Nynorsk barnelitteraturpris til Tone E. Solheim
I juryens grunngjeving står det mellom anna: “Å vera usikker og redd for å seia og gjera dumme ting og øydeleggje alt når ein er forelska, er godt og truverdig skildra. To sårbare og usikre jenter med sine vonde erfaringar, finn saman. At dei er av same kjønn, får lite merksemd. Sjølv om hovudpersonane i utgangspunktet kan oppfattast som motsetnadar, framstår dei som komplekse og speglar kvarandre utover i boka. Dei er ikkje statiske og karikerte. Dei verkar på kvarandre og er i utvikling. Teikninga av karakterane og utviklinga av forholdet mellom dei er ei styrke ved boka.
Med Svarttrasta syng om natta har Tone E Solheim skrive ein vellykka debutroman. Vi gler oss til å følgja forfattarskapen vidare”.
Noregs Mållag har delt ut Nynorsk barnelitteraturpris sidan 1968. Prisen er eit diplom og 50.000 kroner.
Solheim (f.1989) kjem frå Jølster i Sunnfjord og debuterte våren 2021. Ho er òg nominert til Uprisen 2021 for Svarttrasta syng om natta.