Foto

Forfatter Helene Guåker. Foto: Iris Engen Skadal.

Ny ungdomsroman frå Helene Guåker

Publisert: 9. august 2022 kl 10.19
Oppdatert: 9. august 2022 kl 10.19

­Sofie går i niande klasse. Ho blir fryst ut av alle og har ikkje ein einaste venn etter at ho blei svikta av Emilie sommaren før åttande. No tel Sofie ned dei 340 skuledagane før ho kan flytte frå øya og begynne på vidaregåande.

Så kjem ei ny jente i klassen, Carla. Ho er så sjølvsikker at ho ikkje ser ut til å ha eit einaste problem i heile verda. Kan Sofie få ein ny venn i Carla?

Men så viser det seg at Carla ber på ei hemmelegheit. Ei hemmelegheit som kan setje heile vennskapet i fare.

Ein venn som meg er ein sterk roman om kva som skjer når ungdom må ta ansvar når dei vaksne sviktar, og om ønsket om å vere ein ordentleg venn.

Helene Guåker (f.1983) er frå Nes i Ringsaker. Ho har skrive fleire bøker for ungdom og vaksne i ulike sjangrar. For den førre romanen hennar, Høgspenning livsfare, blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen.