Landskapet under isbreen
EIT NYTT POLITISK LANDSKAP?
Etter lokalvalet i fjor haust kunne ein få inntrykk av at alle etablerte politiske lover vart oppheva. «Et nytt politisk landskap» var tittelen på VG sin valganalyse umiddelbart etter valet.«Et nytt politisk landskap», lederartikkel, VG.no, 10.09.19, www.vg.no/nyheter/meninger/i/8mWlLd/et-nytt-politisk-landskap.«Et protestvalg som dramatisk endrer det politiske landskapet», hevda NRK.Magnus Takvam: «Et protestvalg som dramatisk endrer det politiske landskapet», NRK.no, 10.09.19, www.nrk.no/ytring/et-protestvalg-som-dramatisk-endrer-det-politiske-landskapet-1.14695406 Men er det faktisk eit dramatisk nytt politisk landskap me anar konturane av? La meg snarare hevde – tvert imot! Det me ser, er effekten av gamle, stabile strukturar og lange samfunnslinjer som me kun forstår om me børstar støvet av sentrale analyser av norsk historie og samfunnsutvikling. Det me ser, er djupe historiske furer i det norske politiske landskapet.
«De regionale særpregene som fascinerte Rokkan, finnes knapt mer», hevda BT sin dåverande politiske redaktør Frøy Gudbrandsen (no sjefredaktør) ved opptakten til valkampen.Frøy Gudbrandsen: «Periferien er i sentrum igjen», Bt.no, 07.08.19, www.bt.no/btmeninger/kommentar/i/xP728j/periferien-er-i-sentrum-igjen Ikkje berre trur eg ho tek feil, eg trur tvert imot at gårsdagens regionale særpreg er ein viktig nøkkel for å forstå dynamikken i dagens norske politikk. Det moderne Norge, slik me kjenner det, blir framleis forma i spenninga mellom eit knippe politiske kulturar som til saman utgjer Norge sin politiske geografi. I vår seinmoderne epoke har det sjølvsagt dukka opp nye historiske element som utfordrar desse strukturane, for eksempel auka sosial og geografisk mobilitet, global kapitalflyt, digitale og sosiale medium. Men poenget med denne teksten er å understreke forklaringskrafta til dei forbløffande seigliva skiljelinjene i Norge – også inn i vår flytande, globaliserte og digitale epoke.
Det er grunnar til at gamle regionale konfliktlinjer i dag kan stå fram som passé. I tiåra etter krigen vart desse tona ned fordi Norge vart eit meir homogent politisk fellesskap etter dei harde samfunnskonfliktane i mellomkrigstida og den eksistensielle krisa under krigen. Landet fekk ein veksande «funksjonærklasse», altså folk med stillingar utanfor primærnæringane og industriell produksjon. Dette sjiktet breidde seg utover landet i takt med at marknadsøkonomien og velferdsstaten gradvis vart dominerande rammer for arbeidslivet etter krigen. Den ekspanderande velferdsstaten hadde stort behov for funksjonærliknande arbeidskraft over heile landet, gjennom ein raskt veksande offentleg sektor innan helse, utdanning og administrasjon. Samtidig flytta det private næringslivet gradvis meir av arbeidsstokken frå produksjonsarbeid og over mot funksjonæren sitt «kontorarbeid».
Høyre og aller mest Arbeiderpartiet evna å kanalisere desse nye, veksande sosiale mellomsjikta inn under sine breie politiske venger. Frå sin base i lågare sosiale lag retta Ap seg mot funksjonærsjiktet innafor offentleg sektor og den nye middelklassen. Motsett vende Høyre seg, frå sin base i det høgare borgarskapet innan næringsliv og embetsverk, mot det nye funksjonærsjiktet i privat sektor og den same nye middelklassen. Toppunktet for desse to breie partia var stortingsvala i åra før og etter 1980, der dei til saman fekk om lag 70 prosent av stemmene.snl.no/Stortingsvalg_-_ resultater_1882-2017#-Stortingsvalg_1945-1957 For å bruke eit bilde: Me kan samanlikne denne veksten i desse nye og relativt homogene middelklassesjikta som vaks over heile landet, med ein isbre. Ein isbre viskar ut dei topografiske forskjellane i landskapet under seg og skapar eit nytt landskap som er meir flatt og einsarta. Og for å fortsette metaforen: Det me ser i dag, er at denne isbreen gradvis smeltar og avdekker eit politisk landskap me ikkje heilt kjenner att og derfor trur er nytt.
NORGES TI POLITISKE KULTURAR
Rundt 2010 vart det gjort eit forsøk på å definere Norges sosiologiske kanon.no.wikipedia.org/wiki/Norsk_sosiologisk_kanon Blant rekka med velkjente namn dukka den mindre kjente Gabriel Øidne opp med sin tekst «Litt om motsetninga mellom Austlandet ogVestlandet» frå 1957.Ved hjelp av empiri viste Øidne at det finst tydelege regionale forskjellar i politisk stemmegiving. Norgeskartet som Øidne skisserte, er nettopp eit kart over regionale kulturar. Det er ingen ny innsikt at det finst regionale politiske skilnader – det eine eller andre området kan vere «bastionar» for eit parti eller ei sak. Men det Øidne viste oss, var stabiliteten til denne politiske geografien over tid.Men eksempel finst, eksempel der Øidne er sentral. Sjå t.d. Jostein Ryssevik: Politisk geografi (1991) og Tor Bjørklund: Om folkeavstemninger. Norge og Norden 1905 – 1994 (1997). Denne politiske geografien tok i grove trekk form i løpet av 1800og tidleg 1900-tal, men enkelte av dei sentrale kulturane har enno eldre historiske røter. Grensene mellom kulturane er flytande, både geografisk og ideologisk. Men det som gjev kulturane særpreg, er kombinasjonane av sentrale skiljelinjer innafor samfunnsvitskapen: sosial klasse, kulturell kapital, sentrum mot periferi, marknadsorientering mot statsorientering, liberal/moderne mot tradisjonell/konservativ.
