Sigrid Merethe Hanssen med ny roman.
Foto
Samlaget

Sigrid Merethe Hanssen aktuell med ny roman; "Kom ei jente gåande"

Publisert: 26. mars 2022 kl 08.00
Oppdatert: 26. mars 2022 kl 08.00

Det blir nødvendig for henne å oppsøke fortida. Vi blir tatt med til ei lita nordnorsk bygd på 1960-talet, der eit barn bur saman med Molle, ei eldre kvinne. Grytidleg ein sommarmorgon står barnet opp og går ut. Ho vandrar åleine etter vegen då ein bil stoppar opp. Det er legen Karl og kona hans, Pauline. Meir enn noko anna i verda ønsker Pauline seg eit barn.

Kom ei jente gåande er ein roman om tilliten hos barn og ansvaret hos vaksne. Boka handlar om identitet og minne og om retningane eit liv kan ta, langt utanfor barnet sin kontroll.

Sigrid Merethe Hanssen (f. 1966) kjem frå Finnsnes og debuterte i 2007 med novellesamlinga Sprang. Ho har i tillegg til noveller skrive ein roman og ei barnebok, og mottatt både Blix-prisen og Sigmund Skard-stipendet. Kom ei jente gåande er den andre romanen hennar.