– Eg liker å skrive noveller som står planta i si eiga tid
Kva handlar novellene om?
– Novellene handlar om spennet mellom det perfekte og det noko meir uperfekte som kallast menneskelivet. Dei handlar om korleis menneske søker eit fellesskap, men alltid kan risikere einsemd og isolasjon i den kronglete prosessen.
Er det noko i ditt eiga liv eller i samtida som ga deg ideen om å skrive novellesamlinga?
– Å, yeah, baby. Eg liker å lese bøker som står planta i si eiga tid, og eg liker å skrive noveller som gjør det same. Vi lever i ei merkelig og mørk tid, som gjør det både lett og vanskelig å skrive, det er så mykje å skrive om, men korleis skal ein gjøre det, når alt er så hurtig og omskiftelig?
Kva er det du vil formidla til dine lesarar med novellene?
– Nei, no har eg skrive dei novellene, og det følger ingen manual med dei. Eg har forsøkt å skrive så gode noveller som mulig, så får folk meine alt dei vil om dei, og ta dei i bruk slik dei vil. Det er det vakre med bøker, no hører dei til lesarane, eg kan trekke meg tilbake for å skrive nye noveller.
Når byrja du å skrive på novellene?
– Eg har skrive på desse novellene i tre-fire år, det hardaste og mest intense arbeidet har sjølvsagt vore siste året, men eg hadde ein heil bunke med kladd og skisser og opningar og titlar og utkast og greier som eg har meisla ut dei siste åra. Eg trur også det var to eller tre nokså ferdige noveller som måtte gi tapt, og aldri nådde fram til ferdig bok, kanskje kjem dei sterkare tilbake ein gong.
Kor og kvar skreiv du?
– Eg skriv stort sett på dagtid, som ein vanlig jobb, ni til fire. Eg skriv heime, i mitt svartbeisa funkis rekkehus, når dei andre i familien er ute, eller eg tar 50E-bussen inn til byen, går på kontoret nokså nær Fløibanen i Bergen, drikk kaffi, preiker med dei andre der, og skriv så mykje og så godt eg kan.
Er det noko særskild som kjenneteiknar di måte å jobba på?
– Alle skriv vel på sin måte, ein finn sin bestemte måte som funkar. Men å skrive for meg er å grave, eg må halde på og halde på fram til eg grev meg ned rett stad. Eg gjør det ved å skrive om og om igjen. Kladde, printe, skrive på nytt, kladde, printe på nytt, skrive på nytt, kladde på ny, printe, kladde, skrive, til det blir betre og betre, dårlig deal for skogen, eg veit, men einaste måten eg får til å skrive på.
Vi lever i ei merkelig og mørk tid, som gjør det både lett og vanskelig å skrive
Kor mange bøker les du i året – og kva slags?
– Veit ikkje, det er mange. Men eg er skikkelig yrkesskadd, altså, veldig ofte bare skummar eg gjennom bøker, for å få vite kva det er eller for å lese meg opp på kva andre forfattarar held på med. Dei bøkene som eg les på skikkelig vis, som ein vanlig, oppglødd lesar er ikkje så mange i løpet av eit år, kanskje rundt 20-25 stykk.
Kan du gje oss namn på tre personar du håpar les novellene?
– Dette er ting eg ikkje har tenkt mykje på, altså. Kanskje Jon Fosse, eg kunne ha lyst til å inspirere Jon Fosse til å skrive noveller, han debuterte jo med ei novelle, i StudVest sin novellekonkurranse! Og kanskje Marta Norheim i NRK, dei folka har ikkje meldt mine bøker sidan 2013, sikkert fordi dei trur eg er Salongpoet på P2, men det er eg ikkje lenger! Og Jon Helgheim i FrP, han verkar litt amper og smal i blikket, kanskje verdssynet hans hadde blitt litt utvida ved å lese novellene?
Er det ein bok du vil anbefala KulturPlot sine lesarar?
– Dette er nærmast korrupsjon, men venn og kollega Pedro Carmona-Alvarez har skrive ei særs god diktsamling med tittelen Inventarium. Samlinga ligg på nattbordet mitt, og eg les litt og litt, morgon og kveld.
Fritt val frå øverste hylle, ubunden av tid og geografi: Kva forfattar kunne du tenke deg å ha ein lang og god lunsjprat med?
– Ali Smith. Eg kunne tenke meg å høre meir om korleis ho har jobba med den dritfine årstids-kvartetten sin, korleis det er å skrive så tett på si eiga tid, og så skulle eg ha fortalt ho om den gongen eg for mange år sidan plukka opp debutsamlinga hennar i ein vakker bokhandel i Dublin og gikk på hotellrommet og las alle novellene i ein einaste diger schmell.
Dersom du måtte velje?
Jo Nesbø – Agatha Christie
Twitter – Facebook
Lydbok - Podkast
Avis på papir – Avis på nett
Dagbladet – VG
Dagens Næringsliv – Klassekampen
Ibsen – Hamsun
Papirbok – E-bok
Fagbok – Roman
Netflix – YouTube
Ved sjøen – På fjellet
- Arbeid: Forfattar
- Utdanning: Cand. polit.
- Bostad: Bergen
- Aktuell med boka: «Garasjeland»
- Forlag: Oktober forlag
- Tal på sider: 167