Korleis ein teiknar opp Norges politiske geografi, vil avhenge av kor «finmaska» inndeling den konkrete konteksten krev. Men det er spesielt ti kulturar som har hatt eit omfang og ei kraft som har gjort dei til dei mest sentrale i utforminga av det moderne Norge.Inndelinga er ei syntese av fleire analysar, men skuldar mykje til Rokkan, spesielt modellane som han teiknar opp i «Politisk forsking i Norge. Tilbakeblikk og utsyn» i Stat, Nasjon, Klasse. Det finst fleire, for eksempel den samiske diaspora-kulturen langs grensestroka frå Finnmark og til Østerdalen, men denne har i mindre grad prega nasjonal politisk historie (i alle fall fram til 1970-talet).Ein ny diaspora-kultur er på veg inn i det norske politiske feltet – innvandrargruppene som har komme til landet dei siste tre–fire tiåra. Denne kulturen er pr. i dag såpass ung at det er vanskeleg å sjå at den faktisk opptrer som ein samla, distinkt politisk kultur. Men me kan nok anta at denne vil påverke det politiske landskapet meir dei kommande tiåra enn den har dei føregåande åra, også fordi dette er i ferd med å bli ei viktig veljargruppe for enkelte parti og i enkelte byar, ikkje minst Oslo. Den lågare valdeltakinga kan indikere at spesielt innvandrargruppene frå utanfor Europa er relativt svakt politisk integrerte, men politisk er det ein klar tendens til at denne gruppa samlar seg på den politiske venstresida (sjå Øyvin Kleven: Innvandrere og stortingsvalget 2017 (Statistisk sentralbyrå 2019), www.ssb.no/valg/artikler-og-publikasjoner/_attachment/390242?_ts=16b73d0d3d0 Eg skal skissere desse ti kulturane. Og for ordens skuld: Rekkefølga i framstillinga under er tilfeldig, men har likevel ein form for tråd.
1. Sørvestkystens pietisme Denne er lett å sjå også i dag. Dette er det lågkyrkjelege bibelbeltet frå Agder til Nordmøre, området som i dag er den sentrale oljeog industrigullkysten i Norge. Sørvestkystens pietisme er langt på veg ein haugiansk kultur, bygd på Hans Nielsen Hauge si blanding av djupt religiøs pietisme, ei sjølvbergingsbasert forretningsånd og ein sterk, tidvis radikal, skepsis til sentralmakt og embetsverk. Det er vanskeleg å sjå for seg ein figur som beviser Max Weber sin tese om den protestantiske etikk og kapitalismens ånd på ein betre måte enn Hauge og samfunnsbevegelsen han skapte, som fekk så sterkt fotfeste langs heile sørvestkysten. Og det går ei ganske så rett linje frå denne gamle haugianismen og fram til dagens listhaugianisme. Når Sylvi Listhaug – med korset godt synleg på halsen – kombinerer utstrakt liberalisme, Israel-vennleg bedehus-basert kristenkonservatisme og steil motstand mot ein aktiv og detaljstyrande stat, står ho på skuldrene til denne kulturen og vidarefører han inn i vår tid. I ferske skildringar av denne kulturen finn me att dette i ganske så klare ordelag:
«Sunnmøringen vil klare seg sjølv, han», «For sunnmøringane spelar ikkje Oslo så stor rolle», «På Sunnmøre er staten fiende. Staten er det største fyordet», «Her handlar det i mykje større grad om motkultur og sjølvberging. Folk vil ha fred frå staten».Sitata er henta frå artiklane «– Derfor er Sunnmøre ein Frp-bastion», Einar Trovåg, Nrk.no, 25.07.19, www.nrk.no/mr/_-derfor-er-sunnmore-ein-frp-bastion-1.14602824. og «Få stadar er staten ein større fiende», Jon Hustad, Mørenytt, 09.10.17, www.morenytt.no/nyheiter/2017/10/09/F%C3%A5-stadar-er-staten-ein-st%C3%B8rrefiende-15429971.ece. Denne har også ei liknande oppsummering: www.smp.no/meninger/article113586.ece. I denne delen av landet er det derfor kort veg frå KrFs religiøse verdikonservatisme til FrPs statskritiske næringsliberalisme. Og derfor har KrF mista posisjonar til FrP langs denne kysten. Det er ganske enkelt å peike ut FrP-frontfigurar med jærdialekt, hordalandsdialekt og sunnmørsdialekt frå vår nære historie. Og det er spora av denne sjølvbergingsorienterte gründarkulturen me finn att i mange av industrieventyra langs vestlandskysten.
Denne kulturen har sitt kjerneområde i dei ytre kyststroka og med avstikkarar innover i fjordane.
Men lenger innover på Vestlandet, der det er meir fjord og fjell enn hav og horisont, er det som Øidne påpeikte, to ganske andre kulturar som har dominert – ein basert på ord og ein basert på jord.
2. Dei sørnorske fjordog fjellbygdene sin intellektuelle motkultur Der bibelbeltet enno er lett å få auge på, er denne kulturen tilsvarande utydeleg i dag. Men han var ei sentral politisk og samfunnsreformerande kraft i det tidleg-moderne Norge, altså frå dei siste tiåra av 1800-talet og fleire tiår framover. Denne bygdebaserte motkulturen var fundert på kulturelle kampsaker – det nynorske språket og å løfte fram verdien i den folkelege bygdekulturen. Motstandarane til denne motkulturen var den internasjonalt orienterte og dermed «unorske» høgkulturen som det urbane borgarskapet og den akademiske intelligentsiaen representerte. Kaffistova mot Theatercaféen.
Me har altså å gjere med ein demokratisk orientert og nasjonal norskdomsintelligentsia med base i det Bygde-Norge me finn att på begge sider av Langfjella frå Jæren, Indre Telemark, Hardanger,Voss, skulebygdene i Sogn og Fjordane, på Sunnmøre og via Lom/Otta til Tynset/Alvdal.Og faktisk med avstikkar nedover mot Trysil med Sven og Halldis Moren. For å seie det slik – kulturelt sett var Halldis Moren sin veg frå oppveksten i eit motkulturelt bygdeintelligentsiamiljø i Trysil og til ekteskapet med Vesaas i Vinje, ganske kort.
