Foto

Marit O. Kaldhol med ny diktsamling. Foto: M A Ortiz.

Diktsamling for barn av Marit O. Kaldhol

Publisert: 25. oktober 2022 kl 12.59
Oppdatert: 25. oktober 2022 kl 12.59

­Ein katt og to barn sit på trappa til eit hus i skogkanten. Dei filosoferer om røynda og universet, om det minste og det største, om det dei ser, og det dei ikkje kan sjå. Ikkje minst oppdagar dei at det finst ufatteleg mange slag egg. På ekspedisjonar i skogen og til fjorden blir både fortid og framtid, fantasi og vitskap levande og nær. 

Diktsamlinga er vakkert illustrert av Susanna Kajermo. Boka er valt ut som fokustittel av NORLA.

Marit O. Kaldhol (f.1955) debuterte med diktsamlinga «Lattermilde laken» i 1983. I 1986 kom «Farvel, Rune», laga saman med biletkunstnar Wenche Øyen. For denne boka fekk Kaldhol internasjonal merksemd, mellom anna Deutscher Jugendliteraturpreis i 1988, og boka blir rekna for ein moderne klassikar.

For ungdomsboka «søkeord: ayotzintli» fekk ho Kulturdepartementets pris for barne- og ungdomsbøker, og i 2019 blei romanen kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene skrivne på nynorsk etter 2000.