Bilde av Sveinung Nordstoga

Sveinung Nordstoga er dosent ph.d. i norskdidaktikk ved Institutt for språk og litteratur ved Universitetet i Sørøst-Norge. Han har skrevet flere artikler og bøker om litteraturhistoriske emner, sang­lyrikk, historien om norskfaget og om nynorske for­fatter­skap.

Foto

Solum Bokvennen

Sveinung Nordstoga:

– Det er viktig med meir merksemd rundt lyriske forfattarskap

Publisert: 2. august 2023 kl 08.06
Oppdatert: 2. august 2023 kl 08.06

­

Sveinung Nordstoga

  • Yrke: Dosent i norskdidaktikk
  • Utdannelse: Ph. d. i norsk litteratur
  • Bosted: Kongsberg
  • Aktuell med boken: «Ein tingas lydhøyre mann. Arvid Torgeir Lie – ein tekstbiografi»
  • Forlag: Scandinavian Academic Press

Hvorfor har du skrevet denne boken?

– Det er viktig med meir merksemd rundt lyriske forfattarskap. Tekstane til Lie utforskar det som er mogleg i lyrikksjangeren. Denne boka kan også norsklærarar ha nytte av, for her er mange døme på teksttolking som ein kan formidle vidare til elevar.

Hva er de viktigste poengene som kommer frem?

– Arvid Torgeir Lie og forfattarskapen hans viser kor innvovne tekstane hans er i hans eigen bakgrunn. Landskap og folk kling med i dikta og viser kor forankra han var i arbeidarmiljøet i det vesle gruvesamfunnet Åmdals verk i Vest-Telemark. Tematikk og skrivemåte er dynamiske storleikar som endrar seg heile tida, frå nyenkle haiku-dikt til abstrakt teknologi- og sivilisasjonskritikk.

Hvilke nye synspunkter og/eller teorier presenteres?

– Framstillinga er ei kronologisk og tekstanalytisk framstilling av ein heil forfattarskap. Boka nyanserer oppfatninga av lyrikaren Lie: han skreiv også noveller, skodespel og han gjendikta kjende europeiske lyrikarar. Han deltok også svært aktivt i den litterære debatten, særskilt på 70-talet.

Hvilke utfordringer møtte du underveis i arbeidet med bokprosjektet?

– Å skape flyt i ei framstilling som byggjer mykje på tekstanalysar. For mange dikt som blir siterte kan stykke opp framstillinga unødvendig. Dei seinare dikta til Lie var også krevjande å trengje gjennom.

 

Er det noe spesielt som kjennetegner din måte å jobbe på?

– Eg prøver å koma tidleg i gang med skrivinga når eg startar på nye prosjeket. Lesing og skriving går hand i hand. Eg deler ofte tekstane mine med velviljuge kollegaer for respons.

Hva vil du oppnå med boken?

– Det er viktig å understreke at lokalsamfunnet Åmdals verk har fostra ein betydeleg lyrikar. Dessutan håper eg at norsklærarar og norskstudentar les boka. Og den kan lesast som ei påminning om at lyrikksjangeren hadde ein sterk posisjon i den litterære offentlegheita særskilt på 70-talet. Mange lyrikksamlingar fekk brei omtale i dagspressa.

Hva vil du at leseren skal sitte igjen med etter å ha lest den?

– Eg vil gje lesaren ei oppleving av at dikt er ein annleis måte å oppleva verda på.

Kan du nevne én person du håper leser boken?

– Jan Erik Vold, for han var med på å gjera Lie kjend.

Hvilken bok vil du anbefale andre å lese?

– Jan Inge Sørbø: Hans Skjervheim - ein intellektuelle biografi. Den er ei fin innføring i filosofisk og vitskapsteoretisk tenking.

Hvilken forfatter har betydd mye for deg?

–  Thure Erik Lund. Han skriv leikande og humoristisk og har gjort Modum-målet litterært verksamt. Og folk frå den sosiale randsona får ei stemme.

Hvis du måtte velge?

 

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film hjemme

Ved sjøen – På fjellet