Forfatter Lars Ove Seljestad
Foto

Lars Ove Seljestad er aktuell med romanen «Eitranes». Foto: Niklas Lello

Roman inspirert av historien til Odda Smelteverk

Publisert: 30. august 2022 kl 12.58
Oppdatert: 30. august 2022 kl 12.58

­

Lars Ove Seljestad (61)

  • Yrke: Forfattar
  • Utdannelse: Sosiolog

  • Bosted: Hagabråten

  • Aktuell med boken: «Eitranes»

  • Forlag: Aschehoug

Hva handler romanen om?

– Romanen handlar om ein ung mann som frigjer seg frå heimbyen og drar ut i verda for å skapa seg eit nytt liv. Eit liv som bryt radikalt med oppveksten og det miljøet han voks opp i. Etter i mange år å ha levd eit fritt liv som student og doktorgradsstipendiat, blir han innhenta av fortida si. Og han reiser heim for å prøva og finna nytt fotfeste. Heimreisa blir eit overraskande møte med ein arbeidarkultur som han trudde var død, og ei rystande erfaring med korleis den globale kapitalen slaktar ein brysom konkurrent.

Er det noe i ditt eget liv eller i samtiden som ga deg idéen til å skrive romanen?

– «Eitranes» er inspirert av historia til hjørnesteinsbedrifta Odda Smelteverk. Eit verk som eg også har ei sterk familietilknyting til. Denne bedrifta skapte for 114 år sidan det materielle grunnlaget for heimbyen min Odda. Og for 20 år sidan blei dette verket brutalt slakta i eit globalt kapitalistisk spel om markedsmakt.

Hva vil du formidle til dine lesere med denne romanen?

– Det er mange ting. «Eitranes» er ein rik roman som bevegar seg både på eit personleg eksistensielt plan og på eit samfunnsmessig politisk, historisk og kulturelt plan. På det første planet ønsker eg å visa korleis ein alltid ber med seg oppveksten sin og dei erfaringane og verdiane som blir skrivne inn i oss som barn og ungdom. Også når vi frigjer oss gjennom å reisa vekk. På det andre planet ønsker eg å reisa eit monument over ein uformell og sjølvmedviten arbeidarkultur og eit arbeidsliv som produserer det materielle grunnlaget for samfunnet vårt. Og så vil eg avsløra kor brutal den fleksible, globale kapitalen er i si svoltne jakt på masksimalprofitt. Også i "trygge" Norge.

Var det tider med skrivesperre under arbeidet med romanen – i så fall: hva drev deg til å fortsette?

– Dette er eit prosjekt som eg begynte på for 20 år sidan. Så, ja, det har vore mange periodar med skrivesperre. Eg har mange gonger lagt frå meg dette prosjektet, skrive andre bøker, skrive det om. Prøvd på ny og på ny å få eit grep om dette materialet. Utan å lykkast. Først dei tre siste åra begynte brikkene å falla på plass. Eg har sidan eg begynte å skriva tenkt at dette er mitt stoff. Det er denne boka eg er i litteraturen for å skriva. Det er ei bok som er viktig å skriva, ja, nødvendig å skriva. Og det er ingen andre som kan skriva akkurat denne boka. Difor fortsette eg. Difor fekk eg det til.

Hvem har inspirert deg til å bli en bedre forfatter?

– Det er mange. Men om eg skal trekka fram to, så må det bli lyrikaren Olav H. Hauge frå Ulvik og den forvitnelege (roman)forfattaren Kjartan Fløgstad frå Sauda. Den første med sitt djupe eksistensielle poetiske nærvere og den andre med sitt karnevalistiske blikk på industristaden og sitt aldri kvilande kapitalkritiske blikk. Som odding har eg jo mine geografiske røter ganske nær midt mellom dei.

Er det noe spesielt som kjennetegner din måte å jobbe på?

– Eg reiser ofte bort når eg skal starta ein ny tekst. Som oftast til Tyskland. Eg opplever at avstanden gjer det lettare å skriva om det som er viktig for meg, at det gjer meg modigare og friare. At eg ser betre. Og så opplever eg at det å vera åleine i eit anna språkområde skaper eit større trykk i meg for å uttrykka meg på norsk. Og då må det jo bli via tekst.

Nevn én person du håper leser boken – og hvorfor?

– Eg håpar at bror min les denne boka. Fordi eg trur han veit meir enn meg om kva det går i.

Finnes det en bok du vil anbefale andre å lese – og hvorfor?

– Eg vil alltid anbefala dei som ikkje alt har gjort det å lesa «Mesteren og Margarita» av Bulgakov. Fordi den framleis, etter mange år og mange nye leseerfaringar, står fram i minnet mitt som ei av dei beste bøkene eg har lese.

Hvilken bok leser du selv, akkurat nå?

– «Ditt fravær er mørke» av Jón Kalman Stefánsson.

Hva skulle du ønske du hadde mer tid til?

– Å vandra i fjellet. Enten åleine eller saman med dei eg er glad i.

Hvis du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk  – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Kåss til kvelds – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film hjemme

Ved sjøen  – På fjellet