Ragnar Hovlands 70-årsdag feires
Ragnar Hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979, har han gitt ut over 50 bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Stadig nye generasjoner lesarar lar seg begeistre og fascinere av Hovlands litterære univers og pussige karakterer. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen.
Samlaget gir ut ein ny pocketserie med fem bøker i høve dagen
I serien finn ein titlane: Professor Moreaus løyndom, 1964, Ei vinterreise, Dr. Munks testamente og 400 mil frå Sogndalsfjøra.
Hovland vert også feira med eit stort festarrangement i samarbeid med Litteraturfestivalen på Lillehammer; "Full fyr i teltet!" med deltaking frå m.a. Tønes, Karin Haugen og Finn Tokvam.