Kari Anne Bye.
Foto
Det norske Samlaget

Kari Anne Bye med treffande diktbok om kjærleiken og samlivet etter Tinder-matchen; «Eg bur her no»

Publisert: 28. august 2021 kl 09.00
Oppdatert: 28. august 2021 kl 09.00

I den nye boka, «Eg bur her no», følgjer vi ei kvinne i trettiåra som treff ein mann nett på Tinder og tar steget inn i eit forhold. Mannen er bra på så mange vis, men korleis kan ho vite at ho har funne den rette?

Ho har sett kjærleiken døy før, og blir redd. Skal det vere dei to resten av livet? Heldigvis treng dei ikkje flytte saman med ein gong, eller, det vil seie, ikkje før leilegheita hennar flaumar over av vatn, og det gjer ho naturlegvis.

Foto
Samlaget

«Eg bur her no» er ei bok om kjærleik og tvil, om kor vanskeleg det kan vere å ta imot det gode, enda kor mykje ein har ønska seg det.