Barnebok om sjørøvere i norske farvann
Anders Totland
- Yrke: Forfatter
-
Utdannelse: Kokk og samfunnsvitar
-
Bosted: Kvinnherad
-
Aktuell med boken: «Norske sjørøvarar. Om plyndring og kapring i norske farvatn»
-
Forlag: Gyldendal
Hvorfor har du skrevet denne boken?
Noko av det kjekkaste eg veit er å fortelja historier. Helst gamle, litt skumle historier, og aller helst for ungar og ungdom. I boka om dei verkelege sjørøvarane som herja i norske farvatn fekk eg alt dette på ein gong. Det er mørkt og skummelt, men ikkje minst er det heilt sant.
Hva er de viktigste poengene som kommer frem?
Sjørøvarar var gjerne som folk flest. Ganske mange var fattige eller berre uheldige, og hadde ikkje så mykje val. Andre var utsett for grov urettferdigheit. Skjebnane er både mange og vonde. Sjølv om me gjerne liker historier med klare helte- og skurkeroller, blei det (nok ein gong) tydeleg for meg gjennom arbeidet med denne boka at det sjeldan er så svart/kvitt i det verkelege livet.
Hvilke nye synspunkter og/eller teorier presenteres?
Eg driv med formidling, og sidan målgruppa mi er så ung som ho er, er det viktigaste for min del å halda meg så tett på det me faktisk veit, samtidig som det blir nok liv i historiene til å fenga lesarane. Dermed er det lite rom for drøfting. Håpet er at lesarane sjølv skal sitja igjen med inntrykk og kunnskap som kan føra til refleksjon.
Hva vil du oppnå med boken? (Foruten at flest mulig leser den)?
Det aller viktigaste for meg er å gje unge lesarar ei god leseoppleving. Det er fint om dei samtidig lærer noko, både om historia og om korleis andre menneska har hatt og har det. Men det viktigaste er alltid sjølve forteljinga, og at den kan gje lesaren ei god oppleving, anten det er morosamt eller skummelt.
Hva vil du at leseren skal sitte igjen med etter å ha lest den?
Gjerne ei større forståing av kva som gjennom tidene har ført folk inn på andre banar i livet enn det som har vore forventa av samfunnet. Den biten av historia tenker eg kan vera like aktuell i dag, om ein klarer å dra nokre koplingar gjennom århundra.
Kan du nevne én person du håper leser boken – og hvorfor?
Eg burde sikkert ha peika på ein viktig og kjend person her, men den aller viktigaste lesaren min er kva som helst 11-12-åring som er på leit etter noko spennande på biblioteket. Eg håper at flest mogleg av dei finn vegen til hylla med desse bøkene.
Hvilke utfordringer møtte du underveis i arbeidet med bokprosjektet?
Kjeldene. Alltid kjeldene. Sidan eg skriv om gammal historie, og mange av menneska eg skriv om levde på utsida av lova og samfunnet, er det begrensa kva dei har etterlatt seg av skriftelege spor. Samtidig er det nettopp det at dei levde som kriminelle i si tid som gjer at det faktisk finst nokre spor likevel, i form av rettsdokument og skildringar frå dei som har blitt utsett for vald og røving.
Hvilken bok vil du anbefale andre å lese - og hvorfor (sett bort fra din egen)?
Heksejakt og heksebrenning i Europa, av Aina Basso. Det er ei veldig god bok, som formidlar ein mørk og spennande del av vår eiga historie.
Hvilken forfatter har betydd mye for deg – og hvorfor?
Ragnar Hovland. Det var hans bøker som fekk meg til å begynna å lesa igjen i tenåra.
Hva er det viktigste du har lært under koronapandemien?
Litt fransk. Sånn går det når ein har tid til overs.
Hvis du måtte velge?
Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård
Espresso – Filterkaffe
Musikk – Podkast
Avis på papir – Avis på nett
Dagens Næringsliv – Klassekampen
Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen
Lese bok – Høre bok
Sakprosa – Skjønnlitteratur
Film på kino – film hjemme
Ved sjøen – På fjellet