Foto

Foto: Kristin Aafløy Opdan.

Teikneseriedebut frå barnebokforfattar Trude Tjensvold

Publisert: 26. oktober 2022 kl 09.45
Oppdatert: 26. oktober 2022 kl 09.45

Jenny bur saman med mora og halvbroren Odd. Bestevenninna Ann-Sofi har byrja å røyke og treffe eldre gutar. Jenny trivst best i skogen, der ho kikar på fuglar.

Når Ann-Sofi byrjar å avvise ho, tar Jenny ei rekke dumdristige val. Til slutt hamnar ho i ein situasjon saman med ein eldre gut som ho ikkje kjem seg ut av. Kven er ho etter dette? Og korleis skal ho finne tilbake til seg sjølv?

Foto

Foto: Samlaget.


Gjennom tekst og illustrasjonar har Trude Tjensvold skapa ein sterk og utfordrande roman som handlar om overgrep og om å setje grenser.

«Raud Volvo» er ein hybrid mellom tekst og bildebok og blir gitt ut i samarbeid med Leser søker bok.

Trude Tjensvold (f. 1964) frå Stryn er busett i Oslo. Ho har lang erfaring som illustratør og bildekunstnar. I 2016 debuterte ho som forfattar med bildeboka «Bo flyttar ut», som både blei nominert til Kulturdepartementets debutantpris for barne og ungdomslitteratur 2016 og vann gull i Visuelt 2017. Boka blei også seld til Danmark. I 2020 gav ho ut bildeboka «Bålet».

«Raud Volvo» blei lansert 12. oktober.