Foto

Foto: Gyldendal.

Maria Horvei debuterar med roman om nasjonalkjensle og identitet

Publisert: 26. september 2022 kl 09.36
Oppdatert: 26. september 2022 kl 09.36

­Det var tidleg på morgonen den 17. mai, nøyaktig 186 år etter at ein ung, bakfull diktar hadde oppildna ei menneskemengd beståande av kring 5000 tilhøyrarar med sine sterkt bevinga ord om den medborgarlege samkjensla, under avdukinga av minnestøtta for stortingsmannen Christian Krohg. Minnestøtta sto framleis, men den medborgarlege samkjensla strevde under tunge kår.

Det gryr til nasjonaldagsfeiring i bygda. Flagg vert heist, skjorter stroke. Syrinar er på nippet til å blomstre, og himmelen i ferd med å bli blå som ein undulat. Ut av husa stig folk, og alle skal dei feire. Éin er komen tilbake til heimbygda for å halde tale for dagen, ei har stålsett seg for pliktene som følgjer med vervet som leiar for 17. mai-komiteen. Ei skal snart reise langt vekk, ein annan forsøker å finne att ein plass han aldri eigentleg har høyrt til.

Lansering: 30. september.