– Målet mitt er fyrst og fremst å meistre litteratur som kunstform
Monica Goksøyr (32)
- Yrke: Jurist
- Utdannelse: Bachelor i sosialantropoligi og master i rettsvitskap
- Bosted: Gamle Oslo
- Aktuell med boken: «Slemme jenter»
- Forlag: Aschehoug
Hva handler novellesamlingen din om?
– Jenter som er i konflikt med ein regulert kvardag, som lengtar etter noko «ekte», og som utfordrar grenser. Jenter som i jakta på meining hamnar på gale stadar. Jenter som er skada og som skadar.
Er det noe i ditt eget liv eller i samtiden som ga deg idéen om å skrive den?
– Ei personleg oppfatning av at vi menneskje har organisert oss inn i eit regulert system som er i konflikt med naturen vår. Novellene mine er naturlegvis også prega av personlege trekk ved meg sjølv, som bakgrunnen min frå eit arbeidarstrøk ved kysten, mine delvis asiatiske røtter, og mitt nevrodivergente sinn.
Hva vil du formidle med novellene dine?
– Målet mitt er fyrst og fremst å meistre litteratur som kunstform, gjerne med humor. Eg har ingen konkrete moralske bodskap (trur eg) utover å påpeike at samfunnet vårt produserer skada menneskjer, men eg tilbyr ingen svar.
Blir novellene dine til på kort tid etter at du får en idé, eller kan du snekre på en novelle i flere år?
– Grunnstrukturen kjem raskt til. Redigeringsarbeidet viser seg å kunne ta lang tid!
Er det noe spesielt som kjennetegner din måte å jobbe på?
– Vanskeleg å seie utan å vite korleis andre jobbar, men eg trur tekstene mine er relativt sterkt drivne av emosjonar og impulsar på toppen av ein djupare samfunnsfrustrasjon. Eg skriv emosjonelt, assosiativt og utforskande, og er dårlegare på disposisjon, komposisjon og struktur.
Hvorfor novelle og ikke roman?
– Eg hadde ei rekkje korttekster frå eg gjekk på Aschehougs forfattarskule som eg ville dra nytte av. Dessutan har eg alltid vore glad i noveller, men sjølv skriv eg ikkje typisk novellistisk, i alle fall ikkje etter den skandinaviske tradisjonen.
Hvem har inspirert deg til å bli en best mulig forfatter?
– Læraren min Johan som fortalde meg at eg kom til å bli forfattar då eg gjekk i fjerdeklasse på barneskulen. Han fekk meg til å lese tekstene mine for dei eldre elevane, til inspirasjon for dei. Eg forstod då at dette ikkje berre var noko eg sjølv fann glede i.
Når skjønte du at du ville bli forfatter?
– Så snart eg kunne lese forteljingar, ville eg skrive dei sjølv.
Nevn én person du håper leser boken, og hvorfor?
– Hm. Skummelt å innrømme, men det er lov å drøyme: Susanne Sundfør. Fordi eg beundrar kunsten og haldninga hennar, og har lytta mykje til musikken hennar under arbeidet mitt.
Finnes det en bok du vil anbefale andre å lese, og hvorfor?
– Novellesamlinga No one belongs here more than you av Miranda July. Den er ei eksplosiv oppleving som er både hysterisk morosam, absurd men realistisk, samt smertefullt sår, alt på ein og same tid.
Hvilken bok leser du selv, akkurat nå?
– Eg les fleire samtidig og kjem sikkert ikkje til å fullføre nokon av dei, mellom anna: teikneserieboka Hyper-Capitalism av Larry Gonick og Tim Kasser, den naturfilosofiske avhandlinga Ville verdier av Sigurd Hverven, og novellesamlinga The springs of affection av Mave Brennan.
Hvis du måtte velge?
Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård
Cappuccino – Filterkaffe
Avis på papir – Avis på nett
Dagens Næringsliv – Klassekampen
The Rolling Stones – The Beatles
Sykkel – Sparkesykkel
Taylor Swift – Lady Gaga
Sakprosa – Skjønnlitteratur
Lese bok – Høre bok
Ved sjøen – På fjellet