Dette var ein frilyndt og lite religiøs kultur basert på lærarar, bygdeintellektuelle og bondestudentar som inntok nasjonale kulturelle arenaer – akademia, presse, litteratur, teater. Det går ei rak linje mellom personar som Aasen, Vinje og Garborg og framover til Tarjei og Halldis Vesaas, Olav H. Hauge, Einar Økland og institusjonar som Samlaget og Det Norske Teatret. Og dei av oss som vaks opp på 1970og 80-talet, har vel enno minne om dei markante vestlandske røystene til folk som Heradstveit, Sørebø, Eikemo og Furre. Berge Furre var – slik Jon Fosse og Edvard Hoem er det i dag – eit eksempel på ein figur som står med det eine beinet i fjordog fjellkulturen og det andre i kystpietismen. Alle tre kjem frå stader som ligg midt mellom den ytre kysten og dei indre fjord og fjellstroka. På tilsvarande måte vaks figurar som Einar Førde, Frode Grytten og Kjartan Fløgstad – alle frå kraftindustristadar ved Vestlands-fjordar – opp med eitt bein i denne vestnorsk-intellektuelle motkulturen og det andre i industrikulturen. «Eg har eit lykkeleg forhold til Lovra ... Det er ein rikdom å ha eit slikt forhold til den plassen som har skapt meg. Geografisk er eg vel ein slags vestlending, men mange av trekka som definerer vestlendingen kjenner eg ikkje igjen. Dei einsidige industribyane var så særeigne at dei var heilt andre typar samfunn enn dei vestlandske bygdelaga som ikkje var industrialiserte». (Kjartan Fløgstad, intervju i Dag og Tid, 22. august 2019). Og når me i dag ser på Linda Eide sine språkprogram eller leser Agnes Ravatn, er det denne kulturen me har framfor oss.
3. Småbrukarkulturen i fjord-, fjellog dalbygdene Denne kulturen har i stor grad den same geografiske basen som den føregåande. Men der den føregåande kulturen har «Læraren» som arketype, er det «Småbrukaren» me møter her: den sjølveigande bonden. Denne praktiske og «jordnære» kulturen var i stor grad orientert mot småskalaproduksjon og dyrehald på små gardsbruk. Småbrukaren har aldri vore ein del av ein sosial elite og har derfor ikkje sett verda frå dei øvste trinna i samfunnsstigen. Men småbrukaren var heller ikkje ein del av det lågaste sjiktet. Slik sett har ikkje småbrukaren vore berar av eit sterkt klasseperspektiv, men har hatt ein sterk identitet som berar av ein bygdeorientert primærnæringskultur. Dette er kulturen som skapte det gamle Småbrukarlaget (legg merke til nynorsken i namnet) og det samvirkebaserte Felleskjøpet. Som me skal komme tilbake til: Enkelte av dei nasjonale leiarskikkelsane i Senterpartiet kjem frå denne kulturen, men det er mest i lokalpolitikken – med ein flora av ordførarar – at denne kulturen viser seg mest. For dei fleste av dei nasjonale leiarskikkelsane i Senterpartiet har blitt rekrutterte frå ein annan bondekultur.
4. Storbondekulturen i dei breie jordog skogbygdene Der det var relativt flate klassestrukturar i småbrukaren sine bratte fjellbygder, var det derimot ganske så bratte klassestrukturar i storbonden sine flate jordog skogbygder på det sentrale og Indre Austlandet og det fruktbare trønderske landskapet langs Trondheimsfjorden. Storbondekulturen er velkjent og skildra av forfattarar som Bjørnson, Prøysen og andre som levde tett på denne kulturen (generelt er det ofte gjennom litteraturen me opplever at dei ulike kulturane blir skildra og gjevne liv). I dag kan skiljet mellom småbrukarog storbondekulturen vere vanskeleg å sjå. Men dette var den svært viktige «kløften mellom store og små jorddyrkere, mellom øst og vest, mellom fjellbygd og flatbygd».Seip: «Flerpartistaten ...», side 208. Og som me skal sjå – denne sosiale, økonomiske og ideologiske kløfta finn me att i våre dagars politiske landskap.
Storbondekulturen, basert på mektige og sjølvbevisste slekter på storgarden eller godset, var bygdesamfunnet sitt aristokrati. Storbøndene var arbeidsgjevarar til arbeidarar og husmenn med dårlege levekår og arbeidsforhold. Denne gruppa med rurale småkårsfolk var derfor sterkt og vertikalt avhengige av bondepatriarkane.
Storbonden ser samfunnet ovanfrå. Storbondekulturen er ein svært konservativ kultur, ein nasjonalkonservativ kultur med sterke band til det parallelle urbane sjiktet av embetsmenn og borgarskap. Før sat storbonden lengst framme i kyrkja og hadde presten som gjest etterpå. Og det er ikkje tilfeldig at mange av dei sentrale Sp-leiarane i vår tid kjem frå dei fruktbare flatbygdene i Trøndelag eller på det Indre Austlandet.
5. Husmannskulturen i dei breie jordog skogbygdene Dette er den direkte motpolen til storbondekulturen. Og denne er også godt kjent frå litteraturen. Børli, Sandbeck og før nemnde Prøysen har gjeve detaljerte skildringar av dei små kåra og sterke klassestrukturane i jordog skogbygdene.
Den sterke befolkningsveksten i eit svært ruralt Norge utover på 1800-talet vart dels kanalisert ut av landet gjennom emigrasjon og dels inn i den veksande industrien i byane. Men denne veksten bidrog òg til at underklassen av tenestefolk, dagarbeidarar og husmenn i bygdene vaks sidan det oppstod eit overskot av arbeidskraft, eit overskot som vart forsterka av dei nye, effektiviserande teknologiane som gradvis kom med det store hamskiftet i landbruket.
Dette primærnæringsproletariatet var eit sjikt som var direkte økonomisk avhengig av bygdearistokratiet gjennom ulike former for husmannskontraktar og andre økonomiske band som gjorde dei avhengige av storbonden eller godseigaren. Husmannskulturen er sjølvsagt ikkje så lett å sjå i moderne tid, men fleire leiande Ap-politikarar har komme frå desse områda med store, primærnæringsbaserte klasseskilje. Sigbjørn Johnsen var kanskje den siste av desse i partiet sitt toppsjikt. I desse delane av landet hadde ikkje Høyre med sin urbane base eit stort nok veljargrunnlag til å få lokal makt (sjølv om den delen av Høyre som blir omtalt som «Bunads-Høyre», kjem frå desse rural-konservative storbondekulturane). Derfor har ikkje klassekampen i desse delane av landet stått mellom Høyre og Ap, men mellom Sp og Ap – to parti som har stått i ein ganske motsetningsfylt relasjon til kvarandre. Og dette ser me tydelege spor av framleis. I mange kommunar i Norge der Høyre ikkje har stor nok veljarbase, er det desse to partia som kjempar om makta. Det er eit interessant paradoks at desse to partia av historiske årsaker vanskeleg kan danne alliansar i mange kommunar, samtidig som dei nettopp gjer det nasjonalt.«Senterpartiet er et borgerlig parti, det er et grunneierparti», slo nyleg Thorbjørn Berntsen fast i eit radio intervju på NRK 21.01.20, radio.nrk.no/serie/ekko/MDFP02001520/21-01-2020.6. Fiskarbondekulturen i nord Dette er òg ein kultur som kan vere vanskeleg å få auge på i dag. Igjen er det litteraturen som kanskje er der me finn denne skildra best, gjennom for eksempel Petter Dass, Knut Hamsun og i nyare tid Roy Jacobsen. Fiskarbondekulturen i nord har eit par tydelege særtrekk i forhold til den sørnorske småkårskulturen, basert på jord og skog. Livsgrunnlaget til fiskarbøndene var nettopp kombinasjonen av fiske og småbruk. Denne kulturen har vore tett knytt til den tidlege pengeøkonomien gjennom den svært viktige fiskehandelen langs norskekysten gjennom fleire hundre år. Den andre delen av livsgrunnlaget, produkta frå dei små jordstykka og dyra som det var mogleg å livnære der, var i så stor grad boren oppe av den kvinnelege delen av arbeidsfellesskapet i fiskarbondekulturen at det er grunnlag for å hevde at fiskarbondekulturen er ein kombinasjon av den mannlege fiskaren og den kvinnelege bonden.
