– Eg er prestedotter, agnostikar og svært nyfiken. Og no fekk eg altså sjansen til å spørje biskop Kari Veiteberg om alt eg lurte på, seier journalist og forfattar Sigri Sandberg.
Foto
Privat

Håpar folk vil reflektere over eige liv og si eiga tru – eller mangel på tru

Publisert: 26. mai 2021 kl 08.00
Oppdatert: 10. november 2021 kl 18.57

Kvifor har du skreve denne boka?

– Eg er prestedotter, agnostikar og svært nyfiken. Og no fekk eg altså sjansen til å spørje biskop Kari Veiteberg om alt eg lurte på.

– Til dømes om religionen si rolle i ei verd som hanglar – for kva skal vi eigentleg tru? Og kven er ho - kven er hennar Gud? Biskopen fyller elles 60 år i år - og det er like mange år sidan første kvinnelege presten vart ordinert i Noreg. Så timinga er jo ganske god, om eg må få seie det sjølv.

Kva er de viktigaste poenga i boka?

– Alt kan ikkje bli avslørt her, men Veiteberg har friske meiningar, det kan eg love!

– Vi snakka om svært aktuelle politiske saker, om arbeidet som gateprest i Kirkens Bymisjon, om å vere kvinne i kyrkja, om livet etter døden – og om havet.

Kva nye synspunkt eller teoriar presenterast?

– I denne boka får du Kari Veiteberg sine synspunkt. Ho har ein svært variert bagrunn, ho har jobba mange år som prest, i tillegg har ho doktorgrad i teologi, mellomfag i teatervitskap og klovne-erfaring.

– Vi snakka mellom anna om heilag vreide, svak teologi – og kraften i latteren. Ho fortel om fellestrekk mellom teateret og kyrkja - og også om kva ho syns er kyrkja si aller viktigaste rolle i vår urolege tid.

Kva utfordringar møtte du under arbeidet med bokprosjektet?

– Eg møtte motstand først og fremst i meg sjølv. Eg har hatt berøringsangst mot denne tematikken sidan eg lista meg stille ut av kyrkja for mange år sidan. Eg prøvde difor å møte ho med ei opa og undrande, meir enn ei konfronterande haldning - og håpar eg har klart det.

– Elles var det litt utfordringar knytta til korona, sidan alle samtalane gjekk føre seg medan landet var delvis stengt, men det var også ein del av tematikken vår.

Kva vil du oppnå med boka?

– Eg håpar at folk kan bruke desse samtalane og historiene til å reflektere over eige liv og eiga tru (eller mangel på tru).

– Nokon vil heilt sikkert bli provoserte over Veiteberg, medan andre vil smile og atter andre le, og det må vi tole. Målet er at samtalane held fram, i einskildmennesket, mellom folk, i offentlegheita og i ulike typer sjangre. For vi treng å snakke meir om dette, på ein ordentleg og open måte: Kva religion er og kan brukast til – og meir om dette underet som livet og at vi lever faktisk er.

Kva vil du at lesaren skal sitje igjen med etter å ha lest boka?

– Eg håpar lesaren kjenner seg litt klokare - og har blitt betre kjent med den første kvinnelege biskopen i Oslo. Og kanhende også betre kjent med seg sjølv. Slik eg vart.

Kan du nemna éin person du håpar les boka – og kvifor?

– Eg håpar DU som les dette nett NO vil lese boka. Eg trur nemleg ho har noko for deg og alle, uavhengig av kven du er, kva du trur og kor du står i livet. Her finst både håp og undring – og refleksjonar og spørsmål som ein kan ta med seg vidare på eiga ferd.

Finst det ei bok du vil anbefale andre å lesa – og kvifor?

– Åh, det er er så mange. Men om eg berre får nemne ei blir det «Eg får aldri sjå verda igjen» av Ahmet Altan, som vart fengsla i Tyrkia under Erdogan.

– Han skriv konkret og abstrakt om eigen situasjon, og viser på ein genial måte fram tanken og språket si sprengkraft. Boka kom for nokre år sidan, men eg er framleis så matt - og imponert av den teksten. Og no er han heldigvis ute av fengsel - og kan skrive meir.

Kva forfattar har betydd mykje for deg – og kvifor?

– Det er fleire, spesielt dei unge norske kvinnene eg vart kjent med på slutten av førre tusenår: Beate Grimsrud, Hanne Ørstavik, Trude Marstein og Kristine Næss. Dei utvida forståinga mi av kva språk og litteratur kan vere - og gjere.

Kva er det viktigaste du har lært under koronapandemien?

– Kan hende dette at menneska og samfunnet har handlekraft – og evne til å hive seg rundt når det gjeld. Eg håpar vi kan ta med oss den kompetansen til fleire av dei krisene som vi veit ventar rundt neste hjørne.

Om du måtte velge?
 

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Skavlan – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høyre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film heime

Ved sjøen – På fjellet

 

Sigri Sandberg (45)
søn 20.02.2022 23:47
  • Yrke: Journalist og forfatter
  • Utdanning: Journalisthøgskolen i Oslo og eit nesten fullført hovudfag i nordisk språk og litteratur
  • Bustad: Oslo/Luster
  • Aktuell med: «– Eg hadde ikkje orka Gud utan Jesus. Seks samtalar og eit isbad med biskop Kari Veiteberg»
  • Forlag: Samlaget
  • Sidetal: 155