Bilde av Anders Totland. Foto: Marius Knutsen

Anders Totland har skrevet bok om en pensjonert prest, birøkter og sprithandler, som i løpet av noen få, hektiske dager blir både bestefar, enkemann og morder.

Foto

Marius Knutsen

Anders Totland:

– Medan eg sat på kurset tenkte eg på noko ein redaktør sa til meg ein gong: «Hugs at alt er research!»

Publisert: 29. juni 2023 kl 09.48
Oppdatert: 29. juni 2023 kl 10.13

­

Anders Totland (36)

  • Yrke: Forfattar
  • Utdannelse: Kokk og samfunnsvitar
  • Bosted: Valen
  • Aktuell med boken: «Til jord skal du bli»
  • Forlag: Samlaget

Hva handler romanen om?

– Til jord skal du bli handlar om den pensjonerte presten, birøktaren og sprithandlaren Jacob Juul, som i løpet av nokre få, hektiske førjulsdagar blir både bestefar, enkemann og mordar. Dermed må han både læra seg å leva med det nye barnebarnet og få kona i jorda, samtidig som han må finna ut korleis han skal unngå at forviklingane med den kriminelle banden som sonen har vore ein del av, skal øydelegga den nye idyllen. Det er, som han seier det sjølv, eit salig kaos. Heldigvis har han gode hjelparar, både på lensmannskontoret, på Felleskjøpet og i kyrkja.

Er det noe i ditt eget liv eller i samtiden som ga deg idéen til å skrive romanen?

– Rett før koronautbruddet spurde naboen om eg ville bli med på birøktarkurs. Det blei starten på ein ny hobby, og dei siste åra har eg putla på med bier i hagen til naboen. Medan eg sat på kurset tenkte eg på noko ein redaktør sa til meg ein gong: «Hugs at alt er research!»

– Resultatet var at hovudpersonen i neste roman måtte bli ein birøktar. Og så har eg både ein far og nokre kollegaer og vener som er prestar, så det har ein tendens til å bli ein del prestar i bøkene mine óg.

Hva vil du formidle til dine lesere med denne romanen?

– Absolutt ingen ting. Alt eg vil er at lesaren skal få ein liten pause frå kvardagen, kanskje le litt, eller i alle fall smila.

Var det tider med skrivesperre under arbeidet med romanen?

– Etter at eg hadde skrive den første delen av boka, fekk eg eit innspel frå ho som då var redaktøren min om at eg måtte få inn meir alvor. Det kunne ikkje berre vera morosamt. Og det var heilt sant. Ho hadde rett.

– Problemet var at eg hadde begynt å skriva denne boka for å få ein pause frå alt alvoret. Så då eg forstod at det var på tide å finna ei djupare meining med forteljinga og karakterane eg hadde dikta opp, forsvann all lyst og evne til å skriva vidare. Det tok eit halvt år før eg skreiv eit einaste ord til.

– Då var det ein ny redaktør som var komen inn, som spurte meg om kvifor eg ikkje kom vidare. Eg sa det som det var, at eg ikkje fekk til alvoret. Det var då han sa dei forløysande orda:

– «Drit i alvoret! Berre skriv akkurat det du vil, så kjem tidsnok alvoret på plass. Me kjenner deg.»

– Frå den dagen skreiv eg eitt kapittel kvar dag fram til boka var ferdig.

Er det noe spesielt som kjennetegner din måte å jobbe på?

– Eg skriv berre når det er overskya. Men det er ikkje noko problem, eg bur trass alt på Vestlandet.

Hvem har inspirert deg til å bli en bedre forfatter?

– Alle redaktørane eg har jobba med. Eller, dei har kanskje ikkje inspirert meg så mykje. Men dei har gjeve gode råd om korleis eg skulle få det til. Dei sparkar vekk snublesteinar og peiker i rett retning. Og det funkar. Gode redaktørar er gull verd.

Hva tenker du om kunstig intelligens i kunsten?

– Du kan laga kunst utan kunstig intelligens, men du kan ikkje skriva «kunstig intelligens» utan «kunst».

Nevn én person du håper leser boken?

– Kong Harald. Eg trur han hadde likt boka. Dessutan verkar han som ein fin fyr.

Finnes det en bok du vil anbefale andre å lese?

– Veien til båtførerprøven (eller anna brukbar lærebok om korleis ein skal oppføra seg til sjøs), fordi det gjer livet tryggare for oss alle, no når Gud og kvarmann fresar rundt på sjøen i varmen.

Hvilken bok leser du selv, akkurat nå?

– Me har hatt ein veldig varm og tørr forsommar på Vestlandet. Så nett no les eg Å vanne blomster om kvelden, for den passa så godt då det blei innført vatningsforbod på dagtid her eg bur.

 

Hvis du måtte velge?

 

Elsykkel – Sykkel

Cappuccino – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Avis på papir – Avis på nett

Dagens Næringsliv – Klassekampen

The Rolling Stones – The Beatles

Lese bok – Høre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film hjemme

Ved sjøen – På fjellet