Denne kulturen har, med si plassering i den geografiske ekstremperiferien, alltid vore svært langt unna sentrum og sentralmakta. Og omvendt: Sentralmakta har fram til vår etterkrigstid hatt stor avstand til denne – for dei framande – kulturen langt nord. Fiskarbonden var altså ein skikkelse i kryssingspunktet mellom ein klassedefinert periferi, ein geografisk ekstremperiferi, samtidig som han var fundamentet for den nasjonalt berande torskeeksporten.
Ap sin dominerande posisjon i Nord-Norge etter krigen var ein konsekvens av at fiskarbøndene historisk sett var småkårsfolk, samtidig som etterkrigstidas Ap-stat styrka posisjonen sin i nord gjennom ei aktiv industrisatsing og etablering av andre moderne samfunnsinstitusjonar i landsdelen. I tiåra etter krigen flytta mange bort frå fiskarbondekulturen langs kysten og inn til nye industristader i nord, som eksempelvis Mosjøen, Mo i Rana og Glomfjord:
Nord-Norge har vært selve legemliggjøringen av Arbeiderpartiets historiske og mest slitesterke velgerallianse, i pendelen mellom oljehyre og kjeledress. Lønnsarbeid i servicebedriftene, fiskere og småbrukere i primærnæringene, offentlig sektor og industriarbeidere. Å binde dette sammen i et interessefellesskap, har vært grunnmuren i Arbeiderpartiets suksess, kombinert med industrisatsing og en aktiv stat. Med sin småkårsarv, både i fiskebåten og på fabrikken, stolte nordlendingene på at Arbeiderpartiet forsto dem, så dem og løftet dem.Skjalg Fjellheim: «Det gjenstridige folket i nord», Bt.no, 06.08.19, www.bt.no/btmeninger/kommentar/i/awq9oM/det-gjenstridige-folket-i-nord. Og då er det naturleg å gå vidare til den kulturen som i størst grad definerte den politiske utviklinga i det førre hundreåret:
7. Den urbane industrikulturen Denne kulturen definerte og dominerte norsk politikk gjennom store delar av 1900-talet. I all hovudsak vaks den moderne industrien fram i urbane strøk og skapte nye store samfunnssjikt med mannlege og kvinnelege industriarbeidarar med dårlege livsog arbeidsvilkår. I tillegg skapte industrikulturen nye «semi-urbane» område gjennom floraen av nye industritettstader. Denne kulturen er i sitt vesen ein sosial, klasseorientert og i starten ganske radikal kultur, basert på kampen for reduserte klasseskilje og sosial utjamning. For å oppnå dette har denne vore sterkt kollektivt orientert og har hatt blikket retta mot sosial-økonomiske spørsmål og kampen for sosiale rettar. Sjølv om industriarbeidarane (av begge kjønn) på fabrikken er arketypen på denne kulturen, innlemmar den òg andre «industrielle» arbeidsformer baserte på fysisk lønnsarbeid og stor arbeidsstokk (eksempelvis gruver og handverksproduksjon).
8. Den merkantil-liberalistiske kulturen Dette er motpolen til industrikulturen og har ofte blitt karikert gjennom den borgarlege fabrikkeigaren og kapitalisten. Kulturen høyrde heime i same urbane miljø, men då sjølvsagt i dei «penare» delane av byen, gjerne fysisk høgare oppe i lier og åsar i god avstand til industriarbeidarklassen. Denne kulturen er derfor markant urban, han er økonomisk liberalistisk og kritisk til ein for intervenerande og omfangsrik stat. Han er òg så marknadsøkonomisk orientert at politiske vurderingar og mål ofte krinsar rundt lønnsemd, avkastning, vekst, nyskaping og konkurranseevna i privat sektor.
Men sjølv om denne kulturen er kritisk til ein stor og aktiv stat, er den tradisjonelt nær knytt til den like urbane embetsmannskulturen gjennom tette sosiale og kulturelle band.Ref. Seip: «Flerpartistaten ...», side 206. I dag finn me att denne kulturen i NHO, innafor bank og finans og hjå ein del leiande industrileiarar med marknadsøkonomiske rammer rundt rolla si. Eit ferskt eksempel: Det er denne kulturen som argumenterte mot at Norge burde gå inn i ei verdibasert konflikt med Kina fordi det vil skade Norges økonomisk-industrielle interesser.
9. Embetsmannsstaten sin kultur i hovudstaden Eit av Jens Arup Seip sine mesterstykke var evna til å sirkle inn den embetsmannskulturen som hadde ei så dominerande rolle i styringa av den unge norske staten i dei viktige tiåra etter 1814. Embetsmannsstaten sin kultur er basert på roller som definerer seg som samfunnsstyrande, og ergo har eit distinkt ovanfrå-definert utsiktsblikk på samfunnet. Kulturen var bygd på dei tradisjonelle statsstyrande disiplinane og sektorane som juss, samfunnsøkonomi, statsvitskap, forsvar og teologi – etter kvart utvida med ingeniørar, leger og andre med viktig samfunnsbyggande kompetanse.
Embetsmannskulturen sitt ideal er å vere politisk nøytral, å evne å balansere ulike samfunnsinteresser innafor ein større samfunnsmessig heilskap («til det beste for landet»), og at samfunnsstyringa skal vere basert på fagkunnskap, langsiktig styringsevne og ein politisk-administrativ realisme. Derfor ligg det i denne kulturen sin ryggmarg å søke seg mot det økonomisk «ansvarlege» og politisk «styringsdyktige». Og ambisjonen om å bygge på fagleg rasjonalitet finn me att i dagens statsstyring, som i stor grad er basert på fagetatar og ein flora av utredningar, analyser, NOU-er, rapportar og andre former for kunnskapsog faktaproduksjon som gjev det faglege fundamentet denne kulturen ser på som det einaste legitime grunnlaget for politiske avgjerder. Store, ideologisk drivne endringsambisjonar er for denne embetsmannskulturen eit teikn på ein uansvarleg idealisme som tidvis grenser til rein radikalisme og svermeri.
