Foto

Foto: Mats Jensaas.

Barnebokdebut om jungelmedisin, klysegutar og venskap

Publisert: 21. september 2022 kl 09.28
Oppdatert: 21. september 2022 kl 09.28

­Tom saknar bestevenen Martin, som ligg halvdaud på sjukehuset. Saman skulle dei vunne den superviktige fotballkampen mot den motbydelege erkefienden Preben og laget hans. Men utan Martin vil dei heilt sikkert tape. Når familien Gnork flyttar frå jungelen til Tom sin kjedelege småby, blir håpet tent. For om Tom gjer familien Gnork ei teneste, skal dei lage ein heidundrande naturmedisin som vil gjere Martin frisk og speleklar til kampen.

I forsøket på å lage medisinen må både krokodillar, kattar og kvalar til pers som prøvekaninar, noko som får uana konsekvensar. Og i skuggane lurer Preben med skumle planar...

Familien Gnork er ei sprø og munter forteljing om venskap, fiendskap, edderkoppjakt og heimelaga medisin med utrulege biverknader. Og ganske mykje fotball.

Boka er rikt illustrert av Line Halsnes. Halsnes er ein prisvinnande illustratør.