifølgje Det tekniske berekningsutvalet har jordbruket dei siste ti åra hatt ein gjennomsnittleg vekst i brutto arbeidsproduktivitet på meir enn fire prosent i året, medan den tilsvarande gjennomsnittlege veksten for Fastlands-Noreg er ein prosent. Investeringar, rekruttering og utviklinga i desse næringane er fundamentet for Noreg si evne til å posisjonere seg i nye vekstnæringar innan bioøkonomi, havrommet, helse og rein energi. Vi har investert i det stille i små og store fornyingar over tiår, og no kan vi begynne å hauste.

Bedriftene Highsoft, Delitek og Os ID er tre døme på at vi finn grunnfjellet og omstillingspotensialet i norsk industri og næringsliv i distrikta. Highsoft frå Vik i Sogn har sidan 2006 utvikla programvare for å formidle og presentere data, som blir selt over heile verda. Delitek, med base ytst i Alsvåg i Vesterålen, har ein verdsleiande posisjon innan system for handsaming av avfall på skip. Og Os ID i Østerdalen har 50 tilsette som utviklar, produserer og marknadsfører digital øyremerking for husdyr i 19 marknader. Dette er verksemder som bidreg til innovasjonskraft i nye vekstnæringar og -klynger, og skaffar nye arbeidsplassar og inntekter. Innovasjon Noreg er med på å byggje tusenvis av prosjekt og bedrifter over heile landet, på steder der ingen skulle tru at nokon kunne skapa noko som helst. I ei bygd i Nord-Trøndelag der det bur 2000 menneske, gav vi lån på 55 millionar kroner til eit oppstartsprosjekt, ein fabrikk for flytande biogass. Vi treng fleire som tør satse slik Biokraft i Skogn gjer. Prosjektet er ambisiøst, nyskapande og har potensial til å vekse internasjonalt. Det bidreg til å synleggjere Noreg globalt i det grøne, berekraftige skiftet.

Få norske bedrifter er store i den globale marknaden. Vi trur Noreg kan finne ein ny særstilling, og da må vi samarbeide i by og bygd. Difor må vi utvide forteljinga om Noreg og kva vi står for. Vi må fortelje om bedriftene våre, evna til å innovere og den teknologiske kompetansen vi har.Vi må eksportere innovative løysningar ut til store marknader og stå saman i arbeidet med å tiltrekke dei internasjonale verksemdene, turistane, investeringane og talenta til Noreg. Her har vi fortsett eit uforløyst potensial og ein stor jobb å gjera i lag.