Ein embetsmannskultur vil generelt sett vere sterkt urbant orientert sidan stort sett all administrasjon er å finne i byar. Men embetsmannsstaten sin kultur vil naturleg nok ha ein svært sterk geografisk konsentrasjon mot statens sentrum – hovudstaden.
10. Den urbane, akademiske kulturradikalismen Eg kunne ha valt å kalle denne for «68-kulturen» fordi han fekk ein sterk vekst frå og med den breie utdanningsrevolusjonen frå seint 1960-tal og framover. Men kulturradikalismen har røter tilbake til det motkulturelle, akademiske miljøet på 1800-talet.Ref. Seip: Utsikt ..., s. 133. Kulturen er basert på høg grad av kulturell kapital og står derfor langt frå den sosiale og klasseorienterte radikalismen i industrikulturen. Kulturen er svært urban sidan han er skapt rundt byar med sterke akademiske utdanningsinstitusjonar og tilsvarande arbeidsmarknader. Han er òg verdibasert og idealistisk orientert.I den norske sosiologiske modellen Norsk Monitor er dette svært tydelege særtrekk – dette er ein moderne-idealistisk kultur i denne modellen. Dessutan bidreg det høge utdanningsnivået til ei sterk internasjonal orientering. Dette betyr at internasjonale, verdibaserte tema som for eksempel klima, internasjonal solidaritet, bistand og innvandring, er sentrale i denne kulturen.
Men trass dei store skilnadene i verdisyn mellom denne radikale kulturen og den meir konservative embetsmannskulturen, er vegen mellom dei likevel kort. Dette har si rot i at begge bygger på høgare utdanning og kulturell danning. Dette gjorde vegen inn i det statlege embetsverket ganske kort for den nye akademiske generasjonen frå 1970-åra. Den kulturradikalismen desse sjikta målbar, har difor sett eit tydeleg preg på det statlege embetsverket og den nasjonale politikkutforminga dei siste tiåra.
DEI TI KULTURANE OG VÅR TIDS POLITISKE DYNAMIKK
Dette korte risset av dei ti politiske kulturane gjev eit rammeverk som hjelper oss med å sjå at under straumen av politiske enkeltsaker, personar og hendingar finst det stabile ideologiske skilje som også påverkar dagens politiske Norge. Eit knippe tydelege friksjonsflater frå nyare norsk politikk kan fungere som eksempel:
Senterpartiets to kulturar. I 2018 kom det som hadde vore ein lengre intern konflikt i Senterpartiet, ut i det offentlege rommet. Konflikten vart framstilt som ein personstrid mellom partileiar Liv Signe Navarsete og eit knippe unge trøndarar, og kulminerte med ein lite elegant sms. Men om me ser bak enkeltpersonane og sms-ane, ser me noko anna. Sogningen Liv Signe Navarsete er ein tydeleg berar av småbrukarkulturen med sitt sentrum-venstreorienterte blikk og sitt kjerneområde i fjordog fjellbygdene langs Langfjella.Trønderen Ola Borten Moe er på same vis ein tydeleg berar av storbondekulturen med sitt langt meir høgreorienterte, næringsliberale tyngdepunkt.
Striden mellom Navarsete og Borten Moe var nok meir enn ein personstrid, det var ein strid som viser at den gamle, latente friksjonen mellom desse to bondekulturane enno lever i Senterpartiet. Striden var ein politisk kulturkamp, der storbøndene ville ta kontrollen over partiet frå småbrukarane tilbake til dei trønderske og austlandske storbøndene. Eit KrF for Sør-Vestlandet eller for heile Norge? Sunnhordlendingen og «vestkyst-pietisten» Knut Arild Hareide er ein så rutinert politikar at me må legge til grunn at hans ønske om ei ny politisk retning for KrF var fundert på meir enn eigne politiske ideal og relasjonar. Hareides ambisjon var å reposisjonere partiet innafor nye segment som høyrer til ein moderne-idealistisk kristendom som nærmar seg kulturradikalismens verdisyn. Denne meir urbane versjonen av kristendommen – la oss kalle han for «Kirkens Bymisjonsog gateprestkristendommen» – er langt meir verdiradikal når det gjeld kristne kjernesaker som for eksempel Israel, seksuelle legning og kvinnelege prestar. Men Hareide såg nok at det kristne veljargrunnlaget for framtida er å finne her. Dei meir verdikonservative fraksjonane såg kva slags marginalisering dette ville innebere for sine syn, og mobiliserte derfor mot denne reorienteringa. Den geografiske stemmefordelinga på landsmøtet i 2018 understreka at det var sørvest som sørga for nederlaget til Hareide. Og som me har vore inne på – avstanden mellom den kystpietistiske delen av KrF og det verdikonservative og næringsliberale FrP og Høyre er ganske kort.
Eit sosialdemokrati i krise. Ap sin enormt sterke posisjon i gullalderen etter krigen var resultat av eit politisk «monstergrep». Under sin politiske paraply samla partiet perspektiva og interessene til den framveksande industrikulturen, den rurale husmannskulturen i Austog Midt-Norge, fiskarbondekulturen i Nord-Norge og etter kvart den nye funksjonærklassen som vart tilsatt i ein raskt veksande offentleg sektor. Denne alliansen av folkerike veljargrupper, som hadde til felles at dei levde i ganske små kår langt unna den politiske, økonomiske og kulturelle eliten, bar Ap fram til den suverene maktposisjonen partiet forvalta i dei tiåra som i dag står fram som sosialdemokratiet sin gullalder.Ved hjelp av eit nytt leiarsjikt av partiembetsmenn og -strategar vart partiet sitt kraftige mandat omskapt til konkret politikk og styringskraft – Arbeiderpartistaten.
