Leander Djønne
Foto

Leander Djønne er aktuell med sin første roman «Oskespiralen». Foto: Baard Henriksen

Debutroman om to brødres oppgjør med fortiden

Publisert: 6. september 2022 kl 11.22
Oppdatert: 7. september 2022 kl 13.18

­

Leander Djønne (41)

  • Yrke: Billedkunstner, Lærer/miljøterapeut
  • Utdannelse: MFA fra Universitet i Lund

  • Bosted: Grimo, Hardanger

  • Aktuell med boken: «Oskespiralen»

  • Forlag: Forlaget Oktober

Hva handler romanen om?

– «Oskespiralen» er ei forteljing om to brørs oppgjer med fortida, ein far med umenneskeleg framferd og ei ur som er i ferd med å losne over heimegarden.

Er det noe i ditt eget liv eller i samtiden som ga deg idéen til å skrive romanen?

– Landskapet rundt meg, natur og geologi-interessa. I tillegg har oppvoksteren nok prega tankane bak boka. Eg vaks opp i industridstaden Odda, likevel hadde eg tette band til landbruket lengre ut i fjorden, då familien på far sida kom frå bygda Djønno. Eg vaks og opp i ei sekt som heiter Jehovas Vitner, og vart slik eksponert for mykje negativ sosial kontroll. Dette har nok vore ein kime til å skrive ut historia.

Hva vil du formidle til dine lesere med denne romanen?

– Eg har freista å formidle korleis negativ åtferd skremmande lett går vidare i slektsledda. Eg ynskjer og å peike på ansvaret vi har for oss sjølv og våre næraste.

Var det tider med skrivesperre under arbeidet med romanen – i så fall: hva drev deg til å fortsette?

– Ikkje så mykje skrivesperre dei siste åra. Eg har opparbeida gode rutinar på skriving. To timar kvar dag før eg går på jobb.

Hvem har inspirert deg til å bli en bedre forfatter?

– Forfatteren og kjærasten min Tora Sanden Døskeland.

Er det noe spesielt som kjennetegner din måte å jobbe på?

– Det er vanskeleg for meg å seie. Mogeleg det at eg kjem frå biletkunsten og slik gjerne har ein litt annan vinkling inn til ulike problemstillingar.

Når skjønte du at du ville bli forfatter?

– Det er vel noko eg har tenkt på sidan eg var ungdom.

Nevn én person du håper leser boken – og hvorfor?

– Kanskje nokon i frå sekta Jehovas Vitner som hugsar meg frå eg var gutunge. Eg har ikkje kontakt med nokon av dei i dag, korkje familie eller tidligare vener. Mogleg nokon tar til fornuft.

Finnes det en bok du vil anbefale andre å lese – og hvorfor?

– «Landet under leidarstjernen» og «Vesterveg til Vinland» av Helge Ingstad. Dette er to bøker som sklir litt i hop, derfor eg nemnar båe. Dette er kjempesterk historisk formidling, unikt i sitt slag, både som ekspedisjonsskildring og forskning.

Hvilken bok leser du selv, akkurat nå?

– Akkurat no leser eg «Jeg dro ned til bror» av Karin Smirnoff.

Hva skulle du ønske du hadde mer tid til?

– Eg skulle ynskje eg kunne frigjere meir tid til kunstproduksjon og skriving. Eg har litt mange jobbar som går parallelt.

 

Hvis du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk  – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Kåss til kvelds – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film hjemme

Ved sjøen  – På fjellet