Foto

Heidi Furre

Debutroman om kjønn, identitet og utanforskap

Publisert: 20. april 2023 kl 10.06
Oppdatert: 20. april 2023 kl 10.07

­Kjærasten til Alex har slått opp med ho utan forklaring. Alex blir mobba av dei andre jentene i klassen fordi ho er skeiv, og samstundes må ho førebu seg til den første konserten med bandet sitt.

Når alt ser som mørkast ut, begynner det ein ny gut i bandet. Mika har tjukt, mørkt hår, holete jeans og speler bass som ein gud. I tillegg ser han ut til å vere interessert i Alex. Men kvifor blir Alex interessert i Mika, ho liker jo jenter? Tør Alex i det heile tatt å ta sjansen på å forelske seg att? Gjennom nokre travle veker blir Alex kjend med seg sjølv på nytt, og lærer seg å stå opp for seg sjølv.

Sceneskifte er ein ungdomsroman som på ein truverdig og engasjerande måte tematiserer forelsking, seksualitet og kjønnsroller.

Kari Mathilde Hestad (f.1978) kjem frå Austevoll. Ho er utdanna norsklektor og har fleire års erfaring som journalist og lærar. Sceneskifte er den første boka hennar.