Denne alliansen ser ut til å ha komme i ein sterk ubalanse. Ap har mista delar av sin sterke posisjon i fleire av dei kulturane partiet historisk har basert si samfunnsmakt på. Samtidig har embetsmannskulturen fått ein meir sentral plass i partileiinga frå og med Brundtland-epoken. Og det er kanskje ein årsakssamanheng her – det kan sjå ut til at eit gradvis sterkare preg av embetsmannskultur har skapt store spenningar mellom kulturane som utgjer Ap sin berande allianse. I dei siste åra har me òg sett tendensar til at representantar for den kulturradikale kulturen har tatt posisjonar i leiinga i partiet. Dette har påverka Ap sin profil og politikkutforming på saksområde som innvandring, klima og seksuell likestilling. Og som omvendt ser ut til å ha gjort partiet sin posisjon på saksfelt som sosial fordeling, arbeidslivsog distriktspolitikk, meir utydeleg. Dei siste seks åra har partiet vore i opposisjon og burde derfor vere i stand til å kanalisere aukande politisk frustrasjon i sin retning. Men det ser ut til at Ap blir så sterkt identifisert med «det styrande sjiktet» at dei ikkje greier dette. Det ser ut til at Ap for mange er blitt ein berar av embetsmannsstaten sin kultur. Dette har gjort at andre parti aukar sine sjansar til å ta nye posisjonar i «frustrerte» veljargrupper. Dette gjeld i våre dagar kanskje spesielt Sp, FrP og Rødt, som forsøker å kanalisere desse veljarsegmenta til seg.
Diplomaten Jonas Gahr Støre er ein markant berar av denne embetsmannskulturen. Støre verkar nesten ute av stand til å målbere særinteresser gjennom ein spissa utspelspolitikk – han søker seg instinktivt mot ei rolle som den samlande kraft gjennom dialog og kompromiss. Derfor får han utfordringar med å appellere til dei andre kulturane Ap er avhengig av. Ap vurderte at han var rett person til å ta over etter den like sterkt embetsmannsorienterte Stoltenberg, men akkurat no kan det sjå ut til at den politiske skjebnen til Støre kanskje blir å vere han som var rett person, men til feil tid.
FrP sin regjeringsexit. FrP sitt ideologiske fundament og eksistensgrunnlag er som eit sterkt statskritisk parti med sterk motvilje mot ein sterk stat og den embetsmannskulturen som understøttar ein sterk og aktiv stat. Slik sett skulle ein tru at det var stor avstand mellom FrP og eit parti med så sterkt innslag av embetsmannskultur som Høyre. Årsaken til at denne alliansen har fungert, er at det er liten avstand mellom FrP og den næringsorienterte og liberalistiske delen av Høyre. Begge har sterk base langs sørvestkysten, og denne alliansen har i fleire år satt det statsorienterte Embetsmanns-Høyre litt i den politiske skuggen.
Bakgrunnen for FrP sin regjeringsexit er grovt sett todelt. Den utløysande årsaken handla om at regjeringa sin utviding med spesielt Venstre skapte så store politiske avstandar at kompromissbehovet vart for stort. Men kanskje den viktigaste årsaken var at partiet over tid vart ein berar av den embetsmannsstatskulturen partiet er skapt som protest mot. Dette skapte ein nesten eksistensiell utfordring som gjorde at partiet måtte tre ut av den statsberande rolla for å ta tilbake sin profil og appell hjå sin eigen veljarbase.
Miljøsaka – den unge kulturradikalismen si fanesak. Klimasaka er ei «ung» politisk sak som tilsynelatande bryt med dei tradisjonelle politiske skiljelinjene og representerer ein heilt ny politisk dimensjon. Men når me analyserer det ideologiske fundamentet bak denne saka, ser me at dagens klimasak har vakse ut av kulturradikalismen – sekstiåttarane sin kultur. Dette såg me allereie med kampen mot atomvåpen og motstanden mot naturinngrep på 70-talet, og enno er den sosiologiske basen under klimasaka sterkt prega av urbane, akademiske grupper. Så sjølv om dagens klimakamp verkar ny og veljargrunnlaget er ungt, er dei underliggjande politiske strukturane som evnar å forklare det ideologiske fundamentet, gamle. Klimasaka ser ut til å passe heilt inn i kulturradikalismen sine konfliktaksar, både ein sentrum/periferi-konfliktakse og ein sosial-materiell klasseakse. I lys av dette er dei aktuelle bompengeog ferjeprissakene omvendte klimasaker som provoserer fram ein økonomisk motivert protest frå sosiale sjikt med klasseeller periferidimensjonen som viktige drivkrefter. Det krev ikkje stor politisk fantasi for å spå at me vil sjå fleire saker av denne typen dei neste åra.
DEN URBANE TRIUMFEN: NY-EMBETSMANNSSTATEN SIN EPOKE OG KULTURADIKALISMEN SI VERDIMAKT
Ein annan ting me kan forstå betre gjennom å analysere vår tids politikk ved hjelp av dei ti kulturane, er at to av kulturane ser ut til å ha styrka sin politiske posisjon vesentleg i vår epoke – embetsmannsstaten sin kultur og kulturradikalismen.Det ser faktisk ut til at den klassiske økonomiske og klasseorienterte konfliktlinja har mindre forklaringskraft som politisk konfliktlinje i våre dagar enn den kulturradikalismen si kulturelt-normative konfliktlinje og ny-embetsmannsstaten si politiske-administrative konfliktlinje sjølv om det kjem analysar som peiker på aukande økonomiske avstandar i befolkninga. Som i så tilfelle er eit argument for at også den merkantil-liberalistiske kulturen har styrka sin relative posisjon og blitt mektigare. Men dei har styrka seg på forskjellige felt. Kulturradikalismen har styrka sin posisjon dei siste tiåra ved at denne verdiorienterte kulturen har evna å etablere ei sterk normativ premissmakt på fleire politiske saksområde. Dei siste tiåras bistandspolitikk, miljøvern, likestilling, seksualpolitikk og den idealistiske vridinga – av kritikarar gjerne omtalt som ei «sosionomisering» – innafor både utdanningssektoren, velferdspolitikken og kriminalomsorga, er i stor grad eit resultat av at denne kulturen er blitt det normative og delvis moralsk begrunna fundamentet under fleire av velferdsstaten sine sentrale politikkområde.
Den andre delen av den urbane triumfen er framveksten av ein ny-embetsmannsstat. Der den gamle 1800-talsversjonen var bygd på eit tynt sjikt med mektige embetsmenn og embetsmannsslekter, består dagens ny-embetsmannsstat av eit breiare konglomerat. Dette konglomeratet er resultatet av tett integrasjon mellom miljø av blant anna statsbyråkrati, rikspolitikk, ulike nasjonale institusjonar og interesseorganisasjonar, medium, lobbyistmiljø og forskingsmiljø, konsulenthus og andre «ekspertmiljø». Dei sistnemnde miljøa, som av og til kan vere vanskelege å få auge på, har som rolle å produsere analyser og utredningar som gjev den nødvendige faglege legitimitet til ny-embetsmannsstatens politikkutforming.
