Foto

Siri Helle er aktuell med boka «Trollefossvegen 23. Tilbake til heimbygda». Foto: Samlaget.

Siri Helle er aktuell med boka «Trollefossvegen 23. Tilbake til heimbygda»

Publisert: 2. september 2022 kl 12.36
Oppdatert: 2. september 2022 kl 12.36

­Siri Helle hadde lenge drøymt om eigne poteter og grønsaker, tuntre og dyr, men kjøpekontrakt, bustadlån og same utsikt kvar dag skremde henne. Som vaksen har ho flytta over 30 gonger. Ein dag tek Siri Helle det store steget og flyttar heim til Holmedal i Sunnfjord. Saman med sambuaren og snikkaren Asle kjøper ho eit hus, eit uthus og nesten to mål jord i eit klyngetun. Her vil dei bu for alltid. Men klarar ho å finne ro?

Siri Helle gjev seg sjølv eitt år. Eitt år på å finne ut om ho passar til dette livet, om ho kan seia seg nøgd med å ha flytta attende til heimbygda. Ho snikrar, dyrkar, jaktar, fiskar og skaffar seg to- og firbeinte venner. Og kjenslene spenner frå mørk fortviling til glimt av ekstatisk lukke. Dette er ei forteljing om ein heim og om arbeidsglede, men er også ei kjærleikshistorie. Det handlar om å vera to om det store prosjektet. Kva nye sjansar opnar seg når ein lukkar alle dører bortsett frå ei? Bli med til Trollefossvegen 23.