– Meir aktuelt enn nokon gong
Hvorfor har du skrevet denne boken?
– Fordi eg meiner at det gamle matstellet inneheld kunnskap, haldningar og verdiar som me kan lære av. I boka forsøker eg å løfte dette fram og gjere det samtidsrelevant. Eg ønskjer å lage kokebøker som er noko meir enn ei samling gode oppskrifter. Rett og slett fordi eg meiner at mat er meir enn tilmålte mengder.
Hva er de viktigste poengene som kommer frem?
– I det gamle matstellet finn ein kunnskap og haldningar som kan hjelpe oss til å ete og leve på eit vis som gjer at me tek betre omsyn til oss sjølve, naturen og jorda vår. I dag vert det kalla berekraft og er meir aktuelt enn nokon gong.
– Naturleg er ei bok der det gamle matstellet vert sett i ein moderne kontekst. Eg ser meg tilbake for å lære noko eg kan nytte i kvardagen.
Hvilke nye synspunkter og/eller teorier presenteres?
– Naturleg er ei kokebok med ei noko annleis tilnærming. I løpet av ein generasjon har me flytta oss frå eit matstell basert på råvarer ein dyrka sjølv, sanka sjølv eller handla lokalt til eit matstell nærast berre basert på industrielt produserte matvarer. Endringa har ført til at kunnskap og handlag som har vorte foredla gjennom hundreår er i ferd med å forsvinne.
– Samstundes vert berekraftutfordringa i aukande grad knytt til maten me et. Eg meiner at me har mykje å lære av det gamle tankesettet og at det kan tilpassast vår tid.
Hvilke utfordringer møtte du underveis i arbeidet med bokprosjektet?
– Eg har mykje på hjarta, så først og fremst har det vore utfordrande å disponere stoffet innanfor det sidetalet me hadde til rådevelde. Naturleg er ikkje eit soloprosjekt, men eit lagarbeid. Me har eit godt lag som har jobba saman lenge. Det gjør at utfordringar vert til gode kreative løysingar.
Hva vil du oppnå med boken?
– Auka grad av berekraftig matglede. Å få fleire til å lage god og sunn mat frå botnen av og til å hauste av naturen rundt seg.
Hva vil du at leseren skal sitte igjen med etter å ha lest den?
– Eg håpar at boka kan gjeve noko ny kunnskap og at lesaren får lyst til å dyrke sin eigen mat og til å hauste av naturen i sine nære omgjevnader.
– Eg håpar og at boka kan inspirere til å ha det moro med mat – utfolde seg fritt og lage mat med eigen vri. Mine oppskrifter er ikkje tvangstrøyer, ein må heller sjå på dei som inspirasjon.
Hvis flere forfattere: Hvordan jobbet dere sammen om bokprosjektet?
– Eg har skrive boka saman med mannen min. Det er vår fjerde bok i lag og me har godt innarbeida rutinar. Me er kvarandre sine mest nådelause kritikarar og samstundes den beste støtta hjå kvarande. Arbeidet med å formidle gjev glede og motivasjon, og er spanande og lystbetont.
Kan du nevne én person du håper leser boken – og hvorfor?
– Gunnhild Stordalen – for å få eit anna perspektiv på mat og berekraft.
Hvilken bok vil du anbefale andre å lese - og hvorfor (sett bort fra din egen)? *
– Då vil eg anbefale ei bok som ganske annleis enn dei bøkane eg sjølv lagar. Reisen til nattens ende av Louis Ferdinand Celine. Rett og slett fordi boka er meisterleg skrive og fordi temaet, dessverre må ein kanskje seie, er evig aktuelt.
Hvilken forfatter har betydd mye for deg – og hvorfor?
– Astrid Lindgren, fordi hennes fantastiske verden er gode minne fra barndommen.
Hva er det viktigste du har lært under koronapandemien?
– Eg har lært at det å kunne å omstille seg hurtig er viktig. Som så mange andre opplevde eg at store delar av inntektsgrunnlaget mitt forsvann. Då var det inga anna utveg enn å finne nye måtar å jobbe på.
– Eg har lært kor viktig det er å kunne være i lag med familie og vener, men og om tydinga av samhald i ein større kontekst.
Hvis du måtte velge?
Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård
Espresso – Filterkaffe
Musikk – Podkast
Avis på papir – Avis på nett
Dagens Næringsliv – Klassekampen
Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen
Lese bok – Høre bok
Sakprosa – Skjønnlitteratur
Film på kino – Film hjemme
Ved sjøen – På fjellet
- Yrke: Matbloggar og kokebokforfattar
- Utdannelse: Sjukepleiar og heimkunnskapslærar
- Bosted: Valle i Setesdal
- Aktuell med: «Naturleg - Enkle matoppskrifter og jordnære gleder»
- Forlag: Vigmostad & Bjørke
- Antall sider: 280