Begrepet «konglomerat» er brukt for å understreke ny-embetsmannsstatens komplekse, nesten uoversiktlege, oppbygging. Den gamle embetsmannsstaten var bygd opp rundt få formelle, hierarkiske maktposisjonar. Ny-embetsmannsstaten er meir relasjonell og nettverksorientert. I det ligg det at den enkelte sin posisjon er eit resultat av lite formaliserte relasjonar og prosessar vel så mykje som formelle posisjonar og prosessar. Slik blir kven du kjenner viktigare enn kva du kan. Derfor blir dette relasjonelle nettverket skapt og oppretthalde av ein flora av årsmøte, seminar, Arendalsveker, mediedebattar, utval, tenketankar, kommisjonar og andre nettverksetablerande arenaer.
Slike relasjonelle nettverk står i fare for gradvis å lukke seg om seg sjølv gjennom ein innovervendt dynamikk. Og når det skjer, aukar sjansane for at dei tema som ligg langt unna nettverket si sosiale verkelegheit og politiske interessefelt, glir ut av synsfeltet. Det er dette Trine Eilertsen peiker på når ho må slå i bordet om oljearrogansen i visse kretsar i hovudstaden,Trine Eilertsen: «En hyllest til oljeeventyret», Aftenposten.no, 02.02.16, www.aftenposten.no/meninger/kommentar/i/ve85/en-hyllest-til-oljeeventyret-trine-eilertsen. når trønderske media må påpeike at dette sjiktet sitt blikk er vendt mot eit seminar i Arendal som får massiv merksemd, samtidig som ein svært viktig konferanse for ei av landets bærande næringar skjer i Trondheim og får tilsvarande lite merksemd,John Arne Moen: «Norge kan ikke leve av konstruerte debatter», Trønderavisa, 19.08.17, www.t-a.no/nyheter/2017/08/19/Norge-kan-ikke-leve-av-konstruerte-debatter-15176956.ece. eller når ein sentral kulturleiar må forklare for sitt eige sosiale sjikt at Senterpartiet sin popularitet er ganske forståeleg sett frå andre delar av landet.Cathrine Sandnes: «Sauebondens populisme», Dagbladet 03.08.19, www.dagbladet.no/kultur/sauebondens-populisme/71454504 Ein annan mekanisme ved nettverket sin dynamikk er at relasjonelle omsyn kan bli viktigare enn faktiske politiske skiljelinjer. Me ser i dag trekk som tyder på ei nedtoning av ideologiske og politiske forskjellar innafor ny-embetsmannskulturen sitt sjikt. Dette kan ha si årsak i at dei ideologiske ulikheitene internt i konglomeratet reelt sett er små. Men det kan òg ha si forklaring i at det er hensiktsmessig å tone ned politiske skilnader. Den som tek «harde» politiske posisjonar, risikerer å redusere sin personlege mobilitet i dette feltet over tid. Det er ikkje lenge sidan Hadja Tajik rokerte i rådgjevarkorpset sitt, og der rådgjevar kom frå First House for å erstatte rådgjevar som gjekk til NHO. Og Miljøvern-departementet fekk nyleg ein ny statssekretær – Mathias Fischer – som raskt og saumlaust har forflytta seg mellom roller som ungdomspolitikar, journalist, lobbyist og nå statssekretær. Dette er to av mange eksempel som illustrerer dynamikken i ny-embetsmannsstaten – ideologiske forskjellar og grensene mellom politikk, embetsverk, fagmiljø, media og interesse-organisasjonar blir gradvis viska ut.
For den som står utanfor ny-embetsmannsstaten sitt komplekse relasjonskart, verkar dette som ei nesten ubegripeleg og ugjennomtrengjeleg sfære. Dynamikken i ny-embetsmannsstaten sitt nettverk gjer at han blir sterkt Oslo-konsentrert. Det er nok fleire i sentrale politiske og administrative roller rundt om i Norge som i møtet med dette hovudstadsbaserte nettverket har kjent på ei snikande kjensle av å vere på «utsida av der det skjer».
Dei politiske protestane dei siste åra har blitt retta mot nettopp kulturradikalismen si normative makt og ny-embetsmannstaten si politisk-administrative makt. Og sidan dei andre kulturane utgjer store veljargrupper, vil det å stemme mot det som blir sett på som kulturradikalismen og ny-embetsmannsstaten sine «elitar», fort gje markante utslag. Me ser det over heile Vesten: Mange av dei tradisjonelle statsberande partia som har skapt sin posisjon gjennom å ta rolla som breie, samlande styringsparti, møter ein aukande, til dels aggressiv motstand. Isbreen ser ut til å smelte stadig raskare.
Men dette gjer oss òg i stand til å sjå at det er snakk om to ulike friksjonsflater. Reaksjonen me ser mot ny-embetsmannsstaten, er ein motstand mot den aukande statlege maktkonsentrasjonen i hovudstaden, medan reaksjonen me ser mot kulturradikalismen si verdiog premissmakt, er retta mot ein vagt definert liberal, urban og «politisk korrekt kulturelite». Derfor er den eine konfliktlinja Oslo mot resten av landet, den andre høgt utdanna by mot lågare utdanna land.
Men desse går over i kvarandre. Delvis fordi hovudstaden blir symbolet på begge kulturane, men òg fordi kulturradikalismen si normative definisjonsmakt som nemnt ligg under politikkutforminga på viktige saksfelt. Og for det tredje blandar me dei to konfliktlinjene saman fordi desse kulturane er urbane og bygd på høg kulturell kapital og derfor vil ha ei blindsone for sosiale klasseperspektiv og for periferien – landbruket, kysten, Bygde-Norge og småstadene – sine perspektiv og behov.Vår tids urbane triumf og sentrumsdefinerte premissmakt skapar ein aukande protest frå dei kulturane som står langt unna denne.
PÅ VEG MOT NY-FLEIRPARTISTATEN?
Norsk politikk har blitt skapt, blir skapt og vil bli skapt gjennom eit konstant samspel og maktspel, konflikt og kompromiss, friksjon og forlik mellom dei dominerande politiske kulturane i landet.
Jens Arup Seip si klassiske analyse av Norges politiske historie var bygd rundt ei sentral brotflate – overgangen frå embetsmannsstaten til fleirpartistaten i dei siste tiåra av 1800-talet. Norsk politikk var i desse åra prega av svært harde og polariserte frontar fordi fleire konfliktlinjer forsterka kvarandre og skapte harde frontar med lite rom for mellomposisjonar.«Konflikten hadde usedvanlig bredde og usedvanlig bitterhet. Det kom av at den politiske strid også innebar en klassekamp og en kulturkamp ... Bøndene stod stadig uforstående og fiendtlig overfor den akademiske kultur», skreiv Seip (Utsikt, s. 207) og underbygde med sitat frå epoken sin sosiale elite: «Vi har en følelse av at ville krefter er i virksomhet. En oppløsningens tid synes å være kommet, og det tør være mange der spør engstelig hva enden blir» (s. 209) og «... der gives snart ingen nøytral grunn hvor man møtes i fred» (s. 210). Parallellane til vår tid bør vere enkle å sjå. Men denne kampen var forutsetninga for eit meir ope og meir inkluderande samfunn som er fundamentet for det moderne politiske og demokratiske Norge.Sjå Johansen: Komme til orde, s.743–760. Det me ser kimen til i våre dagar, kan faktisk vere ein parallell overgang frå dei siste tiåra sin ny-embetsmannsstat over mot ein kommande ny-fleirpartistat. Og så får me håpe at det politiske Norge som vil ta form framover, er eit Norge som evnar å gjenfinne ein nødvendig tillit og likevekt mellom landet sine politiske kulturar, slik at me kan bevege oss mot eit meir ope og forsonande «postpolarisert» politisk klima. Alternativet – eit gradvis meir politisk polarisert land – vil på sikt true den fundamentale samfunnstilliten som evna å balansere Norge sine ulike politiske kulturar, og som er nøkkelen til å forstå den norske velferdsstaten.
KORONA-ETTERSKRIFT
Eg byrja å skrive denne teksten før korona braut ut. Brått blei verda slik me kjente ho endra, nesten over natta. Men eg trur at poenga i teksten står seg også etter at Norge har vore gjennom ei brå samfunnskrise. Kanskje står dei seg til og med endå betre. For perspektiva eg har forsøkt å skissere i denne teksten, gir oss fruktbare nøklar til å forstå den politiske utviklinga og sentrale sakene dei siste månadane. Når me forsøker å gripe heile den nasjonale korona-strategien og handteringa av krisa, ser me eit eksempel på embetsmannsstaten si grunnleggjande tenking. Vektlegginga av faglege vurderingar og tyngda til fagetatane i den nasjonale handteringa, har vore så sterk at det underliggjande credoet gjennom desse månadane ser ut til å ha vore «med fag skal landet styrast». Denne framhevinga av fagleg tenking tonar automatisk ned dei politiske vurderingane og skapar eit inntrykk av at situasjonen er reint fagleg handtert og ergo er politisk nøytral. Viss me ser på den ganske bitre ordvekslinga mellom nord og sør i den fyrste koronafasen, finn me att den nordlege ekstremperiferien si lange historiske misnøye med å bli styrt etter sentrum sine premiss sjølv når premissa er annleis i nord. Den økonomiske debatten om korleis store statlege midlar skal kanaliserast, viser oss forskjellen mellom embetsmannsstaten sin økonomiske rasjonalitet (krisa skal minimerast ved å få dei viktigaste samfunnsøkonomiske hjula i gang igjen så raskt som mogleg) og den idealistiske rasjonaliteten som er heilt motsatt (krisa må brukast til å omstille økonomien mot klimavennlege sektorar og skape eit meir berekraftig samfunn). Her ser me kontrasten mellom kulturradikalismen si verdibaserte tenking og embetsmannsstaten si økonomisk-administrative tenking.
LITTERATUR I UTVAL:
Drivenes, Hauan og Wold (red.): Nordnorsk kulturhistorie, bind 1 – Det gjenstridige landet, Gyldendal 1994.
Furre, Berge: Sant og Visst, Samlaget 1997. Furre, Berge: «Hans Nielsen Hauge og det nye Noreg» i Christoffersen (red.): Hans Nielsen Hauge og det moderne Norge, Norges forskningsråd 1996. Grepstad, Ottar: Det nynorske blikket, Samlaget 2002. Høydal, Reidun: Ein ny norsk elite: norskdomsrørslas akademi- karar. Forum for universitetshistorie, skriftserie 1/1998, Universitetet i Oslo. Jaklin: Asbjørn: Historien om Nord-Norge, Gyldendal 2004. Johansen, Anders: Komme til orde. Politisk kommunikasjon 1814–1923, Universitetsforlaget 2019. Nielssen, Alf Ragnar (red.): Fangstmenn, fiskerbønder og værfolk fram til 1720. Norges fiskeriog kysthistorie 1, Vigmostad & Bjørke 2014. Nærbøvik, Jostein: Norsk historie 1860 – 1914 – Eit bonde- samfunn i oppbrot, Samlaget 1999. Olsen, Johan P: «Sentraladministrasjonen i en utfordrende æra. Tid for ettertanke», Norsk Statsvitenskapelig Tidsskrift, 1/2019, www.idunn.no/file/pdf/67118035/sentraladministrasjonen_i_en_utfordrende_aera_tid_for_etter.pdf Pryser, Tore: Norsk historie 1814 – 1860 – Frå standssamfunn til klassesamfunn, Samlaget 1999.
Pryser, Tore: Thranerørsla i norske bygder, Samlaget 1977. Rokkan, Stein: Stat, nasjon, klasse, Universitetsforlaget 1987. Seip, Jens Arup: Utsikt Over Norges Historie, Gyldendal 2002 (3. utg., opprinneleg 1974 og 1981). Seip, Jens Arup: «Flerpartistaten i perspektiv», Nytt Norsk Tidsskrift 3–4, 1994. Skagen, Kaj: Norge, vårt Norge. Et lands biografi, Dreyers 2018. Søbye, Berntsen, Fløgstad og Langdal: Dovre Faller. Norge 1814–2014, Gyldendal 2014. Sørensen, Øystein (red.): Jakten på det norske. Perspektiver på utviklingen av en norsk nasjonal identitet på 1800-tallet, AdNotam Gyldendal 1998. Tvinnereim, Jon: Ei folkerørsle blir til, Samlaget 1981. Øidne, Gabriel: «Litt om motsetninga mellom Aust- landet og Vestlandet», Syn og Segn, 1957, www.nb.no/items/05a59795259aa2e8d3b58521b05e7776?page=0&searchText=syn%20 segn%201957 Økland, Einar: «Lat det merkast meir enn i ordi» i Måne over Valestrand, Samlaget 1989.