– Denne kom til i skuggen av eit anna manus
Hva handler romanen om?
– Romanen handlar om Halvor som vandrar heim. Jenta hans venter på han med barnet deira som veks i magen. Han ser for seg kva han skal finne når han kjem dit. Men noko har skjedd. Noko lesarane får vite tidleg i romanen, men som Halvor må vandre gjennom landskapet og romanen for å finne ut av.
Er det noe i ditt eget liv eller i samtiden som ga deg idéen om å skrive romanen?
– Det er nok mi interesse for historier, forteljingar, om korleis dei virker som fekk meg til å skrive denne romanen.
Hva er det du vil formidle til dine lesere med denne romanen?
– Romanen er ikkje så lang, men eg håpar at boka likevel kan ta lesarar med på ei reise. Eg håpar at ein kan like noko i dei menneska Halvor møter når han vandrar, dei ulike skjebnane og røystene.
Var det tider med skrivesperre under arbeidet med romanen – i så fall: hva drev deg til å fortsette?
– Eg har skrivesperre ja, men ikkje i denne teksten så mye. Denne kom til i skuggen av eit anna manus. Når eg ikkje fekk til å skrive der, så skreiv eg på vandre heim.
– Det blei eit friskt pust. Og den vaks fram til den blei noko som kanskje kunne bli ei bok. Det andre manuset blei det full stopp med.
Er det noe spesielt som kjennetegner din måte å jobbe på?
– Måten eg arbeider på har endra seg ettersom eg har fått publisert arbeid. Det er noe rart med det å putte så mye tid og krefter inn i noe som kanskje berre skal bli gløymd. Eg trur alle forfattarar har dei manuskripta som aldri vil bli til noe, og kvar gong ein startar på noko nytt, så er den tanken der, at dette kanskje aldri skal bli til noko, uavhengig om ein arbeider med det av og på i fleire år.
– Eg føler at kvar gong eg byrjar på noko, så kjenst det heilt nytt og framand ut. Eg tenkjer alltid at dette blir ulikt det eg har skrive før. Men for andre ser det kanskje heilt likt ut? Eg prøver å skrive både når eg må og når eg verkeleg vil.
Hvem har inspirert deg til å bli en bedre forfatter?
– Forleggaren min. Andre forfattarar eg møter. Andre menneskje som arbeider hardt og klarer helde fokus på sine egne prosjekt er inspirerande.
Nevn én person du håper leser boken?
– Eg vil sjå boka i bokhylla til nokon som er med i der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Berre i bakgrunnen. Det hadde eg likt.
Finnes det en bok du vil anbefale andre å lese – og hvorfor?
– Kristin Berget, og når det blir lyst blir det helt fantastisk. Liker den boka. Noko med setningane og korleis teksten ser ut på sida som eg hugsar og hugsar.
Hvilken bok leser du selv, akkurat nå?
– Grapes of wrath. Men dessverre i ein utdatert norsk omsetning som har teke vekk heile stemninga og atmosfæren. Stemning og atmosfære var det eg leita etter.
Hva skulle du ønske du hadde mer tid til?
– Sjå i kikkert.
Hvis du måtte velge?
Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård
Espresso – Filterkaffe
Musikk – Podkast
Avis på papir – Avis på nett
Kåss til kvelds – Lindmo
Dagens Næringsliv – Klassekampen
Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen
Lese bok – Høre bok
Sakprosa – Skjønnlitteratur
Film på kino – Film hjemme
Ved sjøen – På fjellet
- Yrke: Forfatter
- Utdannelse: Skuespillerfag
- Bosted: Bodø
- Aktuell med: «vandre heim»
- Forlag: Cappelen Damm
- Antall sider: 100